Gå til innhold
Arkivverket

Samund Olsson Ytre-Urke. Kven var han?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Samund Olson Ytre Urke vart fødd i 1780 og døypt 26. desember. Foreldre var Ols Sjurson Norang, frå Sjurgarden, Norang 6 og Kari Samundsdatter Ytre-Urke, frå Samondegarden, Ytre-Urke brn. 2.  Han vart fødd berre vel ein månad etter at foreldra gifte seg. Samund er  oppkalla etter bestefaren, far til Kari. Fadrar var bestefaren Samund Nilsson Urke, f. Hole, Ole Kolbeinson Urke, Jon Sjurson Norang (bror til faren), Brit Samundsdatter Urke (syster til mora) og Olave Sjursdatter Norang (syster til faren). Kjelde: Ministerialbok for Hjørundfjord prestegjeld - Møre og Romsdal, 515/L0206: Ministerialbok nr. 515A02, 1765-1818, s. 163, høgre kolonne.   https://www.digitalarkivet.no/kb20070830620612

 

Ved folketeljinga i 1801 er Samund 21 år, men er ikkje heime. Foreldra Ole og Kari er 49 og 51 år gamle. Ola er nemnd som "husmand uden jord". Heime er  systera Lisbet på 13 år.  Kjelde: RA, Folketelling 1801 for 1522P Hjørundfjord prestegjeld, 1801, s. 112b-113a, Indre-Urke, 3. familie https://www.digitalarkivet.no/ft20090806340115  

 

Samund trulova seg 4. januar 1816 og gifte seg 28. januar 1816 med Anna Nilsdatter Indre-Urke, f. 1788, frå Nilsagarden, Indre-Urke 1.  Samund var soldat då han gifte seg. Forlovarar var sersjant Elias Frantsen Sæbønes og Nils Knutsen Urke. Kjelde: Ministerialbok for Hjørundfjord prestegjeld - Møre og Romsdal, 515/L0206: Ministerialbok nr. 515A02, 1765-1818, s. 438  https://www.digitalarkivet.no/kb20070830640029

 

Så langt er alt greitt. Men så finn eg i Hjørundfjordboka, band III, side 357 under Sjurgarden, Norang 6 at Samund kom frå Ytre-Urke brn. 3 (Ramogarden), noko som umulig kan stemme. For den einaste Ola som kunne ha vore far til Samund, Ola Jensson Leira, hadde ingen son med namnet Samund. 

Derimot er det samband med Samondegarden, Ytre-Urke brn. 2. Mor til Samund, Kari Samundsdatter Ytre-Urke var frå den garden, men det var systera Brit, som tok over bruket saman med mannen Ola Kolbeinson f. Aklestad. Han gifte seg seinare med tanta Olave, syster til Samund sin far Ola Sjurson Norang, og  føremannen på Sjurgarden, Norang, onkelen Jon Sjurson Norang,

 

Som sagt var det syster til Samund si mor, Brite Samundsdatter, som overtok Samundegarden på Ytre-Urke, og Kari og mannen Ola Sjurson, vart plassefolk på Indre-Urke, ifylgje Hjørundfjordboka, band III s. 356. Den einaste husmannsplassen på Indre-Urke var Tostenneset, og i Hjørundfjordboka, band III, s. 179 er Ola Sjurson Norang og Kari Samundsdatter Ytre-Urke plasserte der. 

 

Sitat frå Hjørundfjordboka: "Ola Sjurson og Kari Samundsdatter er av dei heller få såkalla "tenande" ektepar vi veit om i Hjørundfjord. Til 1785 tente dei på Norang, og på Standal til ca. 1795. 

Ola og Kari fekk 6 born: 

  1. Samund, f. 1780, bleiv 1846. Tente alt som smågut i Haram, der han vart konfirmert, seinare på Vigra, der han vart gift første gong i 1807 med Dorte Olsdatter Synes og andre gong 1823 med Sisilie Petrine Larsdatter Hatløy. 1 dotter.
  2. Gjertrud, f. 1783, gift 1830 med Anders A. Hustad, busett på Ytre Sæbønes
  3. Sjur, f. 1787, truleg død tidleg
  4. Elisabet (Lisbet), f. 1788, 13 år ved folketeljinga i 1801, gift med Elias Frantsson Sæbønes
  5. Helge, f. 1791, truleg død tidleg
  6. Brit, f. 1792, truleg død tidleg

 

Her får vi ei heilt anna historie presentert, nemleg at Samund flytte til Haram. Eg har prøvt å røkje etter om dei opplysningane som er nemnde ovanfor stemmer, men finn ikkje fullgode bevis for det som står. 

