Gå til innhold
Arkivverket

Erik Olson Langvatn sitt skifte


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Eg treng hjelp til å tyde innleiinga til skiftet etter Erik Olson Langvatn: https://www.digitalarkivet.no/sk20090126660862

Slik eg forstår innleiinga er laugvergen til kona Synneve Paulsdatter stesonen Anders Erikson Langvatn. Så forstår eg det slik at dei to borna Anders og Ingeborg er den avlidne sine etterlevande born.  Kan dette bety at ingen av borna har Synneve Paulsdatter til mor?

Det vil i så fall bety at begge er fødde utanfor ekteskap, for Erik Olson og Synneve Paulsdatter gifte seg i 1707 ifølgje Voldasoga 2 side 467:   https://www.nb.no/nbsok/nb/eaf3ccd750c90d34b3925ce4accb570d#476

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, HelgeHånes skrev:

Slik eg forstår innleiinga er laugvergen til kona Synneve Paulsdatter stesonen Anders Erikson Langvatn. Så forstår eg det slik at dei to borna Anders og Ingeborg er den avlidne sine etterlevande born.  Kan dette bety at ingen av borna har Synneve Paulsdatter til mor?

Det stemmer så langt. Men det står eigentleg ikkje om Ingeborg har Synneve eller nokon annan som mor.

Sidan det er arveoppgjer etter Erik, er den viktige opplysninga at dei er hans barn, ikkje kven som er mor deira.

 

Men ... vi kan slutte ein del ting frå arvereglane:

Anders og Ingeborg arvar på like fot; altså brorlut (2/3) til Anders, systerlut (1/3) til Ingeborg.

Då var begge anten ektefødde, eller begge er fødde utanfor ekteskap og så tinglyste som Erik sine.

Dersom dei hadde vore fødde av ei anna mor etter at Erik var gift med Synneve, ville det vere hor. Då ville dei ikkje fått nokon arv.

Men dei kan vere fødde i eit tidlegare ekteskap for Erik.  (Han skal vere f. 1681, så det ville vere tid nok før 1707.)

 

Det er nokre opplysningar som ikkje stemmer her.  Diverre er det ikkje så mange alternative kjelder for desse opplysningane.

Fødselsåra for Anders (ca 1721 ifl. Busetnadssoga b3 s 347) og Ingeborg (ca. 1721 ifl. Voldasoga og Busetnadssoga) kjem venteleg frå

alder ved død.  Det kan vere unøyaktig, men kanskje ikkje med meir enn 15 år(?).

Då er det mest nærliggane å tenkje at det er opplysninga i skiftet om at Anders er steson, som er feil. 

Det er truleg det som ligg bak når både Voldasoga og Busetnadssoga gjer Synneve til mor til begge.

 

Synneve hadde tre born frå første ekteskap. Dersom Anders var steson, ville son/verson vere nærare til å vere lagverje

for henne. (Det er uklart om sonen Ingebrigt levde i 1760, men dei to versønene levde iallfall; ein av dei på grannegarden Nes.)

Det kan også tale for at det er opplysninga om at han er steson som er feil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Det er nokre opplysningar som ikkje stemmer her.  Diverre er det ikkje så mange alternative kjelder for desse opplysningane.

Fødselsåra for Anders (ca 1721 ifl. Busetnadssoga b3 s 347) og Ingeborg (ca. 1721 ifl. Voldasoga og Busetnadssoga) kjem venteleg frå

Det beste er vel å halde seg seg til dei originale kjeldene, og kyrkjeboka ved død skulle vel tyde på at Anders var fødd kring 1701 og ikkje 1721?: https://www.digitalarkivet.no/kb20070829660148

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Inge Nygård skrev:

Det beste er vel å halde seg seg til dei originale kjeldene, og kyrkjeboka ved død skulle vel tyde på at Anders var fødd kring 1701 og ikkje 1721?: https://www.digitalarkivet.no/kb20070829660148

Det er eit godt poeng.  Eg sjekka ikkje dette, men viste til Busetnadssoga, som heller ikkje kan ha sjekka.

Dersom Anders er f. 1701, var truleg Erik gift ein gong før.

 

Så spørs det om også Ingeborg hadde ei anna mor. Alderen hennar ser ut til å vere basert på ei innførsle i Hjørundfjord,

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 515/L0206: Ministerialbok nr. 515A02, 1765-1818, s. 278-279
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070830620670

nedst i 2. spalta (1783) "Ingeborg Johannes Datt Standal d 24 Xbr - 62." 

Bygdebokskrivaren har venteleg eliminert seg fram til at dette må vere Ingeborg Eriksd. (men er det rett?)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.