Lars Amund Vaage Skrevet Mars 19, 2021 Del Skrevet Mars 19, 2021 Hei! Eg gav i haust ut ein roman med utgangspunkt i livet til bestefar min, Ragnvald Vaage. Boka heiter "Det uferdige huset". No arbeider eg med bind to om same emnet. Denne boka skal handla om tidrommet 1914-1940. Kor kan eg finna stoff om Ungdomslagsrørsla, t.d. Hordaland Ungdomslag? (RV var tilsett som retiseskrivar) RV heldt mange talar. Kor kan eg ha håp om å finna slike talar? Eg er elles interessert i kva som helst som handlar om han. Mvh Lars Amund Vaage Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Arkivverket - Anita Riise Skrevet Mars 19, 2021 Del Skrevet Mars 19, 2021 Arkivportalen er den nettstaden arkiv, bibliotek og museum prøver å halde mest muleg oppdatert med kva ein har lagra av ulike arkiv. Ved søk på ungdomslag får ein desse treffa: https://www.arkivportalen.no/search?unitType=1000&text=ungdomslag Diverre er der ingen treff på Hordaland Ungdomslag der, men sidan denne organisasjonen framleis fins kan det kanskje vere at dei framleis har sitt eige arkiv? https://hordaland.ungdomslag.no/om-hu/ Men Riksarkivet har fått avlevering frå hovudorganisasjonen Noregs Ungdomslag. Katalogen over det arkivet finn du her: https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-01000000005744?ins=RA (Eventuell bestilling av enkle oppslag via skjema, elles kan du møte på lesesal for å sjå nærare på det). Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå