Gå til innhold
Arkivverket

Prestearkiv og skilsmisse


Kaare Bergmann Lervik
 Del

Recommended Posts

Min tippoldefar, Bengt Bergman f. 25. mars 1806 – d. 7. april 1870, utdanna seg til gull- og sølvsmed i Härnösand i Sverige i tidsrommet 1826 – 1831. Han gifta seg 28. desember 1834 med Anna Ulrika Westerlund. Dei fekk tre barn, 1835, 1837 og 1840.

Så skjer det ei spesiell hending, for 3. april 1842 reiste han frå Härnösand. I svenske dokument står det at han «rymde» frå landet. Dette gjorde han utan å gjere opp for seg. Han vart for eksempel ikkje skild, for vi har ikkje funne skilsmissepapir frå Sverige.

I 1852 giftar han seg med Ingeborg Knudsdatter Hoem, f. 4. mai 1816 – d. 20. april 1898, i Tresfjord kyrkje. På den tida var Otto Theodor Krohg sokneprest i Tresfjord og Vestnes sokn. Ved å lese i kyrkjeboka, kan det sjå ut til at løyvet Bengt fekk for å kunne gifte seg, er oppbevart i Prestearkivet for Vestnes. Dette arkviet er no i Statsarkivet i Trondheim.

Det er mange uløyste spørsmål i samband med denne hendinga, men eit sentralt spørsmål er kven som gav han skildsmisse slik at han fekk gifte seg opp att her i Norge.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ifølge kyrkjeboka for vielse nr 2 var han gift med Ulrika Westerlund, men fraskilt hende formeddelst hendes letferdige Levnedsæt, og skal ved kong. Majestet nåde av 1. oktober 1851 ha fått tillatelse til å inngå nytt ekteskap.

Altså vil truleg tillatelsen vere å finne i svenske arkiv.

Det blir vist til prestearkiv for Vestnes. Men det er vel usikkert om den er bevart der. Du finn katalogen til det arkivet på Arkivportalen:

https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-08000000471104?ins=SAT

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anita Riise

 

Takk for hjelpa! No må eg arbeide vidare for om mogleg å få ein kopi av desse papira. Dette er spennande, og kanskje ein dag vil eg få ferdig slektsboka eg har tankar om å skrive.

 

Kaare Lervik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.