Gå til innhold
Arkivverket

Bernt Christian Knutson Stensby - Johnson - Gulhaug (1848-1933) - frå Ullensaker til Dane Co., WI - detaljar om opphavet hans - første kona hans samt ymse detaljar om huslyden i Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden har lege på skrivebordet mitt i over 30 år, og mykje har eg fått på plass, men det manglar ein del detaljar, ikkje minst kring opphavet til Bernt Christian Knutson og den første ukjende kona hans.

 

Og so lurer eg svært på kvar dette ættenamnet GULHAUG kan komma ifrå?  Plassnamn på Ullensaker?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som tek utgongspunkt i andre kona Anna Christensdotter, barnefødd i Jostedalen:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg vert dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #11 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

41 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Han var son av husmann Knut Johannesson

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Stensby lille, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd og oppvaksen?)

 

og kona Bertha Marie Olsdotter frå

 

##### (kvar fødd og oppvaksi?)

 

 

 

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000009892028 

Nr. 36

Akershus fylke, Ullensaker, Hovin i Ullensaker, Ministerialbok nr. I 14B (1836-1850), Viede 1845, Side 366
Permanent bilde-ID: kb20060303010113
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060303010113
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060303010113.jpg

 

Giftermål 1845.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1865 bodde familien på "Guldhoug" i Vestre Aker:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038011003512

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0218&kenr=004&bnr=0019&lnr=000

 

Utsnitt:

 

  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Aker
  • Kommunenummer: 0218
  • Navn på bosted: Guldhoug

Antall personer registrert på bostedet: 43. 


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
               
  Knud Johannesen Husfader g Gaardskarl 1826 Øier  
  Berthe M Olsdatter hans Kone g   1823 Ullensager  
  Bernt Kristian Knuds.* deres Barn ug Spinderiarbeid 1849 Ullensager  
  Thea Charlotte Knudsd.* deres Barn ug Spinderiarbeid 1852 Ullensager  
  Johan Syvert Knuds.* deres Barn ug   1854 Ullensager  
  Karoline Bollette Knuds.* deres Barn ug   1859 Aker  
  Herman Ludvig Knuds.* deres Barn ug   1864 Aker  
  Torger Johannesen Logerende ug Dagarbeider 1823 Øier
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser ved vielsen at brudgommens far heter Johannes Larsen. Da er vel dette dåpen til Knut i 1827 - se nr. 329:

Oppland fylke, Tretten, Øyer i Øyer, Ministerialbok nr. 4 (1824-1841), Fødte og døpte 1827, Side 61-62
https://media.digitalarkivet.no/view/9274/35

 

Her er han blant utflyttede i 1845 - se nr. 28 

Oppland fylke, Tretten, Øyer i Øyer, Ministerialbok nr. 5 (1842-1857), Inn- og utflyttede 1845, Side 293
https://media.digitalarkivet.no/view/8928/268

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er både Berthe Marie og Knut i innflytterlistene til Ullensaker:

Akershus fylke, Ullensaker, Hovin i Ullensaker, Ministerialbok nr. I 14B (1836-1850), Inn- og utflyttede 1846, Side 483
https://media.digitalarkivet.no/view/561/216

 

Nr. 32 - høyre side: 

Akershus fylke, Ullensaker, Hovin i Ullensaker, Ministerialbok nr. I 13 (1815-1835), Fødte og døpte 1823, Side 142-143
https://media.digitalarkivet.no/view/7648/73

 

Nr. 35 

Akershus fylke, Udenes, Fenstad, Nes i Nes, Ministerialbok nr. I 6 (1833-1845), Konfirmerte 1837, Side 153
https://media.digitalarkivet.no/view/533/156
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bernt Kristian Knudsen viet 1876 i Wisconsin

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRLJ-3L9

 

Kari Thompson kan være denne Kari døpt 31/10 1847 i Vinje

Telemark fylke, Vinje, Nesland, Grungedal i Vinje, Ministerialbok nr. I 4 (1843-1869), Fødte og døpte 1848, Side 28
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051005010031

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Egil Torstensen Kvaslerud med familie emigrerte i 1862

Telemark fylke, Vinje, Nesland, Grungedal i Vinje, Ministerialbok nr. I 4 (1843-1869), Inn- og utflyttede 1864, Vaksinerte 1857, Side 421
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051005010422

 

Familien i census 1870

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN94-FR1

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Grethe og Anne for mange kjempefine og nyttige innlegg!

