Gå til innhold
Arkivverket

Marte Olsdtr. Åheim f. 1775 på Lote i Gloppen


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Eg leitar etter Marte Olsdtr. f. 1775 på Lote i Gloppen Prestegjeld.
Foreldra Ola Bergeson og Cicilie (Sissel) Kristendtr.  var plassefolk på Lote, men ved FT-1801 finn vi dei att på Åheim i Vanylven, Møre og Romsdal, då som "jordlaus husmann".

Då er ikkje  dattera Marte ilag med dei, men broren Berge Olson et tenar på eit av hovudbruka (han døydde ugift 1810).

Det eg lurer på er om nokon har opplysningar om Marte Olsdtr. etter at familien kom til Vanylven ein gong mellom 1780  og 1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er ukjente folk for min del, kan difor berre gje perifer hjelp ...

 

Men har du sett i originalen til 1801-tellinga?

 

RA, Folketelling 1801 for 1511P Vanylven prestegjeld, 1801, s. 7b-8a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft20090806340012

 

Under Niels Schrøder sin familie (4, øverst høgre side) finn ein tjenestejenta Marthe Olsdatter, 26 år, noko som fortel om fødselsår 1775.

 

Merk at Ole Jacobsen Åheim (der Marte sin bror Berge tjenar) også har ei datter Marthe som var fødd same året. Men ho er listeført hjå faren og vart dessutan gift året etter og overtok heimgarden (Åheim bruk 5). So det i alle tilfeller ikkje ho.

 

Samtidig er det tre andre samtidige dåpar i henholdsvis Vanylven og Syvde sokn der far er ein Ole og dattera er ei Marte/a ... Sjå her. Det kan dermed gjerne vere ei av desse tre som er i tjeneste på Åheim, men det verkar sannsynleg for meg at det er "din" Marte som er hjå Niels ...

 

Ein annan observasjon frå 1801-manntalet er at Ole Bergesen og kona har ein Berge Bergesen (4 år) som forsterson hjå seg ... ! Har ikkje funne dåpen i Vanylven, Selje eller Davik so uklart kven denne guten er, men kan det vere ein utanomekteskapleg son av Berge Olsen?

 

Har ellers ikkje funne skifter etter nokon av desse personane

 

Endret av Morten Sylte
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du etterspør det forsovidt ikkje, men dødsfallet til Cecilie finn du her, sjå løpenummer 6 kyrkjeåret 1831

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 501/L0004: Ministerialbok nr. 501A04, 1816-1831, s. 118
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070829610422

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjerteleg takk for svar Morten!


Orginalen i FT-1801 har eg sett og er inforstått med den. 

Berge Bergesen vart døypt i Davik  13. August 1797  https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640065
Han er nok sonen til Berge Olsen  og er fosterson hos besteforeldra i 1801

 

Hjerteleg takk for  dødsfallet til Cecilie, det  hadde eg ikkje funne så langt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berre hyggeleg. Leitar etter Ole Bergesen sitt dødsfall, men finn ingen "aktuelle". Kan det vere at han er reist frå Vanylven?

 

Fann akkurat dødsfallet til ei "Tjenestepige" som vert kalla Marthe Olsdatter Thorvig, og som vart gravlagd 66 år i 1842. Då busatt og i tjeneste i Nordalen i Syvde sokn. Anar ikkje om dette er korrekt Marthe, men Torvik er som du har sett av 1801-tellinga (og truleg også veit 😉) i umiddelbar nærheit til Åheim.

 

Sidan ein ikkje veit om ho vart gift, so er jo dette inntil vidare eit dødsfall å "ta med seg" ...

 

sjå løpenummer 10

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 501/L0005: Ministerialbok nr. 501A05, 1831-1844, s. 208
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050728010188

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den Marthe Olsd. som i 1804 vart gm. Peder Ingebrigtson Aaheim  og fekk dattera Inger i 1804 har eg ikkje sett meir til i Vanylven (så langt)  så eg  har lurt på om paret har flytta ut av prestegjeldet. Om det er tilfelle (og Marte ER datter til Ole Bergeson)   kan han etter kona sin død ha flytta til dattera.

Dette vert bare spekulasjonar, men kansje ei mulighet.

Bygdeboka seier  heller ingen ting om kvar denne Peder Ingebrigtson busette seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Peder døyr vel her - men om han høyrer til i "din" familie er noko anna.

 

SAB, Selje sokneprestembete*, Ministerialbok nr. A 9, 1829-1844, s. 235
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070515650094


Nei det er akkurat det, å finne spor som kan avdekke kven denne Marte Olsdtr. er!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.