Jump to content
Arkivverket

Takk til alle bygdebokforfattere


Recommended Posts

Geir Fjærli

Fikk bare lyst til å rette en takk til forfatterne av min kanskje viktigste informasjonskilde, bygdebøkene. I mitt tilfelle i hovedsak for Nordmøre, Sør-Trøndelag og Hedmark. Jeg vet de ikke er primærkilder i ordets rette forstand, men for meg har de vært uvurderlige i å trekke de store slektslinjene. Jeg har nå 100 gårder lokalisert til digitaliserte bygdebøker, i tillegg er det 6 i bøker som ikke er digitalisert og 3 i bøker som er digitalisert, men for nye til å være allment tilgjengelig. Og dermed står jeg igjen med bare 5 gårder som ennå ikke er omtalt i en utgitt bygdebok. (Så kommer en del aner fra byer og utland i tillegg.)

 

Mange av forfatterne leser ikke dette, men dere som er bygdebokforfattere får ta i mot rosen på deres vegne!

 

Geir 🙂

 

P.S. Noen vil i sånne tråder påpeke at bygdebøker også tar feil. Selvsagt gjør de det, og de skal dermed behandles som alle annen informasjon, med sunn skepsis og gjerne etterprøving mot andre kilder. Men det gjør ikke innsatsen mindre imponerende.

Edited by Geir Fjærli
  • Like 11
Link to post
Share on other sites
Johan I. Borgos

Siden ingen kolleger har takka deg, Geir, tar jeg sjansen og gjør det på alles vegne (med 14 bøker på samvittigheta har jeg en viss rett). Du gir også ei korrekt framstilling av hva bygdebøker er - og ikke er.

 

Johan

  • Like 8
Link to post
Share on other sites
David Widerberg Howden

Ja, ingen tvil om at bygdebokforfattere fortjener honnør for det store arbeidet de gjør for å systematisere gårdshistorikk og slekt i bygdene. Mye har blitt bedre med kvaliteten, men det handler også om at det har blitt enklere å få tilgang til kilder. For meg har bygdebøkene vært en uvurdelig inngangsport til kildenes verden. I egen forskning har det spesielt vært bygdebøker av Søren Arnesson, Bjørn Jonsson Dale, Terje Østro og Birger Kirkeby og synes disse generelt har holdt en høy kvalitet i sitt arbeid. Ellers kan jeg jo dele dette intervjuet med bygdebokforfatter Frode Myrheim: https://www.genealogi.no/alle-kommuner-med-respekt-for-seg-sjol-burde-ha-ei-gards-og-aettesoge/ Imponerende arbeide og all honnør til kommuner o.a. som finansierer slike utgivelser. 

Edited by David Widerberg Howden
  • Like 6
  • Thanks 1
Link to post
Share on other sites
Geir Fjærli
På 1.8.2021 den 15.33, Geir Fjærli skrev:

Jeg har nå 100 gårder lokalisert til digitaliserte bygdebøker

 

Kan ikke redigere førstepost lenger. Talte opp nå, det er snakk om 42 ulike bøker/bind.

 

Geir 🙂

  • Like 2
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #5:

 

Dette med bygdebokskriving er i første omgang eit norsk «fenomén».  Kvifor det er slik, har eg ikkje noki forklaring på.  Det finst rett nok lokalhistoriske verk i mange land, eg har sett døme på dette i Amerika (County Histories) og i Tyskland (Gemeindegeschichten).  Desse kan vera til stor nytte i forskingsarbeid, men diverre er kvaliteten svært varierande, og dei fleste av desse bøkene er reine «skrytealbum» der medlem av ulike familier har skrive om seg sjølv og sine.  Me saknar soleis ei «sakleg» og «verdinøytral» analyse av folket som me norske bygdebokskrivarar i alle fall i nyare tid har lagt so stor vekt på!

 

Personleg har eg alltid hatt stor nytte av kontakt med andre bygdebokskrivarar og bygdebøker skrivne av kolleger frå andre bygder enn den/dei eg sjølv arbeider med.  Men som alle andre «sekundærkjelder», er det ofte naudsynt å kontrollera dei opplysningane som kjem fram, og kunnskap frå eigi bygd kan ofte ved samanlikning med kunnskap frå ei nabobygd bidra til at ny felles kunnskap kjem for dagen, som utan samarbeid eller samanlikning ville enda opp som «uløyst».

