Gå til innhold
Arkivverket

Brithe Olsdatter Søre Fjørtoft. Kvar var ho frå?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Brithe Olsdatter Søre Fjørtoft er i Slekter på Fjørtoft og Haram: år 1500 - 1990 av Astrid Fjørtoft Godø, s. 11       opplyst å vere dotter til Ole Larsen d.e. Nordre Fjørtoft og Christi Haldadsdatter Nakken frå Nedre Fiksdal.  https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2010112608032?page=19

 

Brite vart døypt 20 desember 1730   https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660248  I den nye bygdeboka for Fjørtoft står det s. 193 at Brithe vart fødd ca. 1739 og med uvisst dødsår. 

 

Ho gifte seg første gong i 1761 med Lars Hansson Søre Fjørtoft (1704 - 1764).  Det rare er at i innføringa av trulovinga og vigselen i kyrkjeboka i 1761, heiter ikkje kona hans Brithe, men Anne.   https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660307  Løysinga kan vere at Brithe hadde eit andrenamn, nemleg Anne. I skiftedokumentet frå Holmeset frå 1818, står det Brithe Olsdatter Fjørtoft.   https://www.digitalarkivet.no/sk20090128680557

 

Lars Hansson døde i 1764 https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660337

og Brithe trulova seg 2. juli 1765 og gifte seg 2. søndag i advent, dvs. 8. desember 1765 med Guttorm Pederson Ulla. Kjelde: Ministerialbok Protokollnr./tidsrom nr. 536A02/1739 – 1802 Møre o g Romsdal Haram prgj. Haram sokn  Vigra (Roald) sokn, s. 21  https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660308  

 

Guttorm Pedersen døde i januar 1799 https://www.digitalarkivet.no/kb20070903660348

 

Brithe Olsdatter døde hos dottera Anne på Nestegarden, Holmeset 2 på Grytastranda den 15. mars 1818   https://www.digitalarkivet.no/kb20070903640574

 

I den nye bygdeboka for Fjørtoft s. 192 står det at ho som var gift med Lars Hansson og Guttorm Pedersen var ei Brithe Olsdatter frå Festøa i Vartdal ?, f. ca. 1731, d. 1818. Det står vidare i boka at "I skiftet er det nemnd at Brite er fødd på Festø. det kan vere Festøa i Vartdal eller ein annan stad." Personleg finn eg ikkje dette nemnt i skiftet. Derimot les eg at Brithe har Lars Olsson Fjørtoft som laugverge. Han var etter det "Slekter frå Fjørtoft og Haram" skriv  bror hennar, og det var naturleg at han var laugvergen hennar.   https://www.digitalarkivet.no/sk20090126680172

 

Eg kan med bakgrunn i det ovannemnde ikkje sjå at det er noko som rikkar ved at Brithe Olsdatter, f. 1730, gift med Lars Hansson Fjørtoft og Guttorm Pedersen f. Ulla, død hos dottera Anne på Holmeset i 1818, var dotter til Ole Larsson Fjørtoft og Christi Haldasdatter f. Nakken.

 

Er det andre som kjem til ein annan konklusjon hadde det vore greitt å vite kvifor og korleis. Sjølvsagt kan det vere at eg har oversett noko i skiftet etter Lars Hansson Fjørtoft frå 1764, så eg kunne tenkt meg at nokon såg nærare etter der. Mykje av det som står i skiftet er vanskeleg å lese. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.