Knut Skorpen Skrevet August 20, 2021 Del Skrevet August 20, 2021 I eit skifte frå Jordbekksletta i Vefsn 1721 finn eg blant jernfanget på s. 266 https://www.digitalarkivet.no/sk20090220630635 "20 Riffel baarer v. 2 pd 6 [mark] a 2 sk." Innføringa er gjentatt ved fordelinga,heilt nedst til høgre. Eg finn dette interessant, men er redd eg misforstår innførsla. 1) Har eg lese rett? 2) Kva er "Riffel baarer"? Er det rett og slett ein bor - men slik reiskap blir elles kalla naver, og ein skulle vel ikkje trenge 20 av dei. Dei blir dessutan verdsett etter vekt, 2 skilling per mark. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet August 20, 2021 Del Skrevet August 20, 2021 eg les det som "Reffel baarer"; utan at det endrar stort. Vekta 2 pd 6 ?? ; ifl https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Leksikon:Skålvekt var 1 pund = 2 mark; så det er neppe mark det er 6 av. Uansett vert 2 pd og 6?? (men mindre enn 3 pund) noko mellom 1 og 1,5 kg, Pengesummen er 1-0-12; altså 108 skilling; delt på 20 vert det 5,4 (ikkje 2); så det er ikkje 2 sk per "baar". Bor og navar er ikkje heilt det same (men dei er ofte blanda saman; men eg trur ikkje du finn "navar" til å bore i fjell med). Mineborar (til å bore i stein/fjell) treng ein fleire/mange av - og det er ikkje heilt urimeleg å verdsetje dei etter vekt. Det kan nok gjelde andre slag borar også; dei må kvessast - og det er kanskje mest praktisk å gjere med fleire i gongen. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Matthias Kolberg Skrevet August 20, 2021 Del Skrevet August 20, 2021 Et riflebor er vel et bor som brukes til å lage geværløp? Riffel- er en kjent variant av Rifle- ifølge ordnet.dk https://ordnet.dk/ods/ordbog?query=riffel- Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Knut Skorpen Skrevet August 20, 2021 Forfatter Del Skrevet August 20, 2021 (endret) 20 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev: Vekta 2 pd 6 ?? ; ifl https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Leksikon:Skålvekt var 1 pund = 2 mark; så det er neppe mark det er 6 av. Uansett vert 2 pd og 6?? (men mindre enn 3 pund) noko mellom 1 og 1,5 kg, Pengesummen er 1-0-12; altså 108 skilling; delt på 20 vert det 5,4 (ikkje 2); så det er ikkje 2 sk per "baar". Eg trur det er snakk om bismarpund. Det går 24 merker (a ca. 250 g) på eit bismarpund (ca. 6 g), og tre slike pund på ei våg (som er ca. 18 kg). Då vil 2 pund 6 merker gje 54 merker a 2 skilling = 108 skilling = 1 rdl 12 skilling (og reknestykker stemmer). Jamfør malmgryta, som veg 1 pund 6 merker a 4 skilling = 24 merker + 6 merker = 30 merker a 4 skilling = 120 skilling = 96 sk + 16 sk + 8 sk = 1-1-8 Endret August 20, 2021 av Knut Skorpen Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Knut Skorpen Skrevet August 20, 2021 Forfatter Del Skrevet August 20, 2021 2 minutter siden, Matthias Kolberg skrev: Et riflebor er vel et bor som brukes til å lage geværløp? Ja, det skulle ein tru. Men kvifor 20 slike bor, med ei vekt på til saman meir enn 13 kg. Og kvifor selje dei etter vekt, når annan reiskap seljast etter stykkpris. Derfor har eg lurt på om det eigentleg er meint rifleløp, altså halvferdige rifler. Eg fekk mistanken fordi det 50 år seinare budde ein børsemakar på garden. Men riflene går ikkje framom børsemakaren, så her kan eg vere på villspor. Og var rifler i vanleg bruk så tidleg som 1721? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Matthias Kolberg Skrevet August 20, 2021 Del Skrevet August 20, 2021 Ifølge den amerikanske ordnoka Merriam Webster er ordet rifle brukt som verb for å bore et riflet løp allerede i 1635 https://www.merriam-webster.com/dictionary/rifle Knut Skorpen reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Knut Skorpen Skrevet August 20, 2021 Forfatter Del Skrevet August 20, 2021 (endret) Eg får ikkje til å tru at det var rifleproduksjon her i 1721, men også utrulege ting kan vere sant, så kanskje er det utstyr for rifleproduksjon. 41 år seinare er det i alle fall rifleprodusjon på garden, og då har smeden på "Riffelbænchloftet" m.a. "18 børse Navrer viktig med træet 1 wog vurderet for 1-3-0" - og i tillegg 18 dito, 21 dito, 28 dito, 30 dito, 23 dito og 14 dito. https://www.digitalarkivet.no/sk20090224610430 Så kanskje er det så enkelt som Matthias foreslår? Endret August 20, 2021 av Knut Skorpen Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet August 20, 2021 Del Skrevet August 20, 2021 (endret) 1 time siden, Knut Skorpen skrev: Eg trur det er snakk om bismarpund. Det går 24 merker (a ca. 250 g) på eit bismarpund (ca. 6 g), og tre slike pund på ei våg (som er ca. 18 kg). Då vil 2 pund 6 merker gje 54 merker a 2 skilling = 108 skilling = 1 rdl 12 skilling (og reknestykker stemmer). ok... eg syntest det vart litt i meste laget med 6 kg (eit vanleg spett, 135 cm, veg 6 kg); men det er vel 6 kg til saman; altså 300 g x 20 stk. 300 g er likevel eit stort jarnstykke. Men det er mogeleg. Med ei stong med diameter 8 mm og lengd 76 cm vert om lag 300 g. Endret August 20, 2021 av Ivar S. Ertesvåg Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Knut Skorpen Skrevet August 24, 2021 Forfatter Del Skrevet August 24, 2021 (endret) På 20.8.2021 den 15.33, Ivar S. Ertesvåg skrev: 300 g er likevel eit stort jarnstykke. Men det er mogeleg. Med ei stong med diameter 8 mm og lengd 76 cm vert om lag 300 g. Eg skulle gjerne visst meirt om børsemakarfaget, slik at eg kunne forstå korleis desse remediane er brukt. Men sidan kg-prisen er halvparten av kg-prisen på malmgryta, kan det vere det er noko treverk med (slik det er presisert i skiftet frå 1762). Men det r så mykje eg ikkje veit, og eg kan jo ikkje ha ambisjonar om å forstå alt. Sjølv om det er interessant nok. Endret August 24, 2021 av Knut Skorpen Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå