Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Prosterettsdom Gudbrandsdal? 1662 - kva for arkiv kan saka finnast i?


Recommended Posts

O. A. Øverland skreiv i Historisk tidsskrift 1884: "Forviklinger paa Oplandene i midten af det 17. Aarhundrede" Her viser han side 284 note 3 til "Provsterettens dom af 9de Juli 1662" i ei sak mot magister og prost på Fron Iver Pederssøn Adolp (1620-1665).

Eg har søkt Arkivportalen og Digitalarkivet etter beste evne, utan å finne kvar denne saka / dommen kan finnast.

På førehand takk for tilvising.

Oops, ser at Ivar Kleiven i Fronsbygdin (1930) side 70 skriv at "bispen sitte 'n magister Iver Pedersson åv frå sokneprestembetet, 23. november 1661, og så vart 'n innstemnt for prosteret ve domkapitlet i Oslo og her gjekk saka med 'om i 2 år".

På førehand takk for tilvising til relevant del av arkivet til Oslo domkapittel.

58 minutter siden, Arnfinn Kjelland skrev:

Oops, ser at Ivar Kleiven i Fronsbygdin (1930) side 70 skriv at "bispen sitte 'n magister Iver Pedersson åv frå sokneprestembetet, 23. november 1661, og så vart 'n innstemnt for prosteret ve domkapitlet i Oslo og her gjekk saka med 'om i 2 år".

På førehand takk for tilvising til relevant del av arkivet til Oslo domkapittel.

Vil anta at du finner den her: https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-02000000170775?ins=SAO

6 minutter siden, Arnfinn Kjelland skrev:

Takk!, men det ser ut til at domsprotokollen for 1662 manglar?

image.thumb.png.3d99586cfaa9effd031b84638cb184c9.png

Det har du rett i. Forfatteren må jo ha fått de opplysningene fra et sted. Er det noen videre referanse i artikkelen? 

Øverland har mange referansar til andre arkivsaker til denne saka, som gjekk til doms i Herredagen 1661. Det gjeld vel dom 20.8.1661, Norske Herredags-Dombøger", fjerde rekke, første bind, side 220.  Han skriv òg i framhald om saka i HT 1886 s. 5 at "Man har i Christianias Kapitels Dombog inntaget Kopi af det Brev ... dateret Frons Præstegard 9de Juni 1661". Saka er og behandla på bygdetinger for Nord-Gudbrandsdal.

Henter opp igjen denne. Øverland refererer altså til "Provsterettens dom av 9de Juli 1662" (note 3 s. 284) der det òg står "Erik Arnesens Vidnesbyrd". På neste side, note 1 med same referanse: "Vidnesbyrd, aflagte af Anders Sørensen, Anders Nilssøn, Christen Christenssøn, Jens Svendssøn og Samule Sachariassøn". Dette verkar jo ikkje som ein dom, men heller som eit referat frå sjølve sakføringa.

Øverland har heller ikkje referanse til domkapitlet, det er det Kleiven (1930) som har.

Prosterett var vel første instans. Kan saka finnast andre stader?

 

 

Endret av Arnfinn Kjelland

Prosteretten skulle vere første instans og konsistorial- og tamperetten ankeinstans. Men det ser ut til at arkivet etter Gudbrandsdalen prosti startar først i 1896.

Forhandlingsprotokollane til Oslo domkapitel kan vere ein aktuell stad å leite. Dei finst iallfall i den aktuelle perioden (Ha4 i arkivet for Den geistlege jurisdiksjon).

Om denne dommen gjaldt presten som embedsmann kan det tenkast at ein finn igjen opplysningane i yngre domsprotokollar(sjølv om Iver Pedersøn er død då).


Så gamle dokument kan også tenkast å kun finnast i privat eige; altså at det offentlege arkivmateriale er mista, medan utskrifter av dom/rettsdokument som i si tid er utlevert til private partar framleis finst. Ei slik utskrift kan også tenkast å innehalde meir enn sjølve dommen. Det kan vere at ei av avskriftssamlingane i Riksarkivet kan også innehalde relevant materiale, men det vil truleg vere noko ressurskrevande å leite etter dette.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.