 

Det som eg no aller mest hadde ønskt meg, var ei bygdebok for dei større byane, særleg ei smitt- og smau-soge for Bergen der me følgjer soga til kvart hus og dei folki som budde der til ulike tider!  Me har so mange uløyste vanskar som gjeld flytting til Bergen frå dei kringliggjande bygdene, særleg frå Sogn og Fjordane og Hordaland!  Utgangspunkt for eit slikt prosjekt kunne vera FT1801 og FT1815 med supplerande opplysningar frå kyrkjebøker og pantebøker, som i stor grad er tilgjengelege.  Men dette måtte i so fall lanserast som eit fellesprosjekt mellom fleire forskarar frå ulike delar av «storfylket»...

 

Personleg er eg svært glad for at eg alt i ungdomen vart «biten av basillen», og det tok til med at eg i arbeidet med eigi slekt oppdaga kor mangelfull den gamle bygdeboki var, særleg med omsyn til utvandring til Amerika... 

  • Like 5
Link to post
Share on other sites
Frode Myrheim

Takk for gode ord, Geir

 

Frå 2007 hev eg vori bygdebokforfattar av gards- og ættesoga for Høland og Setskog. Eg er den tridje skrivande forfattaren, men det var Odd Ottesen som byrja med innsamling og som la mykje av kjeldegrunnlaget for bokverket. Prosjektet byrja i siste del av 1980-talet, men det var fyrst i 1999 at den fyrste boki kom. Til no er det komen i alt ni band, og det tiande bandet kjem innunder jol.

 

Gards- og ættesoga, er som Lars E. Øyane skriv, noko særnorsk, og noko me verkeleg burde vera byrge av her i Norig. Men er me det? Nei, vil eg segja. Kor høg status hev denne sjangeren millom historikarar? Mange historikarar ser på gards- og ættesoga som frimerkesamling. Diverre kann det sjå ut til at denne greina innan historiefaget er i ferd med å døy ut. Fleire prosjekt her på Austlandet er no i det siste nedlagt som til dømes Vang på Heidmork og Eidsberg i Austfold. Rett nok vil dei hava boki på verdsveven, men det lyt fulla skrivast det au, og utan pengar og forfattar ser det dårleg ut. Sjølvsagt hev verdsveven sine førmoner, men eg er tilhengar av boki. Det er jo noko eige med ei bok. Det er eit avslutta verk millom tvo permar; noko som ikkje kann segjast um til dømes det som ligg på Lokalhistoriewikien.

 

Eg veit ikkje, men eg trur eg er ein av svært få bygdebokforfattar som sit på heil kommunal stilling. Som regel vil heradi i dag hava prosjektar yver ei avmålt tid. Eg hev no krangla med politikarane all den tidi eg hev vori bygdebokforfattar i Aurskog-Høland herad. No nyss skar dei ned tidi på dei gjenverande gardane med helvta. Det vil segja at der eg tidlegare hadde tvo månader på ein matrikkelgard hev eg no éin. Kva skal ein gjera. Dei vil jo ikkje høyra, og dei er ikkje interessert i å høyra. Det er sikkert fleire bygdebokforfattar som kjenner seg att her. Utfordringi med gards- og ættesoga er at den er svært tidkrevjande og pengekrevjande i motsetnad til den generelle kultursoga. Det er bygdeboknemnder som ikkje ser kva dei gjev seg i kast med og dette er noko ein fær kjenne særleg når ein kjem inn i eit prosjekt med tidlegare forfattarar.

 

Vensam helsing frå Frode Myrheim

  • Like 5
Link to post
Share on other sites
Geir Fjærli
På 2.8.2021 den 0.10, David Widerberg Howden skrev:

Mye har blitt bedre med kvaliteten, men det handler også om at det har blitt enklere å få tilgang til kilder.

 

Vi har en slektstavle fra før internett, håndskrevet av en stakkars fyr som satt på arkivene i Trondheim og bladde i gamle papirer. Det var grenser for hvor langt man kunne komme da. 

 

Jeg har som pensjonert datamann vært med på den utviklingen. Noen synes den er skummel, fordi den gir legfolk som meg selv muligheten til å leke "slektsforskere", og den derpå følgende mangel på kvalitetssikring. Men jeg er overbevist om at i sum har vi tjent på det. Ikke minst fordi det gjør jobben enklere og sikrere for nettopp bygdebokforfattere og andre. Så får det våge seg at jeg finner sider på MyHeritage som skryter på seg linjer helt tilbake til irske småkonger fra 600-tallet i grener jeg også slekter til... 😉

 

22 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Det som eg no aller mest hadde ønskt meg, var ei bygdebok for dei større byane, særleg ei smitt- og smau-soge for Bergen der me følgjer soga til kvart hus og dei folki som budde der til ulike tider!

 

Det hadde vært fantastisk ja. Nå bor jeg i Bergen, men har ikke aner herfra. Tilsvarende fra Trondheim og København hadde vært en drøm.

 

22 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Men som alle andre «sekundærkjelder», er det ofte naudsynt å kontrollera dei opplysningane som kjem fram, og kunnskap frå eigi bygd kan ofte ved samanlikning med kunnskap frå ei nabobygd bidra til at ny felles kunnskap kjem for dagen, som utan samarbeid eller samanlikning ville enda opp som «uløyst».

 

Det burde kanskje vært et "forum" for bygdebokforfattere for nettopp slik kontakt. Det er ofte jeg kan følge en historie fra en bygd til en annen på den måten, men det er også ganger jeg tenker at "her burde forfatterne snakket sammen"...

 

16 timer siden, Frode Myrheim skrev:

Eg veit ikkje, men eg trur eg er ein av svært få bygdebokforfattar som sit på heil kommunal stilling. Som regel vil heradi i dag hava prosjektar yver ei avmålt tid. Eg hev no krangla med politikarane all den tidi eg hev vori bygdebokforfattar i Aurskog-Høland herad. No nyss skar dei ned tidi på dei gjenverande gardane med helvta. Det vil segja at der eg tidlegare hadde tvo månader på ein matrikkelgard hev eg no éin. Kva skal ein gjera. Dei vil jo ikkje høyra, og dei er ikkje interessert i å høyra.

 

Lokalpolitikerne er blitt byråkrater. De skalter og valter med millioner til de store prosjektene og utgiftspostene, og salderer ved å være smågjerrige. Og er ofte mer opptatt av å bygge monumenter over fremskrittet enn å hedre historien. Men jeg skal ikke bli politisk på dette forumet... 🙂 

 

Geir 🙂 

  • Like 3
Link to post
Share on other sites
Kjell Fredly Smøla

Tusen takk for gode ord, Geir Fjærli! Det var et omfattende arbeid å skrive for Smøla, og i dag ville jeg nok ikke ha tatt på meg denne jobben igjen, fordi det ikke alltid var lett å få tak i alle de opplysningene som behøvdes. Og også pga tidspresset. Men jeg tror det gikk bra! Og en gang lokalhistoriker, alltid lokalhistoriker. Nå er det bare på facebook jeg har en egen slektsforskningsgruppe. Den gjør i alle fall at jeg må være på hugget hele tiden. Men der får jeg også endelig skrive litt mer enn bare fødsels- og dødsår, der kan jeg heldigvis ta tak i hele livet til "anene", helt uten tidspresset.  Godt å få slike positive tilbakemeldinger som vi får her av deg, Geir Fjærli. 🙂 Takk igjen!

  • Like 5
Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn
På 5.8.2021 den 11.44, Geir Fjærli skrev:

Vi har en slektstavle fra før internett, håndskrevet av en stakkars fyr som satt på arkivene i Trondheim og bladde i gamle papirer. Det var grenser for hvor langt man kunne komme da. 

 

Jeg har som pensjonert datamann vært med på den utviklingen. Noen synes den er skummel, fordi den gir legfolk som meg selv muligheten til å leke "slektsforskere", og den derpå følgende mangel på kvalitetssikring. Men jeg er overbevist om at i sum har vi tjent på det. Ikke minst fordi det gjør jobben enklere og sikrere for nettopp bygdebokforfattere og andre. Så får det våge seg at jeg finner sider på MyHeritage som skryter på seg linjer helt tilbake til irske småkonger fra 600-tallet i grener jeg også slekter til... 😉

 

Blant alle oversiktene på nettet er det nok ein del tull. Vi amatørar gjer mange feil. (Også bygdebokforfattarane gjer feil). Men eit viktig framsteg er også at mange kjelder er blitt lettare tilgjengelege. Dermed vil ein i mange tilfelle kunne kontrollere opplysningane, enten ein har funne dei på MyHeritage eller i ei bygdebok.

 

På 5.8.2021 den 11.44, Geir Fjærli skrev:

Det burde kanskje vært et "forum" for bygdebokforfattere for nettopp slik kontakt. Det er ofte jeg kan følge en historie fra en bygd til en annen på den måten, men det er også ganger jeg tenker at "her burde forfatterne snakket sammen"...

 

Eller enno betre: Eit forum der interesserte, enten det er bygdebokforfattarar og lekfolk møtest for å diskutere slekt, slik som her i dette forumet. Eg vil tru at ein då kjem lengst.

  • Like 3
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.