Gå til innhold
Arkivverket

Tingbøker for ytre Sogn , bok 6 og 9, ca 1770


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Har i eldre papir funne at det skal vera skrive ein del om sager i Fresvik eller Fresvikåsen i Leikanger i tingbok 6 side 33. Det skal vera om grunnskatt. I bok 9 side 70 skal det også stå noko om sager.

Tingbok 6 side 33. Om sager - Grunnskatt.

Bok 9 side 70. Om sager.

 

Tingbok 6, kanskje her?

https://media.digitalarkivet.no/view/28582/34

Er det nemd spesielle sager her og brukarar? Er på jakt etter opplysningar om Bøtuns sag, Flete sag, Høyum sag, Fresvik sag. Alle flaumsager i Fresvikåsen. Evt også ei som vart kalla Splidsaga eller Kochesaga.

 

Bok 9

https://media.digitalarkivet.no/view/28585/46

 

Her finn eg berre 45 sider, så truleg kan notatane mine vera feil.

Einaste måten å fiinna ut noko i denne boka er vel å gå gjennom side for side?

 

Takksam for hjelp

Anne Marie B Øyri

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Har i eldre papir funne at det skal vera skrive ein del om sager i Fresvik eller Fresvikåsen i Leikanger i tingbok 6 side 33. Det skal vera om grunnskatt. I bok 9 side 70 skal det også stå noko om sager.

Tingbok 6 side 33. Om sager - Grunnskatt.

Det meste av side 33a (framsida av fol. 33) er frå tinget i Vik skipreide.

Tinget i Tjugum skipreide byrjar nedst på sida. Det er vel kanskje der du er?

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Skipreider_i_Sogn_og_Fjordane

Tingreferatet går over 11 sider. Den første saka (frå øvst s. 33b) er ei legermålssak, og det ser ut til at forhøyret fyller heile denne sida.

Trur du må lese resten sjølv...

 

På 26.3.2021 den 9.18, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Einaste måten å fiinna ut noko i denne boka er vel å gå gjennom side for side?

ja...  - men du kan avgrense mykje om du veit kva skipreide du er i.

Tingboka er ordna kronologisk etter tingsamlingane, og du kan hoppe over alle dei andre skipreidene.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takkar! Ja eg fann også ut at det første måtte vera om legermål, men då skal eg prøva meg på dei neste 11 sidene. Skulle vore fødd for 100 år sidan, så hadde det vore lettare!!

 

Vil tru det er Tjugum skipsreide eg må leita etter. 

I papira eg fann er det henvist både til tingbøker og pantebøker. Der står det bok 9 side 70, eg rekna med at det var tingbok 9, men kan også vera ei pantebok. Får fortsetja å leita.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.