Gå til innhold
Arkivverket

Kristen Andreas Hansen Førde, f. 1876.


Gunnar Sigdestad
 Del

Recommended Posts

Eg har leita etter denne karen i kanskje 20 år, utan å finne særleg handfaste spor etter lagnaden hans. Syskena hans og etterkomarane deira har eg kontroll på.

 

Kristen Andreas Førde, f. 19. august 1876 i Eid i Nordfjord. Foreldrene Hans Johnsen Førde (1840-1906) og Agnete Valborg Olsdatter, fødd Vik, 1839-1929.

Konfirmert i Hemnes 1891, dit familien flytta i 1880, også registrert der i FT 1891.

Sidan ikkje å finne i verken folketeljingar eller aviser før han dukka opp i Kristiania botsfengsel i 1901.

RA, Botsfengslet, D/Db/Dbb/L0035: 242k - 530k, 1900-1901, s. 115
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db10101604040118

Då faren døydde i 1906 står han oppført med 5 fråverande born, altså lever Kristen då, og dette er siste sporet.

I fangeprotokollen er opplyst at Kristen har arbeidt som gruve- og jernbanearbeidar, såvel i Sverige som i Noreg, så kan hende han kan finnast i svenske kjelder?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det nokon ekspertar her som har tilgang til svenske folketeljingar frå og med 1900 og utover som kunne ha sjekka om han fins der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk, Sven.

Mystisk mann; finn han heller ikkje blant emigrantar. Litt vanskelegare å finne han blant sjømenn. Han kan jo ha kalt seg Kristen Hansen, eller kanskje Hansson i Sverige, men ingen funn så langt.

 

 

Endret av Gunnar Sigdestad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Gunnar Sigdestad changed the title to Kristen Andreas Hansen Førde, f. 1876.

Dette ser veldig rart ut, men interessant, Torbjørn, men diverre neppe rett mann.
Rett nok er faren til Kristen frå Ålfoten, men ingen i Ålfoten, og berre ein i heile Noreg heiter Kristen Førde i FT 1920. At "min" Kristen Førde flyttar til farens fødestad og blir skipper på fiskebåt tykkjer eg er usannsynleg i og med at ingen hugsar eller veit om det.
Kvar journalisten i 1931 har fått dette namnet ifrå,er derimot eit stort spørsmål.
 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er nok skipperen truleg identisk med bonde og fiskar Kristen Markusson Førde, som finst i ei rekkje kjelder som f.eks. FT1910 og FT1920.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 2.1.2022 den 22.28, Gunnar Sigdestad skrev:

Då faren døydde i 1906 står han oppført med 5 fråverande born, altså lever Kristen då, og dette er siste sporet.

 

Eg limer inn denne, #59:

Nordland fylke, Nordre Helgeland, Dødsfallsprotokoll nr. 3 (1888-1914), Protokollside, Side 54
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk60065252000057

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Ved mora sitt dødsfall i 1929 er det ikkje nemnt namn på arvingar:

Sogn og Fjordane fylke, Dødsfallsprotokoll nr. 2 (1929-1933), Dødsfallsprotokollside
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611312134010
 


Eg la merke til det. I 1929 var sonen Johan i Amerika, Ole d. som enkjemann 1913 i Hemnes, Hansine død, gift Johnsen i Haugesund og Andreas gift og busett i Haugesund.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er eit godt døme på nål-leiting i høystakk. Det finst rikeleg med nolevande temmeleg nære slektningar; enn om ein eller fleire av dei la inn ein gen-test, i tilfelle det finst nokon ein stad der ute som leitar etter oldefars opphav - forsåvidt nål i høystakk det og, men då er det i det minste maskiner som leitar.

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Ved mora sitt dødsfall i 1929 er det ikkje nemnt namn på arvingar:

 

Eit fattiglem kan ha etterkomarar, men i praksis sjeldan arvingar, så knapt nødvendig å nemne dei.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.