Gå til innhold
Arkivverket

Anders Wiborg (Viborg)


Odd Jan Skriubakken
 Del

Recommended Posts

På Sør-Fron budde det i 1801 to personar som heitte Anders Viborg:

https://www.digitalarkivet.no/census/search/1801/58253?fornavn=Anders+&etternavn=Viborg&familiestilling=&sivilstand=&yrke=&fodselsaar=&alder=&ny_husholdning=&merknader=&bosted=&bydel=&gaardsnummer=

 

Den eine var eigar av Uppigard Hundorp, titulert prokurator. Han var 53 år gamal. På garden budde også faren, Ole Viborg, 83 år gamal. I 1808 fekk Bastine Henriksdotter Wiborg skjøte på garden. Ho var brordotter til Anders. Brorsonen Ole Henriksen skulle bruke halve garden. Ole var frå Gausdal, var lensmann der. Henrik, bror til Anders, var klukkar i Gausdal.        

 

Den andre budde på Grov og heitte Anders Jonsen Viborg. Han var 26 år og klukkar. Han fekk i 1804 odelsskjøte på Nigard Kjorstad, han var gift med dattera på garden, Anna Amunsdotter. To år seinare selde han garden vidare. 

 

Er det nokon som veit noko meir om desse to Anders Wikborg? Var dei i slekt? Kor vart det av klukkaren Anders Wikborg? Det skal også ha vore ein Engebret Endreson Vikborg, som visstnok også var klukkar - han er elles ukjent. 

 

 

 

Endret av Odd Jan Skriubakken
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En klokker Anders Wiborg hadde sønnen Hans til dåpen i Lesja i 1803 - moren er Marit Hansdatter!

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009251866

Hedmark, Oppland fylke, Dovre, Lesjaskog, Lesja, Øvre Folldal i Lesja, Ministerialbok nr. 3 (1777-1819), Kronologisk liste 1803, Side 602-603
https://media.digitalarkivet.no/view/9237/304

 

Men så har klokkeren Anders Wiborg og Anne Amundsdatter en datter Torline Bastine til dåpen i Fron i 1805! Og en av fadderne er prokurator Wiborg!

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012926288

Oppland fylke, Sødorp, Kvikne, Kvam, Sør-Fron i Fron, Ministerialbok nr. 1 (1799-1816), Fødte og døpte 1805, Side 110-111
https://media.digitalarkivet.no/view/9252/34

 

I 1801 hadde Anders og Anne også sønnen Amund. 

Endret av Grethe Flood
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har skjønt at det var mange som heitte Wiborg, at det er/var ei stor slekt med mange greiner. 

Eg har funne fram til Anders Wiborg og Marit Hansdatter i Bygdebok for Lesja bind 3 s. 303. Dei tok over garden Sili ca 1790. Også denne Anders var klukkar, men altså ein annan Anders Wiborg. 

https://www.nb.no/items/b5a76aea1b65fda9b28e08b3852f9e55?page=305&searchText="Bygdebok for Lesja"

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 hours ago, Matthias Kolberg said:

Her står det at Anders (Andreas) Viborg Jonsen Storvik (1775-1830), klokker i Sør-Fron, var oppkalt etter stebestefaren, Prokurator Anders Viborg (1747-1808)

 

Afskediget klokker Anders Jonsen Viborg døde på Hundorp 4.2.1830, nr 17

SAH, Fron prestekontor, H/Ha/Haa/L0003: Ministerialbok nr. 3, 1828-1838, s. 217
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603560110

 

Klokkeren var altså sønn av Ingrid Eriksdatter og Jon Hansen Storvik.

Mormoren, Torø Rasmusdatter, var gift andre gang med prokurator Anders Viborg.
 

Endret av Matthias Kolberg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så hadde dei to Anders Viborg på Sør-Fron med kvarandre å gjera likevel. Eg har vore inne og bladd i boka Slekter i Vågå og Lom, og funne "slektskapen" mellom dei. Da har eg fått svar på spørsmåla mine - mange takk til dei gode hjelparane Grethe Flood og Matthias Kolberg. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.