Gå til innhold
Arkivverket

Jesse Adams (f. Maine 1833) og Maren Andersdotter (f. Noreg 1841) - farma i Canton township, Buffalo Co.,. WI - men kven var Maren??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden finn me som farmarar i Canton township, Buffalo Co., WI i 1870:

 

ADAMS, Jessey 36 farmer ME

ADAMS, Mary 28 keeping house 28 Nor

ADAMS, Edward 5 WI

ADAMS, Able 1 WI

 

Den yngste sonen Eble Arnt vart fødd 29.11.1868 og vart døypt i Thompson Valley Lutheran church i Buffalo Co., WI.  Då vert foreldri kalla Jesse ADAMS (yanke) og Maren Andersdotter (norsk): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314994-00342?ssrc=&backlabel=Return

 

Eg finn ikkje noki vigsle for dette parfolket, men Jesse forsvann på 1870-talet, og etter skilsmål vart Maren attgift i Buffalo Co., WI 1.1.1878 med Henry BROTZMAN, og då vert foreldri hennar kalla Andrew og Ann ANDERSON: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRP4-B9V

 

Det finst fleire family trees for denne huslyden hjå ancestry.com, men kanskje meir spennande er det me finn hjå «find-a-grave»: https://www.findagrave.com/memorial/39772483/mary-a.-brotzman

 

Og på dette family-treet står det at Maren skal vera fødd i Sogn og Fjordane 5.11.1841: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/48923052/person/202237657586/facts

 

Over 90% av medlemmane i Thompson Valley kom frå Luster og Hafslo i Sogn, men eg kan ikkje finna nokon som høver på Maren Andersdotter.

 

Er det mogeleg å finna det norske opphavet til Maren Andersdotter?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Findagrave:

https://www.findagrave.com/memorial/39772483/mary-a.-brotzman

Wife of Jesse Adams who was born in Parkman, Piscataquis, Maine on 15 May 1833 and went missing from the family farm in Canton Township, Buffalo, Wisconsin about 1874. Mary filed for divorce in 1877 and married Henry E Brotzman on January 1, 1878. They had no children. Jesse and Mary's (Marit) children were: Martin Edward Adams 1865-1895, Abel Adams 1868-1957, Anna Clara Adams 1871-1916 and Jesse O Adams 1874-1899. Mary's headstone is just to the left of the headstone for son Jesse O Adams and grand daughter Mattie Mary Adams, daughter of Abel and Matilda Adams. Jesse O. and Mattie share the same headstone.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Lars E. Øyane changed the title to Jesse Adams (f. Maine 1833) og Maren Andersdotter (f. Noreg 1841) - farma i Canton township, Buffalo Co.,. WI - men kven var Maren??

Legger for ordens skyld inn opplysningene fra 1880-tellingen

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN4Q-XJ2

 

Son
M
15
Wisconsin, United States
 
 
Son
M
12
Wisconsin, United States
 
 
Daughter
F
9
Wisconsin, United States
 
 
Son
M
7
Wisconsin, United States
 
 
Other People on This Record

 

 
M
31
Norway
 
 
 
F
46
Norway
 
 
 
F
25
Norway

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Inger Karin og Lars J. for spennande innlegg!

 

Særleg var det spennande å sjå dei tre ugifte Andersons som i 1880 budde i lag med Mary!  Eg greier nemlig ikkje å identifisera nokon av dei...  Kan dei vera søsken??

 

Elles trur eg kanskje ein liktale («obituary») for Mary kunne vera til stor hjelp?  Kyrkjegarden har gode opplysningar, men diverre ikkje om opphavet hennar!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna det norske opphavet til Maren Andersdotter!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Særleg var det spennande å sjå dei tre ugifte Andersons som i 1880 budde i lag med Mary!  Eg greier nemlig ikkje å identifisera nokon av dei...  Kan dei vera søsken??

Sever og Anna er gifte, Isabell er enslig. Ser at Mary døde i 1919, men har ikke funnet noe mer i aviskilder om  henne. Kanskje en vielsesattest for ekteskapet med Jesse Adams kan finnes?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget.  Eg ser no òg at Sever og Anna var gifte i 1880, men eg er ikkje i stand til å finna noki vigsle for dei.  Kanskje gifte dei seg i Noreg?

 

Eg står framleis «bom fast» på denne huslyden, men lever framleis i voni om at det før eller sidan vil dukka opp nye fakta...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.