Gå til innhold
Arkivverket

Andrea «Annie» Aamundsdotter frå Rønnei i Luster (1859-1949) - gift med Mark Adam Wills i Madison, WI - fekk ti born, men kva med «middle names» og dødsdatoane til dei små borni hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Huslyden til Andrea Aamundsdotter frå Rønnei i Luster har vore ei stor utfordring å jobba med.  Dei fleste av desse opplysningane vart samla på 1980-talet, og noko har eg greidd å føya til i ettertid, men eg saknar framleis:

 

* Mellomnamn til mange av borni og nokre av ektemakane deira?

 

* Dødsfalli til fleire av borni som døydde heilt unge - og som truleg er gravlagde attmed foreldri i Madison, WI?

 

Eg vonar at nokon har tankar om korleis me skal greia finna ut noko meir for å fylla so mange som mogeleg av dei attståande hòli.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at eg har gjort ymse rettingar i manuskriptet mitt, er dette no erstatta av eit nytt i Innlegg #3 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

Her er graven til Mark Adam Wills: https://www.findagrave.com/memorial/86587707/mark-adam-wills

Fire av hans barn er oppgitt på samme siden og med navn på deres ektefeller.

 

Og her er hele familien: https://www.familysearch.org/tree/person/details/2HS6-W3B

 

Håper dette er litt til hjelp.

Endret av Dag Arne Danielsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Dag Arne for siste innlegget!

 

Eg ser at opplysningane frå FamilySearch-bidraget om denne huslyden attgjev det meste av huslyden i tråd med slik det gamle manuskriptet mitt såg ut, so eg har ein mistanke om at det rett og slett må vera ei avskrift(?).

 

Eg kan i dag ikkje gjera greie for kjelda mi til desse opplysningane, men eg TRUR eg på 1980-talet var i kontakt med eitt av borni, eller kanskje snarare eitt barneborn, som gav meg det meste attåt kjeldematerialet hjå folkeregisteret i Madison, WI.  Eg hadde òg kontakt med hyggelege Kathy ved Forest Hill cemetery i Madison, WI (no forlengst pensjonert).

 

Men eg hadde den gongen ikkje tilgjenge til alle folketeljingane som sidan er dukka opp, og eg har oppdatert manuskriptet mitt frå Innlegg #1 til følgjande versjon:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Andrea Aamundsdotter {Rønnei}, f. {i Luster} 25.11.1859,

Annie Nelson utvandra til Amerika i 1878 og gifte seg i Dane Co., Wis. 5.9.1883 med Mark Adams Wills, f. i Chicago, Ill. 9.3.1860.  Mark Wills var snikkar («carpenter»), og han og Annie vart buande i Madison, Dane Co., Wis. der Mark d. 2.5.1911.  Annie Wills d. same staden 8.11.1949.  Dei fekk elleve born i lag, men eitt av desse, truleg f. hausten1890 eller våren 1891, d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar:

a. Ruben A.

 

     ##### (middle name? – S?)

 

     Kjend som Ruby Wills, f. i Dane Co., Wis. 23.9.1883, d. i Madison, Wis. 24.11.1908.  Ruby gifte seg i Rockford, Ill. 24.9.1908 med Mollie Alvina Peck, f. i Dane Co., Wis. 22.4.1890.  Ho d. i Madison, Wis. 27.8.1942.  Ruby Wills var arbeidar («laborer»), og han og Molly budde i Madison, Dane Co., Wis. den korte tidi dei fekk vera i lag.  Molly vart attgift to gonger, men vart buande levetidi ut i Madison, Wis.  Ho fekk i alt seks born; av dei var ein son frå første ekteskapet med Ruby Wills.

b. Nancy

 

     ##### (middle name?)

 

     Wills, f. i Dane Co., Wis. 4.8.1884, d. i Madison, Wis. 4.8.1891.

c. Ida M.

 

     ##### (middle name?)

 

     Wills, f. i Dane Co., Wis. 16.10.1885, d. i Madison, Wis.

 

     ##### (exact date of her death? – 1891?)

 

d. Morris Adam Wills, f. i Dane Co., Wis. 24.7.1887, d. i Madison, Wis. 29.4.1962.  Morris gifte seg første gongen i Rockford, Ill. 16.6.1906 med Mary Eliza Eddy.  Ho var f. i Dane Co., Wis. 4.5.1885, men d. i Madison, Wis. alt 5.3.1919.  Morris gifte seg so att i Rockford, Ill. 25.3.1922 med Elizabeth M.

 

     ##### (middle name?)

 

     Powers.  Ho var f. i Jones Co., Ia. 26.5.1903 og d. i Madison, Wis. 13.4.1997, men vart skild frå Morris og sidan attgift. 

 

     ##### (year of their divorce?)

 

     Morris Wills var snikkar («carpenter») og budde levetidi ut i Madison, Dane Co., Wis.  Han fekk seks born, to frå første ekteskapet og fire frå det andre.

e. Sarah

 

     ##### (middle name?)

 

     Wills, f. i Dane Co., Wis. 25.3.1889, f. i Madison, Wis.

