Gå til innhold
Arkivverket

Peder Ellefson Ormelid (1828-1909) frå Luster til Crawford Co., WI - fleire opplysningar tilgjengelege om borni hans - særleg om døtrene?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Huslyden til Peder Ellefson Ormelid alias Peter Ellefson er ein som eg jobba med for om lag 40 år sidan, og eg var bra nøgd den gongen med kva eg greidde å finna.

 

Men eg ser no at mange detaljar manglar.  Ein del har eg greidd å finna ut av, men no står eg fast.  Kan nokon hjelpa meg vidare?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Eit oppdatert manuskript finst i innlegg #8 under!

 

Peder Ellefson {Ormelid}, f. {i Luster} 8.7.1828, gifte seg 1.2.1856 med Margretha Sørensdotter frå Dvergs­dalen under Flattun, f. i Hafslo 12.2.1836.

Peter og Margaret Ellefson utvandra til Amerika i 1856.  Etter eit kort opphald i Dane Co., Wis., flytte dei i 1860 til Dakota Territory (sidan South Dakota), men på grunn av dei mange indianarå­taki der på den tidi, flytte dei attende til Wisconsin og slo seg kring 1863 ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Margaret d. 19.9.1908.  Peter Ellefson d. same staden 12.12.1909.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Ellef P. Ellefson (1856‑1856) f. og d. i Luster.

b. Ellef, kjend som Edwin Ellefson, f. i Dane Co., Wis. 5.5.1859, d. i Norwalk, Cal. 21.4.1937.  Edwin farma ei tid nær Rugby, Pierce Co., N.D., men gifte seg i Mission Hill, Yankton Co., S.D. 3.10.1903 med Violet Lee, f. i Batley Carr, Yorkshire, England 24.7.1869, dotter av kjøpmann («grocer») Joseph Wilby Lee og Eliza Lee Stansfield.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1886

 

 

     ##### (or in 1888?)

 

 

     og d. i Los Angeles, Cal. 13.1.1949.  Ed og Violet busette seg i Yankton, Yankton Co., DS.D. der Ed ei var farmarbeidar («farm laborer»).  Sidan busette dei seg på ein farm i Lake Flat precinct, Pennington Co., S.D., men kring 1922 flytte dei til Monrovia, Los Angeles Co., Cal.  Dei fewkk sju born i lag.

c. Serina Christina, kjend som Christine Ellefson, f. i South Dakota 6.11.1861, d. i La Crosse, Wis.

 

 

     ##### (exact date of her death? – about 1892 in La Crosse., WI!?)

 

 

     Christine gifte seg i La Crosse Co., Wis. 29.8.1890 med Anders Iverson frå Tangstræ under Tang i Hafslo, i Amerika kjend som Andrew Everson og Ed Iverson.  Han var f. i Hafslo 29.6.1860, men utvandra til Amerika i 1882.  Andrew livnærte seg i La Crosse, WI som lagerarbeidar og sagbruks­arbeidar («laborer«), men var sidan snikkar, fangevoktar, ismakar og tømmerarbeidar («carpenter, prison warden, iceman and lumberjack»).  Han skal ha butt ei tid i Evansville, Rock Co., Wis., men flytte kring 1908 til Baytown township, Washington Co., Minn. og derifrå kring 1915 til Stillwater, Washington Co., Minn.  I 1927 flytte Andrew so til Stoughton, Dane Co., Wis. der han d. 1.8.1939.  Me kjenner ikkje til at han og Christine fekk born i lag.

 

 

     ##### (to be verified?)

 

 

d. Ingvald Peterson, f. i Crawford Co., Wis. 10.1.1864, d. i Prairie du Chien, Wis. 13.1.1944.  Ingvald, òg kjend som Iver Peterson, var ugift og farma i Freeman township, Crawford Co., Wis.

e. Christian Ellefson, f. i Crawford Co., Wis. 12.5.1865, d. i Crawford Co., Wis. 2.2.1935.  Han gifte seg i Crawford Co., Wis. 3.3.1895 med Lulu Zade Newton, f. i Crawford Co., Wis. 28.1.1872.  Ho d. i Viroqua, Wis. 5.2 1965.  Christian og Lulu farma i Freeman township, Crawford Co., Wis. og fekk åtte born i lag.

f. Ingrid Ellefson. f. og d. i Crawford Co., Wis. kring 1868(?).

 

 

     ##### (exact dates?)

 

 

g. Ingrid, kjend som Inga Ellefson, f. i Crawford Co., Wis. 14.2.1872, d. ugift i La Crosse, Wis.

