Gå til innhold
Arkivverket

Akershus len - tienderegnskap 1664. Begrepsbruk


Frode Rolandsgard
 Del

Recommended Posts

Dette gjeld begrepsbruk i lensregnskap frå 1600-talet.
Historikar Gustav Indrebø referer i boka si "Fjordungar" 1935 til tienderegnskap for Akershus len 1664. Her er Valdres delt inn i prestegjeld, annex-fierdinger og annex. Alle tilsvarar eldre og framleis eksisterande kyrkjesokn. Men kva betyr annex-fierding og annex?
Eg tolkar annex-fierding som del av ei fjordungsinndeling av Valdres, altså slik at annex-fierding er eit underordna nivå (bygdeting) under eit meir overordna fjordungsting. Men der det berre står anneks - er det då eit reint kyrkjeleg sokn, der det ikkje lenger er bygdeting? Korleis regnskapet brukar ordet anneks andre plassar i lenet kan vera interessant..., men eg har ikkje klart å finne denne kjelda i digitalarkivet.
Eg skriv om ei mogleg fjordungsinndeling i Valdres.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her har eg spurt meg for hjå dei som kan meir enn meg om dette. Teorien din om at annex kun var meint som kyrkjesokn virkar sannsynleg.

 

Så vidt eg har forstått kan du finne regnskapet for Akershus 1664 her:

https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=&from=&to=&format=all&a%5B%5D=no-a1450-01000001348202&archive_key=

(For øvrig om materialet ikkje skulle ha vore på Digitalarkivet, så måtte du, for å finne ut korleis ordet blir brukt andre stadar, sjølv studere arkivmaterialet via lesesalen til Riksarkivet.)

 

Det kan også vere at du kan finne ut meir om dette ved ein nærare studie av Indrebø sitt arbeide.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

1 minutt siden, Anita Riise - Arkivverket skrev:

 

Lensordningen ble avskaffet i 1661, så som min kollega Anita Riise peker på, finnes regnskapene fra 1660-åra i landkommissariatets arkiv. Dette søket gir oversikt over dette arkivets innhold for året 1664: https://media.digitalarkivet.no/db/browse?archives[]=no-a1450-01000001348202&start_year=1664&end_year=1664&text=

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.