Gå til innhold
Arkivverket

Harald Knudsen Grodaas sine barn


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Harald Knudsen Oterdal bygsla i 1723 Grodaas brn. 1 då brukaren, korporal Kristoffer Klemetsen, døde berre 29 år gammal og vart gravfesta den 15. september 1723. Kjelde: https://www.digitalarkivet.no/kb20070503630015 Kona til Kristoffer var ifølgje BB for Hornindal og Eid av Jacob Aaland, Sigrid Jonsdatter Litlestøyl.

Dei hadde ei dotter:

  1. Magdeli, f. ca. 1722, også kjend som Malene Haraldsdatter Grodås, gift med Lars Olson Øvreberg (Stryn), men busett på Bueide i Volda, d. 1794. Då ho vart døypt 21. juni 1722, vart ho innførd i kyrkjeboka med far Christoffer på Grodaas. https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005058230                                                                                                                                      Likevel er ho innført i kyrkjeboka som Haraldsdatter då ho gifte seg.  Vigsel: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001254869                                                                                                             Det har kanhende si rot i at ho vaks opp hos Harald. Mora, ifølgje Jacob Aaland, Sigrid Jonsdatter Litlestøyl, gifte seg i 1767 med Harald Grodaas.                                                                                                                                                                                                   Det har vore spekulert i at det var Anne Olsdatter Kirkhorn som var mor hennar, og at Harald Knutson Grodaas gifte seg med henne då mannen hennar døde . Men det passar dårleg, for Kristoffer Klemetson vart gravfesta 15. september, same dag som Anne Olsdatter Kirkhorn og Harald Knutson Otredal (Grodaas) trulova seg. Noko som forsterkar dette argumentet er at Anne og Harald var nærskylde og trong kongeleg bevilling for giftamålet sitt. Dette tok vel tid å få i orden, så giftarmålet deira var nok planlagt i god tid før 15. september 1723.                            

Harald trulova seg 15. september med Anne Olsdatter Kirkhorn med "kongelig tillatelse at man bor sammen". Dei var altså nærskylde utan at det er sagt kor nærskylde dei var. Dei gifte seg 12. desember 1723. Kjelde:Eid sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1722-1740, s. 13, venstre side, einaste innføring.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620390

Harald og Anne fekk desse borna:

  1. Christopher, døypt 23. juli 1724. Kjelde: Eid sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1722-1740, s. 20, venstre side, innføring nr. 2  https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620397
    Han vart gift først med Lokris Ellingsdatter Sætren og dernest med Lisbeth Michelsdatter Raftevold, ny brukar på Grodås 1 i Hornindal, d. 1775
  2. Anne, døypt 21. januar 1731. Kjelde: Eid sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1722-1740, s. 56, venstre side, venstre kolonne, innf. nr. 3 https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620432  Ho vart gift med Antonius Jonson Osdal, busett på Osdal i Volda, d. 1770.
  3. Ola, f. 1732, gift med Borgny Olsdatter Øvreberg, busett på Nøre Kalvatn, d. 1795 (Har ikkje funne dåpsinnføring for han)
  4. Brite, døypt 8. februar 1733. Kjelde: Eid sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1722-1740, s. 68, venstre side, venstre kolonne, innf. nr. 1 https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620445
    Ho vart gift med Jon Nilsson Vedvik, busett på Vedvik i Eid, d. 1793
  5. Knut, døypt 24. mars 1735. Kjelde: Eid sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1722-1740, s. 80, venstre side, venstre kolonne, innf. nr. 2 https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620456 
    Han vart gift med Anne Ottarsdatter Osdal, busett på Osdal i Volda, d. 1819
  6. Peder, døypt 1. desember 1737. Kjelde: Eid sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1722-1740, s. 94, venstre side, venstre kolonne, siste innføring https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620470
    Han vart gift med Magdalena Olsdatter Kalvatn, busett på Kalvatn, d. 1804
  7. Lars, døypt 14. august 1740. Kjelde:Eid sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1722-1740, s. 107, høgre side, venstre kolonne, innf. nr. 4 https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620484 

 

Anne Olsdatter døde 60 år gammal i 1757 og vart gravfesta 27. november. Kjelde: Eid sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1741-1769, s. 101, venstre side, høgre kolonne, innf. 1  https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620589

 

Harald gifte seg då oppatt 20. mai 1764 med Brite Jensdatter Øvreberg. Kjelde:Eid sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1741-1769, s. 144, høgre side, høgre kolonne, første innføring     https://www.digitalarkivet.no/kb20070503630015 Dei hadde ikkje born. Brite døde i 1765.

 

Tredje gongen gifte han seg 17. mai 1767 med Sigrid Jonsdatter Litlestøl. Kjelde: Eid sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1741-1769, s. 167, høgre side, venstre kolonne, innf. nr. 2    https://www.digitalarkivet.no/kb20070503630038 Sigrid og Harald hadde ikkje born. Ho døde 71 år gammal i 1786 og vart gravlagt 24. november.

