Knut Skorpen Skrevet September 16, 2021 Del Skrevet September 16, 2021 Kva står det her? Fila ligg i ein skifteprotokoll , øvst i midtre spalte til venstre. https://www.digitalarkivet.no/sk20090224640461 Eg les 5. Jeremias Olssen Miaavatnet fordrer [Greslei] for 1 Koe 2 [rdl]. Dersom det verkeleg er betaling for vinterforing av ei ku, sysnt eg det er ei interessant opplysning, men det er tryggare å lese enn å gjette. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Richard Johan Natvig Skrevet September 16, 2021 Del Skrevet September 16, 2021 "G"en ser meir ut som "F", jf. ordet "Forretning" i spalta før, litt under oppramsinga av arvingar. Kan det stå "Foerleie"? Knut Skorpen reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Knut Skorpen Skrevet September 16, 2021 Forfatter Del Skrevet September 16, 2021 Ja, og "G"-en i "Guldjorden" like nedanfor ser ut som ein G. Dessutan er den fjerde bokstaven meir lik ein r enn ein s. Og så et ikkje kyrne gras på vinteren. Alt fell på plass om det står Foerleie. Richard Johan Natvig reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet September 16, 2021 Del Skrevet September 16, 2021 (endret) "Guldjorden" er med latinsk skrift.... så det "tel" ikkje; Det ser ut som "Foorleie" for meg; eller "Foerleie" - men det vert det same. Forleige i Norsk ordbok: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2013011106046?page=157&searchText=forleige Endret September 16, 2021 av Ivar S. Ertesvåg Knut Skorpen reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Tone Årtun Skrevet September 16, 2021 Del Skrevet September 16, 2021 "Gresesmale" eller "gresekyr" blir i Sauda brukt om sauer eller kyr som går på leigd beite om sommaren. Kan det vera aktuelt her? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Knut Skorpen Skrevet September 17, 2021 Forfatter Del Skrevet September 17, 2021 17 timer siden, Tone Årtun skrev: Kan det vera aktuelt her? Skiftet vart halde ved setersok, 2. juli, og det er nok mest sannsynleg at den eine kua som var stasjonert på nabogarden var sett der for å avhjelpe fôrsituasjonen gjennom vinteren. Han hadde også leigd arbeidshjelp og hushalderske den siste vinteren, rimelegvis mens kona var sjuk. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå