Gå til innhold
Arkivverket

Merknader utanfor merknadsfeltet, og litt til


Richard Johan Natvig
 Del

Recommended Posts

Dette klippet illustrerer tre spørsmålsstillingar for meg i korrekturarbeidet.

image.png.29f670d019ce88e517a4cd72ce55c010.png

SAK, Høvåg sokneprestkontor, F/Fa/L0005: Ministerialbok nr. A 5, 1878-1893, s. 368
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060509080273

 

1) I rubrikken for stadfesting av heimedåp markerer presten med ein kross at barnet døydde før stadfestinga kunne skje. Andre stader i same kyrkje bok står det i denne rubrikken: "Død uden at være fremstillet i Kirken." el.likn. I slike tilfelle har eg skrive denne merknaden i merknadsfeltet. For det første: Er det OK? Og i dette tilfellet når det berre står ein kross, skal eg skriva med eigne ord i merknadsfeltet at barnet døydde før stadfesting i kyrkja? Eventuelt med "E:" framfor ettersom det er mine ord?

 

2) Generelt har prestane skrive fleire merknader utanfor merknadsfeltet, som her "(Tvilling med gut no. 1.)". Eg har skrive slike merknader inn i merknadsfeltet, men det med meir presis tilvising til kven barnet er tvilling til (f.eks. her: "Tvilling til lnr 1 Mandkjøn". Er det OK? Og generelt: er det greit å skriva inn andre merknader som ikkje står i merknadsfeltet inn i dette?

 

3) Moras namn les eg som "Nellevine Andrea f. Nils?? (O...dtr.)" Det kan sjå ut som at presten først har skrive "Nellevine O...dtr", og deretter retta, parentesen betyr antakeleg sletting av "O...dtr." Fører eg dette slik som det står, med parentes? Og ikkje minst: er det noen som klarer å sjå om det står "Nilsen" eller "Nilsdtr"? Og er i stand til å lesa namnet som står inne i parentesen? Besvart!!

 

Så to andre spørsmål:

 

4) I ein del tilfelle har presten skrive inn fødselsdato til foreldra, ikkje berre fødselsår. Skal eg ta desse med?

 

5) I ein del tilfelle har presten skrive vigselsdato til foreldra. Skal eg ta denne med?

 

6) I ein del tilfelle har ein seinare prest skrive inn vigselsdato til barnet. Skal eg ta dette med?

 

 

 

 

Endret av Richard Johan Natvig
Lenke til kommentar
Del på andre sider

24 minutter siden, Richard Johan Natvig skrev:

Og ikkje minst: er det noen som klarer å sjå om det står "Nilsen" eller "Nilsdtr"? Og er i stand til å lesa namnet som står inne i parentesen?

 

Jeg vil foreslå "Nilsen" og "Reinertsdtr."

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 17.11.2021 den 14.15, Kristian Hunskaar (privat) skrev:

 

Jeg vil foreslå "Nilsen" og "Reinertsdtr."

Klarer ikke å se Reinertsdtr i teksten som du hentyder til men far til Nellevine het Nils Reinert. Det som står i parantes tolker jeg mer som Oline eller lignende. Står og Nilsdtr som farsnavn Ville ha skrevet Nellevine Andrea Nilsdtr. og det som står i parentesen foreslår jeg å bruke Ol??

 

1. Når det står «død før stadfestelse ol» ville jeg ha skrevet det i merknader me E: Når det kun står kross der ville jeg vært litt mer forsiktig og kanskje sjekket i boken for døde eller skrevet E: mulig død før stadfestelsen eller lignende.

 

2. Greit å skrive slike merknader i merknadsfeltet.

 

4. Er felt for å registrere fødselsdato for foreldra og det er bare å registrere.

5. Er felt for dette også så bare å registrere hvis det står der.

6. Som en merknad ja.

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk, Rolf, god hjelp!

 

Når det gjeld "Reinertsdtr": Jo eg ser det, etter at Kristian påpeika det. Ved å forstørra bildet ser eg at det er same R som i "Anna Rebekka", det første barnet på sida.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.