Gå til innhold
Arkivverket

Gårder, Bruk og Plass - bruker og bygsel


KirstenOsa
 Del

Recommended Posts

I Bygdebøkene snakkers det om Gårder som har Bruk og disse Brukene har Plasser.  Jeg prøver å finne ut hva det tilsvarende er på Engelsk.  Er det bare slik at gården ble delt, slik at det ble Bruk (also en mindre gård)?  Og så ble kanskje et Bruk delt i flere plasser? Er det snakk om størrelser her? Er en Plass det samme som 'croft'?

 

Det står også at en person fikk bygsel på gården.  Er det de samme som bruker?  Og betyr det at han var husmann med gjord? Dvs han leide gården? 

 

Kan noen forklare hvordan dette virket?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du spør vel eigentleg om to ting:

- korleis var systemet i Noreg?

- koleis omset ein dei aktuelle glosane til engelsk?

For begge språka må vi til ei viss grad skilje mellom det teoretisk/juridiske, og det folk oppfattar (kall det "sosiale", om du vil).

 

Omsetjing til engelsk er ei stor utfordring. Jamvel om du kanskje finn at ordet X1 på engelsk svarar om lag til Y1 på norsk;

så er det ikkje sikkert at den jamne engelsk-brukaren forstår kva X1 tyder.

Endå værre: ordet X1 kan ha ulike tydingar i ulike lovområde med engelsk språk: England og Skottland har ulike lovverk; og ulik språkbruk; så

har vi Irland, Kanada, og USA med mange delstatar med ulike lover.

 

Teorien på norsk er:

Ein "gard" er ei eining som er innført i matrikkelen med gardsnummer og namn. Mange gardar kan førast langt til bake i tid, og finst i

dei eldste (kjende) matriklane frå 1600-talet (ca. 1626 eller 1660); andre er innførte i historisk tid (dvs. at vi veit kva tid dei vart oppretta

som gard).

Ein gard er delt opp i bruk eller driftseiningar. (Det finst gardar med berre eitt bruk). I matrikkelen er dei nummererte med bruksnummer (frå 1 og oppover).

Bruk vart innført med matrikkelen i 1838 (nummererte med løpenummer, som byrja med 1 innafor eit prestegjeld)

Før 1838 var gardar delte i brukseiningar, men denne inndelinga var ikkje med i matrikkelen (måtte definerast kvar gong ein eigedomsrett

eller bruksrett vart overført til ny eigar eller brukar).

 

Ein "brukar" er den som driv bruket/driftseininga. Han kan vere "sjølveigar", eller ha "bygsel". Begge er kalla "bonde" e.likn.

"Bygsel" vil seie at brukaren leiger eit bruk av eigaren. Ordet vert nytta både om avtalen, om tilhøvet og om leigesummen.

Det skal vere ei tinglyst kontrakt. Ein brukar som har bygsel vert kalla "bygselmann" eller "leilending".

 

Ein "plass"/"husmannsplass" er ei (vanlegvis mindre) driftseining som ikkje er innført i matrikkelen (det er definisjonen).

Brukaren er "husmann med jord", også kalla "plassemann".

Plassen høyrer normalt til eitt bruk, og husmannen/plassemannen har avtale med brukaren ("bonden") der.  Og bonden kan

godt vere bygselmann.

Plassen kan også høyre til fleire bruk, der brukarane i fellesskap er avtalepartnar. 

 

Korleis dette arta seg sosialt varierte mykje; på austlandet kunne bonden vere "storbonde" med mange husmenn og stor

sosial skilnad. På vestlandet kunne ein plassemann vere ein dugande høvedsmann på båt og sitje langt betre i det enn

grannen som var sjølveigar med stor gjeld etter å ha løyst ut garden frå medarvingane.

 

Det finst avvik...

På vestlandet var det mange tilfelle der plassemannen hadde avtale direkte med gardeigaren, ikkje med bonden (bygselmann).

Endå litt meir innvikla:

Eg kjenner til minst to tilfelle der eigaren bygsla bort bruket; og heldt att ein husmannsplass for seg sjølv.

Han vart altså husmann under sin eigen leilending.

 

Dei engelske og skotske samfunna var nokså ulike det norske (eller dei norske - sidan det varierte mykje her også).

Dermed vert språk og gloser ulike.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for det, det hjelper meg litt.

Familien min kommer mest fra vestlandet men jeg bodd i England i over 50 år.  Jeg prøver å oversette en del informasjon for noen Engelsk talende venner for å kunne forklare litt om mine forfedre.  Jeg tror jeg nå har en bedre forståelse om hvordan det fungerer men jeg er fremdeles usikker på hvordan det kan oversettes til Engelsk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Omsetjing er eit vågespel... - og ein må velje ord etter kva publikum ein har.

Engelskmenn i 2021 har sannsynlegvis lite kunnskap om kva det ville seie å vere "croftar" eller "tenant farmer" på 1800-talet...

(om lag like lite som nordmenn i 2021 har forstand på kva det ville seie å vere husmann)

 

Grovt sett - om eg forstår nokolunde rett - er det knapt nok noko motstykke til bygselbruk i England. Altså ein sjølvstendig bonde, som kan

ha relativt høg sosial status i bygda, men som leiger garden han brukar. Den norske bygselmannen hadde kontrakt på livstid, og kunne

knapt nok seiast opp så lenge han betalte landskylda (leiga). I tillegg kunne han rekne med at eitt av barna fekk ta over garden etter seg.

Formelt er vel "tenant farmer" det næraste ein kjem bygselmann; men i praksis ser dette ut meir som ein husmann på flatbygdene på austlandet.

Ein plassemann på vestlandet var meir sjølvstendig enn det ein "tenant farmer" kunne drøyme om.

(og før nokon kjem med påtale og retting:  eg er klar over at det var variasjonar  alle stadar)

 

Eg har brukt

gard: "farm"

bruk: "holding" evt. "holding (operational unit)" første gongen eg brukar uttrykket i ein tekst.

bonde, brukar (både bygsel og sjølveigar): "holder"

husmann: "husmann" (i hermeteikn);  "crofter" eller "cottar vil sikkert duge, dersom publikum ikkje er spesielt historiekunnige - men det kan verte svært misvisande....

Eit poeng kan vere å unngå dei engelske formelle omgrepa (t.d. "tenant farmer"), for å markere at tilhøva var ulike.

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for bra forslag of forklaring.  Jeg begynner å forstå litt men jeg kan se at det er ganske komplisert og ikke enkelt å oversette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.