 

Harald Knutson Grodaas døde 64 år gammal i 1772 og vart gravlagt 30. februar 1772. Kjelde: Eid sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0003: Ministerialbok nr. A 3, 1770-1805, s. 13, venstre side, høgre kolonne, innf. 6 nedanfrå  https://www.digitalarkivet.no/kb20070503630071

 

Det er skifte etter Harald Grodaas den 3. juni 1772. Arvingar er "den igjenlevende enken Sigrie Joensdatter og de 7 børnene: eldste søn, Christopher Haraldsen, boende paa Grodaas; anden søn, Ole Haraldsen, boende paa Nedre Kaldvaten på Søndmør; tredie søn, Knud Haraldsen, boende paa Ousdalen, Søndmør; fierde søn, Peder Haraldsen, gift på Søndmør paa Søre Kaldvaten, eldste datter Magdelie Haraldsdatter gift med Lars Olsen Bueide, anden datter Anne Haraldsdatter Ousdahlen igjenlevende ene barn, Anne Anthonsdatter, 11 aar; og tredje datter Brithe Haraldsdatter gift med Joen Wedvigen" Yngste sonen Lars, f. 1840, er ikkje med mellom arvingane, og det må tyde at han er død utan arvingar. Det merkelege er at Magdelie, som ikkje er Harald Knudsen Grodaas si dotter, men dottera til tredje kona hans, er rekna som eldste dotter.  Kjelde: Nordfjord sorenskriveri, 04/04a/L0015b: Skifteprotokollar, 1770-1774, s. 724b-725a  https://www.digitalarkivet.no/sk20081201610249

 

Det som er spørsmålet mitt er om Magdelie verkeleg er dotter til Harald Knudsen Grodaas, noko eg har vanskeleg for å tru. Kvifor er ho likevel rekna som Harald si dotter både ved giftarmålet og i skiftet etter Harald?

 

Kan det vere tilfelle at Anne Olsdatter var gift først med Christopher Clemetsen Grodaas, og at Magdelie såleis er dotter hennar, og at Harald Knudsen gifte seg med enkja og såleis vart "far" hennar?

 

Kvar har Aaland det frå at Christopher Clemetsen Grodaas var gift med Sigri Jonsdatter Litlestøl? Og var det på grunn av at ho var mor til Magdelie, som på ein måte hadde blitt Harald si dotter, at han gifte seg for tredje gong med Sigri? 

 

Er det råd å finne noko sikkert om dette, eller må eg berre slå meg til ro med mi eiga synsing?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har notert i min database at Magdeli var datter til Christopher Clemmetsen og Anne Olsdatter. Når Christopher dør gifter Anne seg med Harald Knudsen fra Otterdal. Om Magdeli blir kalt Haraldsdatter vil vel ikke være så rart når hun vokser opp med Harald som stefar. Jeg vil tro at Christopher er den avdøde husbonden til Anne som er nevnt i kongebrevet - uten at jeg har sjekket slektskapsforholdet.

Desverre har jeg ingen vanntette bevis og skulle gjerne sett et skifte etter Christopher, men kan ikke se at et slikt finnes.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du nevner at "Kristoffer Klemetson vart gravfesta 15. september, same dag som Anne Olsdatter Kirkhorn og Harald Knutson Otredal (Grodaas) trulova seg."  Vi vet at det kunne ta lang tid fra en person døde og ble gravlagt til presten kom for å gravfeste vedkommende. Kan hende dette nettopp var en anledning til forlovelse når presten var på besøk i bygda.  Når det er sagt reagerte jeg i sin tid på det samme.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser nok ut til at Jakob Aaland har tatt feil her og at Sigri Jonsdatter ikkje var gift med Christoffer Clemetsen, men med Anne Olsdatter. Sigri var altfor ung til å kunne bli mor i 1722. Men eg har erfaring med at alderen oppgitt ved død i kyrkjebøkene kan variere nokså mykje frå det som er rett. Men presten kan vel ikkje ha bomma med 11-12 år. 

Den kongelege bevillinga gjekk slik på slektskap mellom Harald Knudsen og den forrige mannen til Anne Olsdatter. Men såvidt eg kan sjå, står ikkje namnet hans nemnt i bevillinga. 

Eit anna spørsmål er om Anne Olsdatter er den same som Anne Olsdatter Kirkhorn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg oppdagar dette emnet i dag - og så vidt eg kan sjå, er ikkje tingboka frå 1728 nemnt her som kjelde så langt. Her framgår det at Harald Knutson Otterdal overtok enkja etter Klemet Kristofferson "nokre år før".

 

https://media.digitalarkivet.no/rg20090402630695

 

Så spør eg meg: Kvar kjem opplysninga om Anne Olsdtr Kirkhorn frå? Eg har berre funne henne registrert som Anne Olsdtr, men eg kan ha oversett noko. Alderen kan passe på Ola B Kirkhorn si dotter Anne i skiftet i 1710, men eg har ikkje funne noka kobling vidare.

 

Og eit spørsmål til: Harald si andre kone Brite Jensdtr - kven har ho vore gift med før? Det er to born etter henne i skiftet i 1765. 

 

SAB, Nordfjord sorenskriveri, 04/04a/L0014: Skifteprotokollar, 1762-1766, s. 508b-509a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128670510

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.