Gå til innhold
Arkivverket

Hvordan standardisere mannsnavnet Oufgen?


tom askerøi
 Del

Recommended Posts

Innlegg #26:

 

Eg kjenner meg delvis att i siste innlegget til Kristian!  Sidan eg tok til med bygdebokarbeidet i Luster på 1970-talet har eg freista nytta ei «normalisering» av namni slik dei vart skrivne kring 1825-1850, d.v.s. før målfolk og andre tok til å endra på namni.  Same praksis nyttar eg òg når det gjeld gards- og plassnamn.  Soleis kan det førekomma namnekombinasjonar som kan tykkjast «merkelege», som t.d. Kristian Christianson, men det kjem av at sonen er fødd mot slutten av 1800-talet og nytta ei «moderne» form av namnet, i motsetnad til faren som kanskje var fødd og oppvaksen tidleg på 1800-talet då Christian-formi var einerådande...  Eit anna omsyn (og for å unngå generell forvirring) eg tek her er dei amerikaniserte namni.  Dei aller fleste emigrantane med norske førenamni som børjar på C, heldt på C-formi ogso etter utvandringi som i indre Sogn var særleg omfattande frå 1850-talet til 1870-talet.  I samsvar med analyser som eg gjorde for 50 år sidan er det i dag fleire hundre tusen nolevande amerikanarar som har røter frå Luster kommune åleine, etterkomarar etter minst ein av om lag 6500 emigrantar!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Dag Thorsdalen skrev:

Nja, mon det, Olaf? Hvis du ser nærmere etter, er opphavet til denne tråden Bergan (gnr. 1) i Sigdal. Mens det skiftet du viser til ble holdt på en plass under Bergan (gnr. 67) i Modum hovedsogn. Altså to ulike gårder i to ulike (nabo)kommuner, vel en mil fra hverandre i luftlinje over åsen.

Du har selvfølgelig rett i det, Dag, jeg ber så mye om unnskyldning for at jeg var for rask, og ikke så at det var to steder. Hastverk er lastverk! 🙂

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.