 

Eg frykta for at opphavet til Bernt Knutson frå Ullensaker kunne verta komplisert, etter at eg ikkje kunne finna spor etter dei på Ullensaker i 1865.  Heller ikkje første kona Kari Egilsdotter hadde ikkje mykje å gå på, før Anne fann vigsli!  Kjempebra!

 

Eg ser me sit framleis att med nokre utfordringar, som til dømes:

 

** Namnet på plassen under Bjørge i Øyer der knut kom ifrå?

 

** Namnet på plassen under Støvner på Ullensaker der Bertha Marie kom ifrå?

 

** Eg finn heller ikkje vigsli til Egil Torstenson og Kari Iversdotter i Vinje i Telemark.  Den skulle jo ha vore digitalisert!?  For kvar kom dei ifrå?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #15 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #15:

 

Hjarteleg takk til Anne for spennande og nyttige innlegg!

 

Då har me opphavi til Egil Torstenson og kona Kari Iversdotter «på plass», men eg lurer litt på:

 

* Under kva gard i Mo ligg denne plassen Husdalen?  Kan det vera under Haugehåtveit?

 

Her følgjer eit manuskript som oppdatering av manuskriptet i innlegg #11 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Christensdotter {Fossen}, d.y., f. {i Jostedalen} 5.2.1854,

Anna C. Thompson utvandra til Amerika med foreldri i 1857 og gifte seg i Dane Co., Wis. 4.11.1881 med enkjemannen Bernt Christian Knutson, opphavleg frå Gullhaug i Vestre Aker, i Amerika kjend som Ben C. Johnson, sidan som Bernt C. Gulhaug.  Han var son av gardsstyrar Knut Johannesson på Gullhaug, opphavleg frå

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Bjørge i Øyer, og kona Bertha Marie Olsdotter frå

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Støvner i Ullensaker, og f. på ein plass under Stensby lille i Ullensaker 19.11.1848.  Ben utvandra til Amerika i

 

##### (utvandringsåret kring 1866? – foreldri utvandra i 1868!)

 

og gifte seg første gongen i Dane Co., Wis. 21.10.1876 med Kari Egilsdotter frå Kvaslerud i Vinje, i Amerika kjend som Carrie Thompson.  Ho var dotter av gardbrukar Egil Torstenson på Kvaslerud, opphavleg frå Husdalen under

 

##### (under kva gard?)

 

i Mo, og kona Kari Iversdotter frå Kvaslerud og f. i Vinje 28.9.1847.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1862, men d. i Dane Co., Wis. etter barselseng sist i april 1880.  Ben farma i Dunn township, Dane Co., Wis. der Anna d. etter barselseng sist i november 1885.  Ben Johnson gifte seg so tredje gongen i Dane Co., Wis. 16.2.1887 med Bergit, kjend som Betsy Hanson.  Ho var f. i Dane Co., Wis. 1.10.1858, og dei farma i Pleasant Springs township, Dane Co., Wis., men vart skilde kring 1908, og medan Betsy vart buande i Pleasant Springs towship, Dane Co., Wis. der ho d. 30.1.1928

 

##### (eller 1929?)

 

flytte Bernt Gulhaug til ei farm i Dunkirk township. Dane Co., Wis. der han d. 7.4.1933.  Ben hadde to born i første ekteskapet og fire born i det siste; dessutan fekk han og Anna fire born i lag.  Me vil her nemna eine dotteri som Ben hadde frå første ekteskapet og dei fire borni som han og Anna fekk i lag:

a. Bertha Marie, kjend som Mary Johnson (Gulhaug) (1877-1950), dotter av Ben og første kona Carrie, vart gift med Andreas Asbjørnson, kjend som Andrew Robertson (1872-1934), ein son av husmann Asbjørn Rasmusson på Haukareid under Tuftene i Sogndal (1834-1904), opphavleg frå Rabben under Bjørk i Jostedalen (s.d.).

b. Clara Maria Johnson Quam, f. i Dane Co., Wis. 15.2.1882, d. i Stoughton, Wis. 14.11.1956.  Clara voks opp som fosterdotter hjå husmannssonen Jørgen Jørgenson frå Tangen under Kvam nedre i Hafslo (1839-1895) og gifte seg i Dane Co., Wis. 25.3.1899 med Petter Olson Grindstad frå Bergen, i Amerika kjend som Peter O. Grindstad.  Han var son av fyrverkar og arsenalforvaltar Ole Pederson Grindstad i Bergen og kona Maren Christine Syversen, båe opphavleg frå Rakkestad, og f. i Bergen 26.3.1870, men utvandra til Amerika i 1888.  Han d. i Stoughton, Wis. 2.12.1950.  Peter og Clara farma i Oregon township, Dane Co., Wis., men flytte i 1929 inn til Stoughton, Dane Co., Wis. der dei vart buande levetidi ut.  Dei fekk fem søner i lag.

c. Albert Cornelius Johnson Gulhaug, f. i Dane Co., Wis. 6.1.1883, d. i Viroqua, Wis. 31.7.1946.  Albert voks opp hjå besteforeldri sine på farssida i Dunn township, Dane Co., Wis., men gifte seg første gongen i Dubuque, Ia. 3.4.1912 med Elizabeth Ethel Koempel, f. i JoDaviess Co., Ill. 15.10.1895.  Ho d. i Santa Monica, Cal. 18.2.1948, men dei vart skilde i 1941.  Albert gifte seg att

 

     ##### (date and place of his 2nd marriage?)

 

     med Elsie J.

 

     ##### (middle name? – died as Elsie J. Britton!)

 

     Holmes, f. i Grant Co., Wis. 2.5.1902.  Ho d. i Volusia Co., Fla. 17.11.1972.  Albert var ei tid fotograf, men vart sidan salsagent («photographer and salesman») og budde ei kort tid i Wolf Point, Roosevelt Co., Mont., men lengste tidi budde han i Madison, Dane Co., Wis.  Han fekk to born, som båe var frå første ekteskapet.

d. Josephine Johnson Holtan, f. i Dane Co., Wis. 19.5.1884, d. i Hawley, Minn. 19.5.1948.  Josephine voks opp hjå mosteri Sarah Holtan og gifte seg i Jackson Co., Minn. 9.7.1902 med Frank W.

 

     ##### (middle name?)

 

     Fritz, f. i Adams Co., Ia. 22.8.1875.  Han d. i Hawley, Minn. 13.2.1949.  Frank og Josephine farma ei tid i Heron Lake township, Jackson Co., Minn., men flytte so til ein farm i Flom township, Norman Co., Minn.  I 1920-åri flytte dei so til Hawley, Clay Co., Minn. der Frank livnærte seg som arbeidar («laborer»).  Dei fekk to born i lag.

e. Anna Beata Johnson (Holtan), f. i Dane Co., Wis. 27.11.1885, d. i Eagle, Wis. 14.5.1968.  Anna voks òg opp hjå mosteri Sarah Holtan, men gifte seg i Chicago, Ill. 23.12.1905 med George Leopold Fritz, f. i Adams Co., Ia. 18.4.1877.  Han d. i Waukesha, Wis. 2.2.1965.  George og Anna busette seg i Waukesha, Waukesha Co., Wis. der George mellom anna livnærte seg som brubyggjar, lastebilførar, kommunearbeidar og til sist maskinist («bridge builder, truck driver, city worker and machinist»).  Dei fekk to døtrer i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.