 

     ##### (exact date of her death? – 1891!?)

 

f. Mable

 

     ##### (middle name?)

 

     Wills, f. i Dane Co., Wis. 18.5.1892, d. i Detroit, Mich. 17.12.1915.  Mable gifte seg i Dane Co., Wis. 5.2.1914 med Otto Melvin, kjend som Melvin Nelson.  Han var f. i Jefferson Co., Wis. 9.8.1895 og d. i Madison, Wis. 27.7.1967.  Han vart som enkjemann attgift med Anna Wills (1896-1984), ei yngre søster av Mable (sjå nedanfor).  Melvin Nelson var boktrykkjar («printer»), og han og Mable budde i Madison, Dane Co., Wis. den korte dei fekk leva i lag.  Dei fekk ein son i lag.

g. Isabelle

 

     ##### (middle name?)

 

     Wills, f. i Dane Co., Wis. 24.5.1894, d. i Madison, Wis. 11.4.1991.  Isabelle gifte seg i Dane Co., Wis. 10.7.1914 med John J. Karsten.  Han var f. i Sauk Co., Wis. 27.7.1891 og d. i Madison, Wis. 1.2.1970.  John Karsten var ei tid trikkeførar («street car driver»), men vart sidan kommunearbeidar («city worker»).  Han og Isabelle vart buande i Madison, Dane Co., Wis. og fekk fem born i lag.

h. Anna

 

     ##### (middle name?)

 

     Wills, f. i Dane Co., Wis. 12.3.1896, d. i Madison, Wis. 13.12.1984.  Anna gifte seg

 

     ##### (date and place of her marrage? – about 1917!?)

 

     med enkjemannen etter søsteri Mable Wills (1892-1915) (sjå ovanfor), Otto Melvin, kjend som Melvin Nelson.  Han var f. i Jefferson Co., Wis. 9.8.1895 og d. i Madison, Wis. 27.7.1967.  Som me alt har nemnt ovanfor, var Melvin Nelson boktrykkjar («printer»), og han og Anna vart buande levetidi ut i Madison, Dane Co., Wis.  I dette ekteskapet fekk Melvin Nelson tolv born.

i. Sarah

 

     ##### (middle name?)

 

     Wills, f. i Dane Co., Wis. 14.3.1898, d. i Ogden, Utah 30.5.1991.  Sarah gifte seg i Dane Co., Wis. 1.7.1922 med Ellsworth LeRoy Neff.  Han var f. i Rockford, Ill. 6.6.1897 og d. i Dane Co., Wis. 15.10.1945.  Ellsworth Neff var brannmann («fireman»), og han og Sarah budde òg i Madison, Dane Co., Wis.  Dei fekk to born i lag.

j. Nancy

 

     ##### (middle name?)

 

     Wills, f. i Dane Co., Wis. 17.11.1899, d. i Madison, Wis. 19.3.1996.  Nancy gifte seg i Chicago, Ill. 14.5.1918 med George Knoche, f. i Dane Co., Wis. 1.4.1895.  Han d. i Madison, Wis. 11.6.1977.  George Knoche var kolonialhandlar («grocer»), og han og Nancy vart buande i Madison, Dane Co., Wis.  Dei fekk fem born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Det er godt mogeleg at fleire av dei mange borni i denne huslyden ikkje hadde mellomnamn i det heile, men dette har eg ikkje greidd å finna ut av.  Hadde me berrte visst kva for ei kyrkje dei gjekk til for barnedåpane deira...?

 

Det vert ingen enkel oppgåve å finna svar på dei utfordringane som framleis står att, men eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

 

Her her mellomnavn på i allefall noen av barna:

  1. Morris Rueben Wills: https://www.familysearch.org/tree/person/research-help/GSGS-RSQ
  2. Nancy Esther Wilis: https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/48779214:62116
  3. Morris Adam Wills: https://www.familysearch.org/tree/person/research-help/2HS6-W75  https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/697858:2544

Mens dette barnet ser ikke ut til å ha noe mellomnavn:

  1. Ida Will https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db=4750&h=950319&indiv=try&ftm=1

 


 

 

Endret av Dag Arne Danielsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Dag Arne for eit nytt interessant innlegg!

 

Desse mellomnamni er ikkje so godt å halda «beint i munnen».  Eldsteguten Rueben vart til dagleg kalla Ruby, og eg har sett mellombokstav både A og S på han, men eg trur IKKJE han heitte Morris, for det heitte jo neste broren!  Kanskje var Rueben oppkalla etter bestefaren i Luster, Aamund Nilsson Rønnei?

 

Oppdagingi av Nancy Esther var kjempeflott!  Det tyder på at dei fleste borni kanskje likevel hadde mellomnamn, berre me kunne finna barnedåpane...

 

At Morris heitte Morris Adam har me registrert før.  Elles høyrer Ida Will frå Milwaukee, WI ikkje til denne nuslyden.

 

Eg set svært stor pris på at du freister finna desse namni, og eg takkar på ny for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.