Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Nils Lasseson/Larsson Solheim, f.1859 i Gloppen, skal ha emigrert til USA og i følgje bygdeboka vore skipskontrollør i marinen under 1.verdskrigen - kan han finnast att der borte?


Recommended Posts

Nils er døypt her, i 1859  - 

 

SAB, Gloppen sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0009: Ministerialbok nr. A 9, 1855-1870, s. 23
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305610395

 

Han er tald i Trondheim i 1875 - 

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052359013212

 

- og registrert utflytta frå Gloppen same året. 

 

SAB, Gloppen sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0010: Ministerialbok nr. A 10, 1871-1884, s. 322
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070111330348

 

Som nemnt i overskrifta blir det sagt at han var skipskontrollør i den amerikanske marinen, men vi har ikkje dokumentasjon verken på det eller på noko anna av livet hans etter utflyttinga. Er det nokon som kan hjelpe til med å finne noko?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
3 timer siden, Lars Johannessen skrev:

Han var sjømann, legger inn lenke til sjømannsrulle #3768

https://media.digitalarkivet.no/view/78939/63

Han rømte fra "Søridderen" 12.9.1880

Brukslenke for sidevisning https://www.digitalarkivet.no/ru10611705113063

 

Tusen takk for denne! Ja då har vi forklaringa på at vi ikkje finn emigrasjonen. Men kvar er det han har rømt? Pugn....? Rugn....?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
1 time siden, Lars Johannessen skrev:

Kan det være Pugwash, det er en landsby i Nova Scotia i Canada.

https://en.wikipedia.org/wiki/Pugwash,_Nova_Scotia

Godt framlegg. Det kan sjå ut som skrivaren har vore usikker og, for det er ikkje likt skrive.

 

Her får vi forresten ein sikker fødselsdato; 28.01.1859. Åttetalet var litt utydeleg i kyrkjeboka.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
16 minutter siden, Rune Thorstensen skrev:

For ordens skyld. Det er et sted i Frankrike som heter Pugnac

Takk Rune - eg tykkjer skriftbiletet her passar endå betre, om det er skrive med -k (Pugnack). Ulempen ser ut til å vere at det ikkje er ein havneby.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
7 timer siden, Lars Johannessen skrev:

Han var sjømann, legger inn lenke til sjømannsrulle #3768

https://media.digitalarkivet.no/view/78939/63

Det er noe som er litt "rart" i denne innføringen.

Han mønstrer av Alpha i "Østersøen" uten dato. Deretter mønstrer han på Søridderen i Baltimore...

Finner en Søridderen som forliste den 18/3 1896 under lasting av logwood ved Merida,Yucatan,Mexico.

https://www.sjohistorie.no/no/skip/28629/default

Feil. Her er rett:

https://www.sjohistorie.no/no/skip/28626/

 

 

 

Og dette kom mens eg skreiv 🙂 

11 minutter siden, Carl Nilsen skrev:

 

Men hvordan kom han seg fra Østersjøen til Baltimore 1879/1880...?

Endret av Åsbjørg Susort

Takk for spennande informasjon! Som nemnt i fyrste innlegg finst det informasjon i familien om at han var skipskontrollør i amerikansk marine, men det heng veldig laust i lufta, så det vil vere svært kjærkome å finne litt meir ut av dette. 

Eg må nemne at det ikkje er noko å hente i dødsfallsprotokollen når foreldra døyr i 1894 og 1905; ikkje namn på arvingar.

Kan vi ut frå det som er funne ovanfor, konkludere med at han har reist til denne kanadiske byen Pugwash og hoppa i land der i 1880?

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.