 

Eg finn ein Samund Olsen Standal konfirmert på Synnes i 1797.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660457   Dette kan vere tilfelle, då foreldra til Samund tente på Standal i tida før 1795, og bustadnamnet ofte vart det etternamnet som vart brukt seinare. Samund hadde ein onkel, Knut Sjurson Norang, som var busett på Synes i 1801, og det er ikkje utenkjeleg at Samund kan ha budd hos han ei tid.

 

Kanskje er det han som er soldat på Synnes, Vigra ved folketeljinga i 1801. Han er då sagt å vere 25 år gammal, men det kan vere feil. Han er sagt å vere "af søelegden". Det skal visstnok ha vore den plikta gardar av ein viss storleik hadde til å utruste soldatar. Kjelde: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058420001415 Det er fastslått at Samund var soldat då han gifte seg i 1816.

 

Så langt kan opplysningane stemme, men resten er heller tvilsomt:

 

Ein Samund Olsson er gift 1807 med enkja Dorthe Olsdtr. Syndnes  https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660466   

Ein Samund Olsson Synnes f. 11/9 1774 gift 1823 med Cicilie Petrine Larsdatter Hatløy. https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660480  

Eg finn ingen Samund i listene over døde i Haram i 1846, men den 14. august 1845 døyr ein Samund Johannesson Langved. https://www.digitalarkivet.no/kb20070903670385

 

Men ingen av desse opplysningane er for meg fullgode bevis for at Samund Olson Ytre-Urke/Norang enda på Vigra. 

 

Derimot finn eg at Samund døde på Norang den 22. juni 1850 og vart gravlagt 25. juni. Kjelde: Ministerialbok for Hjørundfjord prestegjeld - Møre og Romsdal, 515/L0209: Ministerialbok nr. 515A05, 1847-1868, s. 240, innf. nr. 19. https://www.digitalarkivet.no/kb20050727041131

 

Spørsmålet er då: Var Samund Olson Norang son til Ola Sjurson Norang og Kari Samundsdatter f. Ytre-Urke og enda opp som brukar på Sjurgarden i 1822 eller om han enda sine dagar i Haram. Personleg heller eg til å tru at det som står i Hjørunfjordboka s. 179 er fri fantasi og at Samund og kona Anne Nilsdatter enda opp som gardbrukarar på Sjurgarden, Norang 6. Kan nokon stadfeste dette, eller tek eg feil?

 

Endret av HelgeHånes
Skreiv inn feil årstal, og utelet noko stoff
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er mange spørsmål her å gripe fatt i her... - og det er ikkje sikkert at det er mogeleg å finne sikre svar på alle. 

Det er neppe fri fantasi nokon stad - men det kan vere samanblanding og mistak; og forfattaren kan ha funne ut ting mellom 3. band (Norang) og 5. band (Standal).

Samund var eit nokså vanleg namn på Sunnmøre, og Ole var namn på om lag kvar sjette eller sjuande mann - altså kan det godt ha vore fleire Samund Olssøner.

 

Du har ein del opplysningar. Utfordringa er å knyte dei saman.

 

Samund Olsson, død på Norang som kårmann 1850, 70 år.    Han må ha vore gardbrukar (elles ville han ikkje vore kårmann); mest truleg på Norand - men det treng ikkje vere der.  Alderen kan vere rett eller unøyaktig. Innførsla seier ikkje noko om kvar han var fødd.

Om vi med ei viss varsemd brukar Hjørundfjordsoga (som du ikkje trur heilt på), kan vi lese at han var brukar der 1822-1844, og at sonen Nils tok over i 1844.

Samund skal ha kjøpt bruket (eller ein del av det) i 1822 av Jon Sjurson. Dette bør ein kunne finne i panteregisteret og panteboka, om ein vil ha det stadfesta. Der har kanskje Samund eit etternamn også.

Bygdeboka nemner også eit mogeleg slektskap med Jon. I så fall er det snakk om odelsrett (kanskje ikkje den næraste, men likevel), og kan vere nemnt i skøytet.

