Gå til innhold
Arkivverket

Flo-kvinne drepen i Kina


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Rasmus Rasmussen Flo vart fødd på Larsgarden, Øvre Flo i Oppstryn den 17 sep. 1836. Foreldre var Rasmus Rasmussen Flo og Kari Jakobsdatter Vinde  https://www.digitalarkivet.no/kb10081106230026

 

Han gifta seg 24 sep. 1863 i Kristiansand med Laurine Elisabet Levorsen, født 1838.  https://www.digitalarkivet.no/kb20060105010869

 

I bygdebok for Stryn s. 181  står det at dottera hans vart drepa i Kina.

 https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2012032024015?page=425

 

Eg har funne at Rasmus hadde i alle fall 5 døtre :

  1. Christiane, f. 4. februar 1864  https://www.digitalarkivet.no/kb20060105020843
  2. Caroline, f. 6. juni 1866  https://www.digitalarkivet.no/kb20060105020876
  3. Josefine, f. 4 november 1871  https://www.digitalarkivet.no/kb20070108660073
  4. Marie, f. 10. desember 1877  https://www.digitalarkivet.no/kb20070108660163
  5. Laurine, f. 5. juli 1880  https://www.digitalarkivet.no/kb20060105010008

 

Eg veit ikkje kvar Jakob Aaland har dette frå. Eg har søkt på nettet utan å finne ut kven av døtrene det var, og korleis og når dette hende, men har ikkje funne noko. Det er vel sannsynleg at ho var einsleg kvinneleg misjonær, for elles hadde ho vel ikkje vore i Kina rundt 1900. Ho kan også ha vore gift. Men eg har ikkje funne at norske kvinnelege misjonærar vart drepne under opphald i Kina. 

Det kan vel også ha vore norske kvinner gifte med amerikanske misjonærar, evt. norskamerikanarar i Kina på den tida, men dette kjenner eg ikkje til.

 

Slik eg kjenner bygdebøkene til Jakob Aaland, så tok han ikkje ting ut av lause lufta, så einkvan staden må det finnast noko om dette.

 

Er det nokon som kan hjelpe meg å finne ut av det?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

49 minutter siden, HelgeHånes skrev:

Men eg har ikkje funne at norske kvinnelege misjonærar vart drepne under opphald i Kina. 

 

En annen Rasmusen (Kamilla) fra Kristiansand ble drept som misjonær i Kina 1904:

https://www.nb.no/items/147c7d82a96f37b1ce6b146233c4eacd?page=1&searchText=«Myrdet i Kina»~2

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002516463
 

Men med mindre det er snakk om en forveksling i bygdeboken så er det jo ikke denne du leter etter.

Endret av Carl Nilsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

59 minutes ago, Carl Nilsen said:

En annen Rasmusen (Kamilla) fra Kristiansand ble drept som misjonær i Kina 1904:

https://www.nb.no/items/147c7d82a96f37b1ce6b146233c4eacd?page=1&searchText=«Myrdet i Kina»~2

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002516463
 

Men med mindre det er snakk om en forveksling i bygdeboken så er det jo ikke denne du leter etter.

Kamilla Rasmussen som ble meldt drept i juli/august 1900 ble likevel ikke drept ifølge et oppslag i september samme år

https://www.nb.no/items/e6ff6083a6d92fa94ad94e8defb1ea4e?page=1&searchText=Rasmussen

 

Men hun døde altså av tyfoidfeber i Kina i 1904 i følge kirkeboken

Endret av Matthias Kolberg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

27 minutter siden, Bjarne Rosenstrøm skrev:

Søndmørsposten 17. januar 1914: https://www.nb.no/search?q="frk. rasmussen kina"~7&mediatype=aviser&sort=dateasc&fromDate=19140101&toDate=19141231

 

En misjonær frk. Rasmussen fra Kina

 

 

Screenshot_2021-03-31 Søndmørsposten.png

Karoline Rasmussen iflg denne?

https://www.nb.no/items/08da58f35a15a4d4f2f340bfd2e458b2?page=2&searchText=«Rasmussen kina»~2

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for gode innspel og lenkjer. Eg forstår det slik at Teodor og Elisabet Rasmussen i Kristiansand hadde 3 døtre som reiste ut som misjonærar til Kina. I tillegg reiste dei to hushjelpene deira, Anna Jakobsen og Sofie Reuter også til Kina for China Inland Mission i England. 

Ho som ein trudde hadde blitt drepen i Boxeropprøret i 1900, men som unngikk myrderia i Henchow fordi ho vart hefta på vegen dit var Kamilla Rasmussen, f. 1876. Ho døde av tyfoidfeber i provinsen Shansi 29. juli 1904.

Den frk. Rasmussen som er nemnd som "misjonærinde" i Kina i oppslaget i Sunnmørsposte i 1914, må vere ei av dei andre to som også reiste frå familien Rasmussen i Kristiansand.