 

 

     ##### (exact date of her death? – about 1891?)

 

 

     der ho arbeidde i eit varehus («sales lady»).

h. Petrina Marie, kjend som Mary Ellefson, f. i Crawford Co., Wis. 30.12.1875, d. i Minneapolis, Minn. 16.11.1925.  Mary gifte seg

 

 

     ##### (date and place of her marriage? – about 1902?)

 

 

     med Charles

 

 

     ##### (middle name?)

 

 

     Russell, f.

 

 

     ##### (date and place of his birth? – WI – parents Scotland and Sweden! – 1868?)

 

 

     Han d.

 

 

     ##### (date and place of his death? – after 1910/prior to 1920!?)

 

 

     Charles var prenteverksarbeidar («printer»), medan Mary var kokke («cook»).  Dei budde i Viroqua, Vernon Co., WI

 

 

     ##### (incl. 1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-695S-R51

 

 

     ##### (Mary 1910: cook at orphans home Wittenberg, Shawano Co., WI – married – two children: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB9-QG3

 

 

     ##### (Mary 1920: cook in private family Minneapolis Hennepin Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRX4-DGL

 

     Dei fekk to søner i lag.

 

 

     ##### (sons 1905: Sylvester 1899, Pandle 1904 – one had died by 1910!)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Grethe og Lars J. for spennande og interessante innlegg!

 

Då har de finne lagnadane til dei to sønene etter Mary Russell, og me veit at det var Sylvester som voks opp av dei.

 

Men eg kan ikkje la vera å spekulera på følgjande:

 

* FT1910 seier om Mary at ho hadde vore gift i 8 år - som kan tyda på at Sylvester var fødd «uekte».  Kanskje gjev det uvanlege mellomnamnet hans, Isuly, eit tips om barnefaren?  Kvar kan Mary og Sylvester ha vore i 1900?  Og kvar var Sylvester i 1910?

 

* Og kva med Charles Russell?  Kvar kan han ha vorte av??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 hour ago, Lars E. Øyane said:

Kvar kan Mary og Sylvester ha vore i 1900? 

 

Kan dette være Mary som bodde hos foreldrene sine i 1900 FT?

 

Mary Ellesson

in the 1900 United States Federal Census

Name:Mary Ellesson[Mary Ellefson]

Age:24

Birth Date:Dec 1875

Birthplace:Wisconsin, USA

Home in 1900:Freeman, Crawford, Wisconsin

House Number:17

Sheet Number:13

Number of Dwelling in Order of Visitation:2

Family Number:239

Race:White

Gender:Female

Relation to Head of House:Daughter

Marital Status:Single

Father's Name:Peter Ellesson

Father's Birthplace:Norway

Mother's Name:Margaret Ellesson

Mother's Birthplace:Norway

Mother: number of living children:1

Mother: How many children:1

Occupation:Servant

Can Read:Yes

Can Write:Yes

Can Speak English:Yes

Neighbors:View others on page

Household MembersAgeRelationship

Peter Ellesson71Head

Margaret Ellesson64Wife

Mary Ellesson24Daughter

Celesta Ellesson1Granddaughter

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/73574812:7602?ssrc=pt&tid=16969318&pid=20366586635

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMK4-S54

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Anton for siste innlegget!

 

Ingen tvil om at du har oppdaga Mary i FT1900, og sonen Sylvester er kalla dotter!  Han var med andre ord fødd «uekte», so vigsli hennar med Charles Russell har nok finne stad kring 1902 slik FT1910 seier...

 

Ein ny kjempetak for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

med Charles

 

 

 

     ##### (middle name?)

 

 

 

     Russell, f.

 

 

 

     ##### (date and place of his birth? – WI – parents Scotland and Sweden! – 1868?)

 

 

 

     Han d.

 

 

 

     ##### (date and place of his death? – after 1910/prior to 1920!?)

 

 

 

     Charles var prenteverksarbeidar («printer»), medan Mary var kokke («cook»).  Dei budde i Viroqua, Vernon Co., WI

??? Kan være Charles som døde i 1912

https://www.findagrave.com/memorial/125014225/charles-h-russell

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for ein skikkeleg «fulltreffar»!  Det går klart fram av liktalene at dette er «rett» Chares Russell!

 

Soleis er den kanskje største utfordringi i denne huslyden løyst, men det er tydeleg at me manglar fleire detaljar frå La Crosse, WI, som til dømes dødsfalli til Christine og Inga.  Det er vel ikkje usannsynleg det var tæring (tuberkulose) som tok livi deira, men ein eller annan stad må jo dødsfalli vera registrerte...?  Ogso manglar me ei vigsle for Charles og Mary...!?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Ellefson {Ormelid}, f. {i Luster} 8.7.1828, gifte seg 1.2.1856 med Margretha Sørensdotter frå Dvergs­dalen under Flattun, f. i Hafslo 12.2.1836.