 

Samund Olsson, gift til Synnes 1807, og oppattgift der 1823, må ha etterlate seg spor i kjeldene. I det minste må han ha bygsla eit bruk - og nokon må ha teke over bruket der også.  Om han kom bort på sjøen, er det ikkje sikkert at han er innført i kyrkjeboka. Men uansett, skal du finne døde frå Synes, må du leite i Roald/Vigra sokn

https://media.digitalarkivet.no/kb/contents/2265 .

Det kan sjå ut til at dette må ha vore ein annan enn Samund på Norang.

 

At Samund gift 1816 var "soldat" treng ikkje seie meir enn at han var utskriven til verneplikt. Det var det mange som var rett etter krigen.  At Samund Olsson, tenar på Moldnes i 1801 var "af søelegdene" fortel først og fremst at han ikkje var frå Hjørundfjorden. Då ville han vore frå landlegdene - altså utskriven til hæren.  Gutar frå dei ytre prestegjelda vart utskrivne til marinen/sjøforsvaret.

 

Jamvel om det fanst ein Samund Olsson med opphav på eller nær Vigra, kan det likevel ha vore Samund Olsson frå Hjørundfjorden som er busett på Synnes og konfirmert i 1797.  Hugs på at Synes var meir ein landsby enn ein gard (1801: 12 bønder, 4 husmenn, 91 menneske; ingen Samund).

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skiftet etter Gjertrud Olsdtr. Myren/Sæbønes i 1867 nemner som arvingar brorborna  Niels S. Nordang, Johannes S. Viddal, Oline S. Nordang og Johanne S. Myren:   https://www.digitalarkivet.no/sk20090128630973

Desse høver med borna nemnde i skiftet etter Anne Nielsdtr. Nordang i 1841: https://www.digitalarkivet.no/sk20090128630075

 

Skiftet etter Samund Olsen Synnes nemner enka Cecilia Larsdtr. og dottera Andrine Samundsdtr.: https://www.digitalarkivet.no/sk20090129610918

Ved giftermålet i 1823 mellom Samund Olsen og Cecilie Larsdtr. står datoen 11/9 1774 nemnt: https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660480

Ole Amundsen Giskeødegård sin son Samund vart døypt nettopp 11/9 1774: https://www.digitalarkivet.no/kb20070903610248

Dette viser vel at  Samund Olsen Synnes var frå Giskeødegård.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Samund kjøpte parten i Nordang frå Jon Sjurson i 1822; kårkontrakt og skøyte her:
 

SAT, Søre Sunnmøre sorenskriveri, 2/2C/L0001: Pantebok nr. A, 1747-1823, s. 461
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl10040903200464

Fotograferinga er svak, men eg les skøytet sånn at Jon

"... sælger herved til min Brodersøn Samund Olsen Urke...."

 

10 timer siden, HelgeHånes skrev:

Spørsmålet er då: Var Samund Olson Norang son til Ola Sjurson Norang og Kari Samundsdatter f. Ytre-Urke og enda opp som brukar på Sjurgarden i 1822 eller om han enda sine dagar i Haram.

 

Då kan vi allfall slå fast at Samund Olsson Norang, brukar på Sjurgarden frå 1822, var son til Ola Sjurson Norang og brorson til Jon Sjurson Norang,

og at han vart kalla med etternamn Urke då han kjøpte bruket.

Og vi kan slå fast at han som gifte seg til Synes i 1807, oppattgift der 1823, var ein annan Samund Olsson.

 

Litt avhengig av kor sikre prov ein ønskjer seg, er det nærliggande å rekne med at

- det er Kari Samundsdotter Urke som er mor til Samund Urke/Norang, og at Ola og Kari budde på dei stadane som er nemnde.

- han var ei tid i teneste på Synes, og vart konfirmert der i 1797.

 

Du må kanskje leite litt meir etter Samund, t.d. i FT1801 og kanskje i militærrullane.
Skiftet etter kona Anna (1841) kan sikkert vere interessant lesnad.

Samund sjølv hadde kanskje fordelt det meste av arven før han gjekk bort (70 år var ein høg alder i 1850), så det finst kanskje ikkje noko offentleg skifte.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for god hjelp!!! Då har eg fått svar på det meste av det eg lurte på og skal sjå vidare for å finne ut kvar Samund heldt seg i 1801. Militærrullane har eg ikkje søkt i, så det er sikkert også ein stad det er råd å finne opplysningar. ☺️

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.