 

Jakob Aaland må ha forveksla to Rasmussen-døtrene når han skriv at ei av døtrene til Rasmus Rasmussen Flo vart drepen i Kina. Karoline Rasmusdatter Flo, dotter til Rasmus Rasmussen Flo, vart fødd i 1866, men reiste aldri ut som misjonær til Kina. Kamilla Rasmussen, dotter til grosserar Thorvald Rasmussen, vart fødd i 1876, og ho vart rapportert som drepen i Kina under boksaropprøret, men kom unna og døde av tyfoidfeber i 1904.

 

Endret av HelgeHånes
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Karoline Rasmussen,  som reiser til Minneapolis i Amerika 18. februar 1914, er nok den same som er nemnd i Sunnmørsposten 17. januar 1914. Det kan tyde på at ho var støtta i sitt arbeid frå norskamerikanarar. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her her ankomsten hennes: Yrke: Nurse 

 

Name: Karoline Rasmussen
Arrival Date: 4 Mar 1914
Birth Date: abt 1879
Last Permanent Address: Norway
Other Last Permanent Address: Storfjorden
Age: 35
Gender: Female
Ethnicity/ Nationality: Scandinavian
Port of Departure: Christiania
Port of Arrival: New York, New York, USA
Ship Name: Hellig Olav

 

dar.thumb.JPG.165102398e1c7c803e7df501a43c4cf3.JPG

 

til.thumb.JPG.c663c48e894da66c57c56b6ef4a8d9fc.JPG

 

Hun har vært i Amerika i perioden 1890 til 1913 tidligere.

 

Inneisen er stemplet som non immigrant.

 

Ancestry.com - New York, U.S., Arriving Passenger and Crew Lists (including Castle Garden and Ellis Island), 1820-1957

 

Endret av Oddgeir Fossli
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den Karoline Rasmussen som det er snakk om her, som reiser til Minneapolis i februar 1914 og som har vore i Amerika fleire gonger i perioden 1890 - 1913, har ein Rasmus Rasmussen Bjerke i Ålesund som far, så dette må vere ei anna Karoline. I 1890 var ho berre 12 år, så om ho var "over there" allereie då, må ho truleg ha vore der saman med foreldra sine. Ho kunne nok ikkje reise åleine før ho var myndig, så då snakkar vi om etter 1900 eller rundt 1900.

Det ser ut som denne frk. Rasmussen også var misjonær i Kina, og det er vel ikkje så umulig at ho hadde støtte frå norsk-amerikanske krinsar i Midt-Vesten.

Såvidt eg kan sjå, hadde ikkje Thorvald og Elisabet Rasmussen i Kristiansand noko dotter med namnet Karoline, så ho som reiser til Minneapolis i 1914 er ikkje ei av døtrene deira. Ho er nok frå Ålesund eller området der omkring.

Rasmus Rasmussen Flo i Kristiansand hadde ei dotter med namnet Karoline, men ho var fødd i 1866, så det kan heller ikkje vere henne det er snakk om.

Endret av HelgeHånes
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men hun var nok både misjonær og nurse, her ankomst i USA  fra Shanghai:

 

Ancestry.com - California, U.S., Arriving Passenger and Crew Lists, 1882-1959

 

 

Name: Caroline Rasmussen
Gender: Female
Birth Date: abt 1880
Birth Place: Oalesumte, Norway
Age: 33
Arrival Date: 19 May 1913
Port of Arrival: San Francisco, California
Ship Name: Korea
Port of Departure: Shanghai, China
Destination: Minneapolis, Minnesota, USA
Last Residence: China
Accompanied by: O
Friend's Name:

O Rood

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

FT 1891:

014 Karoline Augusta Flo - 0046 Stenkjældergaden 3 - 047 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1891 for 1301 Bergen kjøpstad - Digitalarkivet

 

012 Rasmus Rasmussen Flo 02 1851 Stryens Præstegjeld - hp g Kommandersersjand
013 Johndine Oline Flo f Johnsen 02 1859 Bergen - hu g -
014 Karoline Augusta Flo 02 1879 Bergen - d - -
015 Jakob Johan Flo 02 1882 Bergen - s - -
016 Josefine Ragna Flo 02 1884 Bergen - d - -
017 Anna Gjertine Flo 02 1886 Bergen - d - -
018 Ragnvald Justus Flo 02 1888 Bergen - s - -
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for meir informasjon. Rasmus Rasmussen Flo i Kristiansand var eldste bror til Rasmus Rasmussen Flo, fanejunker/sersjant i Bergen. Rasmus d.y. hadde ei dotter Karoline Augusta f. 1879. Ho greier eg å fylgje i folketeljingane 1885, 1891. I ein periode mellom 1891 og 1895 er Karoline og systera Josefine plasserte i forsterheim av Bergen fattigvesen. Karoline er konfirmert i 1894. I 1900 er ho hushjelp i Elvhaug i Fana. I 1901 får ho borgarrett i Bergen for handel. https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000005617  Det er det siste eg har funne om henne. 

Så seier denne Geni-kontoen at ho døde i England den 13. mai 1955. Kvar det kjem frå, veit eg ikkje, men det er svært mulig at det er slik. 

 

Det som ser ut til å vere sikkert er at ho ikkje var sjukepleiar og arbeidde som misjonær i Kina. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.