Gå til innhold
Arkivverket

Andreas Johannesen og Sofie Johannesdatter


Reidar Olav Meling
 Del

Recommended Posts

Eg har hatt ein tidlegare tråd om eit nærliggande emne. Johan Andreas Johannesen blei altså fødd på garden Spjeld i Fjell prestegjeld 23.sept. 1848, døypt 1.oktober same år. Etter kvart forsvinn namnet Johan, så han vert i vaksen alder stort sett kalla Andreas Johannesen. Me får diverse opplysningar om han, delvis fra folketeljingar. Han giftar seg i Bergen i 1899 med Sofie Johannesdtr. frå "Sulen". Ved folketeljinga i 1910 er Andreas Spjeld å finna busett i Allehelgensgt. 3, same adresse som Arbeidsanstalten i Bergen. I melding frå Arbeidsanstalten i juni/juli 1912 kjem det fram at "skilt forhenværende pukkstensarbeider" Andreas Johannesen frå Fjell er død. I denne meldinga meiner eg og å finna at dødsårsaka var "Cancer ventriculi". Kvifor var han på Arbeidsanstalten? Hadde han utført eit brotsverk, eller var han på anstalten fordi han var fattig, sjuk og pleietrengande, eller begge deler?

I tillegg finn eg ein Andreas Johanesen, fødd i Fjell i 1849, blant "tvangsarbeidere" i Bergen i perioden 3.nov. 1879 - 3.feb. 1880, han har tydelegvis fått ei straff på 3 mndr. for eit eller anna brotsverk. Det er vel grunn til å tru at denne Andreas Johanesen er identisk med den Andreas Johannesen som dør på Arbeidsanstalten i juni 1912, men er det sikkert?

 

På kva måte er opplysningar om "tvangsarbeidere" og frå Arbeidsanstalten i Bergen tilgjengelege på nettet?

 

Eg har prøvd å finna att Sofie Johannesdtr. men utan å lukkast. I kyrkjebøkene frå 1899 er fødselsåret hennar oppgitt som både 1848 og 1858. Eg har teke for gitt at Andreas og Sofie ikkje fekk barn. Men kor kom ho eigentleg frå, og kor blei det av henne?

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåpen til Sofie 

 

Nummer 30

 

Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Vilnes, Hyllestad, Øn i Askvoll, Ministerialbok nr. A 11 I (1845-1864), Fødte og døpte 1852, Side 77
Permanent bilde-ID: kb20070301710225
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070301710225
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070301710225.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Rart at ikke eg såg noko av dette. Ho var altså fødd i 1852, gift med Thomas Snekkevig i 1886. I samband med giftermåleti i 1899 med Andreas er det jo oppgitt andre fødselsår for Sofie. Men då står det at hennar første mann var død i 1890. Men Thomas lever jo ved ft i 1891. Så når døde han? Og korleis går det med Sofie etter 1899? Men Sofie var altså 47 år i 1899, då kan me vel ta for gitt at Sofie og Andreas ikkje fekk barn.

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Så når døde han?

Nummer 33

 

Bergen fylke, Årstad i Årstad, Ministerialbok nr. B 1 (1886-1901), Døde og begravede 1896, Side 187
Permanent bilde-ID: kb20050812020195
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050812020195
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050812020195.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for dette! Men det er merkeleg kor lemfeldige opplysningane i kyrkjebøkene og er, her framgår det at Thomas døde 28.des. 1896, men at han blei gravlagt og jordfesta 2.januar same året! Og her er Thomas fødd i 1852, tidlegare har me funne andre fødselsår på han.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved ft i 1910 finn eg ei Sofie Johannesdatter i Bergen, fødd i august 1852, ho er enkje. Ho er fødd i Standal, Florø. Men kan dette vera "vår" Sofie. Ho skulle jo ikke vera enkje i 1910, og fødselsdatoen stemmer vel heller ikkje. Men når var vår Sofie eigentleg fødd, var ho fødd i desember i 1851, men døypt utpå våren i -52? Kva står det eigentleg i kyrkjeboka?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er dette vår Sofie, så må ho vera gift for 3. gong. Det er sjølsagt mogleg. Men her er ho fødd i 1855, det er jo ganske stort avvik frå det me veit frå før. Utanom etternamn, så står det her at pårørande er "Bødker", det må vel vera bøkker, dvs tønnebøkker? (Men kva med personen Sofie Johannesen i ft for Bergen 1910?)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Er dette vår Sofie, så må ho vera gift for 3. gong.

Nummer 16 

 

Sofie med oppgitt fødselsår 1862

 

Hordaland fylke, Laksevåg i Laksevåg, Askøy, Ministerialbok nr. A 1 (1903-1917), Viede 1913, Side 215
Permanent bilde-ID: kb10041108291218
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10041108291218
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb10041108291218.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, liten tvil, bortsett frå fødselsåret, så stemmer jo alt det andre, Sofie Johannesen, "stenpukkerenke", fødd i Sulen (er Sulen det same som Solund?). Denne mannen hennar er fødd i 1841, dei var begge godt vaksne! Men då må det vera vår Sofie som dør i 1918.

 

Men kva liv er det Andreas Johannesen frå Spjeld i Fjell eigentleg har levd? Svært mykje tyder no på at denne Andreas er far til Sivert Martin Borge, som har vore nemnd i den førre tråden min. Det spesielle i denne samanhengen er at sistnemnde blei gift i Austevoll 18.juni 1912, 8 dager før Andreas Johannesen døde på Arbeidsanstalten i Bergen. Sivert Martin fekk mange barn, og svært mange barnebarn. Dei fleste av barnebarna lever framleis. Det ser ikkje ut til at dei har visst noko om dette. Barna til Sivert Martin har heller ikkje snakka om dette, truleg har dei ikkje visst noko. Sivert Martin døde i 1963, snakka visstnok aldri om sin far. Men kva visste han?

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.