Peter og Margaret Ellefson utvandra til Amerika i 1856.  Etter eit kort opphald i Dane Co., Wis., flytte dei i 1860 til Dakota Territory (sidan South Dakota), men på grunn av dei mange indianarå­taki der på den tidi, flytte dei attende til Wisconsin og slo seg kring 1863 ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Margaret d. 19.9.1908.  Peter Ellefson d. same staden 12.12.1909.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Ellef P. Ellefson (1856‑1856) f. og d. i Luster.

b. Ellef, kjend som Edwin Ellefson, f. i Dane Co., Wis. 5.5.1859, d. i Norwalk, Cal. 21.4.1937.  Edwin farma ei tid nær Rugby, Pierce Co., N.D., men gifte seg i Mission Hill, Yankton Co., S.D. 3.10.1903 med Violet Lee, f. i Batley Carr, Yorkshire, England 24.7.1869, dotter av kjøpmann («grocer») Joseph Wilby Lee og Eliza Lee Stansfield.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1886

 

     ##### (or in 1888?)

 

     og d. i Los Angeles, Cal. 13.1.1949.  Ed og Violet busette seg i Yankton, Yankton Co., DS.D. der Ed ei var farmarbeidar («farm laborer»).  Sidan busette dei seg på ein farm i Lake Flat precinct, Pennington Co., S.D., men kring 1922 flytte dei til Monrovia, Los Angeles Co., Cal.  Dei fewkk sju born i lag.

c. Serina Christina, kjend som Christine Ellefson, f. i South Dakota 6.11.1861, d. i La Crosse, Wis.

 

     ##### (exact date of her death? – about 1892 in La Crosse., WI!?)

 

     Christine gifte seg i La Crosse Co., Wis. 29.8.1890 med Anders Iverson frå Tangstræ under Tang i Hafslo, i Amerika kjend som Andrew Everson og Ed Iverson.  Han var f. i Hafslo 29.6.1860, men utvandra til Amerika i 1882.  Andrew livnærte seg i La Crosse, WI som lagerarbeidar og sagbruks­arbeidar («laborer«), men var sidan snikkar, fangevoktar, ismakar og tømmerarbeidar («carpenter, prison warden, iceman and lumberjack»).  Han skal ha butt ei tid i Evansville, Rock Co., Wis., men flytte kring 1908 til Baytown township, Washington Co., Minn. og derifrå kring 1915 til Stillwater, Washington Co., Minn.  I 1927 flytte Andrew so til Stoughton, Dane Co., Wis. der han d. 1.8.1939.  Me kjenner ikkje til at han og Christine fekk born i lag.

 

     ##### (to be verified?)

 

d. Ingvald Peterson, f. i Crawford Co., Wis. 10.1.1864, d. i Prairie du Chien, Wis. 13.1.1944.  Ingvald, òg kjend som Iver Peterson, var ugift og farma i Freeman township, Crawford Co., Wis.

e. Christian Ellefson, f. i Crawford Co., Wis. 12.5.1865, d. i Crawford Co., Wis. 2.2.1935.  Han gifte seg i Crawford Co., Wis. 3.3.1895 med Lulu Zade Newton, f. i Crawford Co., Wis. 28.1.1872.  Ho d. i Viroqua, Wis. 5.2 1965.  Christian og Lulu farma i Freeman township, Crawford Co., Wis. og fekk åtte born i lag.

f. Ingrid Ellefson. f. og d. i Crawford Co., Wis. kring 1868(?).

 

     ##### (exact dates?)

 

g. Ingrid, kjend som Inga Ellefson, f. i Crawford Co., Wis. 14.2.1872, d. ugift i La Crosse, Wis.

 

     ##### (exact date of her death? – about 1891?)

 

     der ho arbeidde i eit varehus («sales lady»).

h. Petrina Marie, kjend som Mary Ellefson, f. i Crawford Co., Wis. 30.12.1875, d. i Minneapolis, Minn. 16.11.1925.  Mary gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – about 1902?)

 

     med Charles Hood Russell, f. i La Crosse Co., Wis. 23.2.1868.  Han d. ved eit ulukkeshende in Lowden, Ia. 13.7.1912.  Charles var prenteverksarbeidar og avisskribent («printer and newspaper writer»), og han og Mary budde i Viroqua, Vernon Co., WI, men som enkje arbeidde Mary som kokke («cook»), mellom anna på ein barneheim i Wittenberg, Shawano Co., Wi. og sidan i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Dei fekk ein son i lag, men Mary hadde òg ein son frå før.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.