Gå til innhold
Arkivverket

SFJ: Opphav til Elling Olsson Bjørvik, Gaular (1705-1777) - Frå Kvål i Førde/Østenstad i Jølster? Finst det dokumentasjon på dette?


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Gaularsoga, bd. 1, side 347: Elling Olson Østenstad, Jølster, g. m. Eli Monsdtr. frå Jølster.

Hyllestad bygdebok, bd 1, side 149: Gjert kom frå velstandsfolk i Gaular. Faren var Elling Olson Bjørvika, fødd på klokkargarden Kvål i Førde. Mora Eli Mogensdotter Tyssedal nedstamma i rett linje til Risnes, ca 1650.

 

Slektstre: https://www.geni.com/people/Elling-Bjørvik/6000000023768783507

 

Eg lurer på om nokon kjenner til ei kjelde som kan stadfeste desse påstandane.

 

Sonen, Kristian Ellingson Bjørvik vart g. med Kari Monsdtr. Nistad. Dei skal ha vore tremenningar, og måtte difor ha kongebrev:

RA, Danske Kanselli 1572-1799, F/Fc/Fca/Fcaa/L0047: Norske registre, 1776-1778, s. 809a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/da20120912651662
 

Er det nokon som kjenner til korleis dette heng saman?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Torbjørn.

 

Jeg har egentlig ikke noe svar på det du spør om.

I dataprogrammet mitt har jeg datteren Maren Ellingsdtr. gift med Hans Gregoriusson Dysjeland.

 

I Bygdeboka for Førde under gården Kvål er der rett nok en Ole Ellingson ca 1661 - 1722 gift tre ganger. Men det er ikke nevnt noen sønn Elling der i noen av ekteskapene.

I andre ekteskapet var han gift med Marta Sjursdtr. d. 1706.

Det er skifte etter henne, men jeg klarer ikke å lese det.

https://media.digitalarkivet.no/view/24186/191  side 412b.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det stemmer. I følgje skiftet hadde dei borna Rasmus og Lisebet.

 

Bygdeboka har nok brukt Steens skrifter som rettleiing. I bind 4, side 17 og utover står det om Ole Ellingson Kvål, og noko av dette er sitert på Geni. Steen meiner at Ole Ellingson må ha vore g. ein tredje gong, og meiner at han må vere far til borna Ålet (fødd og død 1721) og Ågote, døypt 28/2 1722. Ole Kvål blir gravlagd same dag som Ågote Olsdtr. Kvål blir døypt. Steen nemner at det også fanst ein Ole Odjerson, men at han ikkje kan vere far til Ågote sidan han står som fadder på henne. Etter å ha lagt ut om diverse saker frå tingbøkene skriv han vidare på side 20 at

 

Sitat

Ole Ellingsen døde som sagt i begynnelsen av 1722, og kassaboken viser at Sjur Andersen var hans ettermann på bruket. I ministerialboken leser en at Sjur Andersen Tjønneland den 24.juni 1724 ble trolovet med Mari Andersdtr. Kvål. Noen vielse finner jeg ikke notert (22.) , og da trolovelse den gang var en bindende handling, der ikke som nå uten videre kan heves, formoder jeg at Mari Andersdtr. er død kort etter trolovelsen, i hvorvel jeg intet har funnet derom i ministerialboken. Som en mulighet vil jeg nevne at Mari Andersdtr. var enke etter Ole Ellingsen, og at det var gjennom forbindelse med henne at Sjur Andersen fikk bygselbrev. Ministerialboken viser fremdeles at Sjur Andersen Kvaal som jeg anser identisk med den foran nevnte Sjur Andersen Tjønneland, novbr. 1725 ble gift med Ragnild Olsdtr. Hjelle.

 

I kyrkjeboka for Jølster finn ein følgjande:

Den 4de July 1706. Oluf Ellingsøn Qvaal og Maren Anders Datter Løsetter. Sponsores. Anders Echaas og Østenstad. Viede d. 1(?) August.

