Gå til innhold
Arkivverket

Ole Petterson Havreberg (1826-1896) - utvandra 1850 frå Luster - gift 1865 med Margaret E. Stern frå NY med franske foreldre - kven var ho, og kvar vart ho av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg har slite med i over 40 år, og som eg aldri har greidd å koma skikkeleg på spor etter:

 

Ole Petterson Havreberg, i Amerika kjend som Ole Peterson, var fødd i Luster 3.8.1826 som son av Petter Olson (1790-1833) og Margretha Hansdotter Urdahl (1795-1847), gardbrukarar på Havreberg i Luster.

 

Ole utvandra til Amerika i 1850, og 6.5.1865 gifte han seg i Buffalo Co., WI med https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRPH-877

 

Margaret E. Stern, som ifølgje FT1880 var fødd i New York State kring 1846 av franske foreldre: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB2-Z52

 

Her er huslyden i FT1870 med Margaret f. i NY kring 1846: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN93-DJL

 

Parfolket farma i Canton township, Buffalo Co., WI der Ole døydde 15.8.1896.  Dei fekk ein son i lag:

 

* Clarence William Peterson, fødd i Buffalo Co., WI 27.7.1864, døydde i Mondovi, WI 22.8.1942.  I Sognemiljøet kring Mondovi, WI gjekk han under kallenamnet «Gullfluga» av di han alltid hadde fine klede med gullbroderingar på!

 

Margaret levde att som enkje i 1896, og no lurer eg på:

 

** Kven var ho?  Det er fleire Margaret Sterns fødde i New York state kring 1846, men ingen av dei har foreldre fødde i Frankrike!

 

Derimot finn eg:

 

** FT1900: Drammen township, Eau Claire Co., WI: widowed Margaret Peterson, born NY Fra Fra June 1848 - 5 children/1 living:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DRQ9-891

 

** FT1920: Albion township, Trempealeau Co., WI: widowed Margaret Peterson, born NY Fra Fra about 1848:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRV7-75X

 

Det er ikkje langt frå Canton township, Buffalo Co., WI til dei andre to stadane - høgst om lag 30 miles, so eg tek til å tru at dette godt kan vera «vår» Margaret.  Kanskje Ole og Margaret hadde fire born til som alle døydde kort etter fødsli?

 

Det hadde vore kjempefint om nokon greidde løysa denne floka, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.