Gå til innhold
Arkivverket

To stadnamn ved dåp og gravlegging i Vefsn 1719


Knut Skorpen
 Del

Recommended Posts

Eg slit med to stadnamn, og sidan eg før har opplevd at hjelp frå folk som les med friske augo har fått meg på sporet, prøver eg med eit spørsmål om hjelp. sjølv om det kan verke håplaust.

 

Teksten er frå ei kyrkjebokside skriven av Hr. Ole Broch i Vefsn 1719, s. 161 til høgre her: https://www.digitalarkivet.no/kb20071004620256

 

Det er staden for dåpen og staden barnet vart gravlagt eg er ute etter, men eg siteter meir tekst av omsyn til samanhengen. For ordens skyld: Understrekinga tolkar eg som ei overstryking.

 

"døbt i fiellet i [...ohlen??], faddere hafde været Tomas Siur

sen, Soelle Povelsen. Qvindfolk faddere Lisbeth Siursdatter

Tomaes Qvinde Marit Onsdatter, barnet blef kaldet Gun

nilde".

Dernest følgjer ein tekst som A. Dass (prosten) meiner ikkje høyrer heime i kyrkjeboka, og derfor har sett ei ramme rundt. Det gjeld tydelegvis ein konflikt mellom kapellanen som har ført kyrkjeboka og misjonæren som har forretta  dåpen.  Teksten tolkar er greitt nok, men mot slutten slit eg med eit stadnamn igjen:

"[...] barnet er begraffet

i Alf...bugten [???] og siges ved døden natuurlig at være afgan

gen."

 

Endret av Knut Skorpen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forslag til den siste kunne være Alfstadbugten.

 

Alfstad ser ut til å være senere omtalt som en plass under Laksfors i Vefsn.

 

Usikker på navnet på dette dalføret, men det kan være Øksendalen, 

Endret av Matthias Kolberg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  På 16.11.2021 den 11.18, Ivar S. Ertesvåg skrev:

heilt utan lokalkunnskap....: - kan det vere "Anckerdahlen"

Expand  

Javisst kan det vere det, eller heller "Unckerdahlen", dvs. Unkerdalen.

 

Stadnamnet Alfstad ved Laksforsen må vere eit nyare namn, men det står kanskje "Alfsvasbugten" - og i så fall kan det vise til Aalesjaevrie/Elsvatnet, eit par km nordaust for Unkerdalen.

 

Eg vil gjerne ha kommentar til tolkinga mi, men eg trur eg tør takke begge for god hjelp. Eg kom ut av fastlåste feilspor og trur eg er kommen på ein veg som fører fram.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  På 16.11.2021 den 11.46, Knut Skorpen skrev:

Javisst kan det vere det, eller heller "Unckerdahlen", dvs. Unkerdalen.

 

Stadnamnet Alfstad ved Laksforsen må vere eit nyare namn, men det står kanskje "Alfsvasbugten" - og i så fall kan det vise til Aalesjaevrie/Elsvatnet, eit par km nordaust for Unkerdalen.

 

Eg vil gjerne ha kommentar til tolkinga mi,

Expand  

 

Det er nok "Uncker-"   Eg syntest det var ein litt rar A, men det var det næraste eg kom på.

 

Det er nok ein -s- før "-dahlen". Men dersom det er "Alfsvas-", er a-en svært samantrykt.  Det kan er vel heller "Alfsves-".

Om du har rett om staden, er det vel eit spørsmål om korleis ein mistolka og stava samiske namn på dansk for 300 år sidan.

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.