 

Sogn og Fjordane fylke, Ålhus, Helgheim i Jølster, Ministerialbok nr. A 1 (1696-1728), Trolovede 1697-1726
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070509670356
 

Den eldste kyrkjeboka for Førde byrjar ikkje før 1720, og Ole Ellingson Kvål har difor sannsynlegvis hatt fleire born. I databasen over gravlagde i Sogn og Fjordane finst ei Marta Olsdtr. Kvål, f. kr. 1717 og gravlagd 1/6 1726. I ei militærrulle frå 1733(?) finn eg m.a. ein Anders Olsson Kvål, 28 år, Elling Olsson Kvål, 25 år, "Bor nu i Holmedals Præsteg.", Anders Olsson Kvål, 21 år, "t. i Holmed. Gield hos Leut. Rue pap:(?) 1736 paa Sessionen(?)" (Heile linja stroken over), Ole Olsson Kvål, 22 år (i 1738?), "gift" og Salmon Olsson Kvål, 19 år (i 1738?), "Enrulleret".

 

SAB, Sunnfjord og Nordfjord futedøme , Y/L0366: Militære ruller, 1710-1739, s. 96
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru20111008018959
 

Dette viser at det har funnest ein Elling Olsson Kvål, og at han på 1730-talet skal ha budd i Gaular. Spørsmålet er då om dette er son til Ole Ellingson Kvål og Mari/Maren Andersdtr. Løset, og om han er identisk med den Elling Olsson Osen, Gaular som dukkar opp 1749 i skiftet etter Mons Erikson Tyssedal som g. med dottera, Eli, og som altså seinare vart busett på Bjørvik.

 

Korleis har bygdebøkene i det heile komme på sporet av denne Elling Olsson Kvål? Enten må dette vere munnleg overlevering lokalt, eller så skulle ein tru at det finst ei kjelde ein eller annan stad som viser dette.

 

Det kan leggjast til at det er nokre feil i teksten i bygdeboka for Hyllestad. M.a. er noko tekst falle ut i opprekninga av borna til Eli og Elling (Eli og Gjert står det til og med), og borna står korrekt opplista i den nye bygdeboka for Gaular. Det stemmer heller ikkje at Gjert Ellingson var g. med syskenbarnet sitt, Alis Ludvigsdtr. Birkeland. (Det var Lydia Gjertsdtr. Horne og Anders Hansson Døskeland som var syskenborn). Dessutan har eg lita tru på at Alis Ludvigsdtr. var berre 17 år då dei vart gifte. Nokon dåp finst ikkje, kyrkjebøkene for byrjar ikkje før etter delinga av Holmedal prestegjeld (Gaular+Fjaler) i 1755. Anne Ellingsdtr. vart g. med Johan Christoffer Hoff, som i følgje bygdeboka skulle vere "kondisjonert". Etter det eg kan finne ser det ut som at Johan Christoffer Hoff var ein fattig husmann på Aurevåg, Hellevik i Fjaler, og som hadde fleire barnlause ekteskap med koner som døydde tidleg. Anne er ikkje nemnd i skiftet etter Elling Olsson Bjørvik (1778).

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Elling Olsson kan selvsagt være født etter 1706 i Ole Ellingsons tredje ekteskap. Men med mindre det finnes noe skifte etter enten Ole Ellingson eller Mari Andersdtr. blir det vel vanskelig å få dokumentert. Man kan jo da håpe på et barnløst skifte etter en av Ellings søsken.

 

Takk for lenken til Steens skrifter. Den har jeg tidligere hatt lagret på en datamaskin som fikk total kollaps for noen år siden. Og senere fant jeg ikke de skriftene igjen.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenkeroten oppstod vel i det Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane gjekk over til å kalle seg Fylkesarkivet i Vestland, og desse hefta er sikkert å finne ein stad på dei nye heimesidene.

 

Uansett, så finn du også resten av filene på Wayback machine på følgjande lenke ved å filtrere på Steen:

http://web.archive.org/web/*/http://www.fylkesarkiv.no/sites/default/files/*

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.