Gå til innhold
Arkivverket

[Løyst]: SF: Skifte (1707) på Birkeland (Bygstad sokn) i Gaular - Merkeleg stadnamn


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

  • Torbjørn Igelkjøn changed the title to SF: Skifte (1707) på Birkeland (Bygstad sokn) i Gaular - Merkeleg stadnamn

Eg har lagt ut eit lite slektstre på Geni med skifta etter Mari Lassedtr. Birkeland (ovanfor) og broren, Truls Lasseson Birkeland som grunnlag:

https://www.geni.com/people/Mari-Birkeland/6000000181427684846

 

Bestefaren som er nemnd må vere far til Synneve Olsdtr.

 

Eg legg merke til at det skal vere ein gard som heiter Årås i Gloppen-området. @Aase R Sæther - GloppenSaknar du ei Synneve Olsdtr. Årås fødd på 1600-talet?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kjenner ikkje til nokon Årås-gard i Gloppen, dessverre. Eg ser skiftet startar på sida før; skal sjå litt på det. 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skjønar no at eg var litt for rask då eg konkluderte med at det var ein Årås-gard i Gloppen. (Eg er elles frustrert over kor dårleg Google er til å finne stadnamn).

 

Men det står då vitterleg Aaraes i skiftet ovanfor??? Kvar kan dette vere når ein har Gaular i Sunnfjord som utgangspunkt? (Det nærmaste eg kjem i Gaular er Årnes).

 

Redigert: Eg finn heller ikkje noko fornuftig i MT1701:

https://www.digitalarkivet.no/search/64/38456?no_alias=1&fornavn=Ol*&etternavn=&stilling_stand=&kjonn=&rolle=&alder=&oppholdssted=&gard=Aar*&konstruert_adresse=&sokn=&prgjeld=&skipreide=&fodestad=&fogderi=&merknader=

 

Det er Årås i Lindås i Nordhordland, men der er det ingen Ole i MT1701.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et skikkelig langskudd: Kan det være at første ord neste linje hører med til navnet? Slik at med litt godvilje og høyde for slurveskrift kunne det bli – Aarne

-set?

 

Da er vi i det minste i Gaular . . . Bare en tanke, og temmelig luftig sådan 😉

 

Mvh

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg les det som "sat (...) til formynder". Men kan namnet kanskje likevel tydast som Aarnæes eller Aarnæss? Eller evt. Aarøen/Aarøes? Det er nemleg også ein gard som heiter Årøy/Årøyane i Gaular.

 

Eg trur faktisk siste bokstaven liknar meir på n enn s. Ein ser vel same bokstaven i slutten av nederste linja i Ousen og Niøsen? Då står det altså Aarøen.

 

Men ingen Ole der i 1701:

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000616989

 

Her viser det seg nok eit eksempel på feil og manglar i transkripsjonen av MT1701, som ikkje er heilt god. I den skanna utgåva finn ein nemleg også oppsitjaren Ole Halvorson (66) med sonen, Peder (10).

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord og Nordfjord, Svanø, Manntall nr. 9 (1701-1701), Protokollside, Side 8-9
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10051010280015
 

Dette må vere den omtalte bestefaren som er nemnt i skiftet få år seinare.

 

Då trur eg jammen at problemet er løyst!

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Torbjørn Igelkjøn changed the title to [Løyst]: SF: Skifte (1707) på Birkeland (Bygstad sokn) i Gaular - Merkeleg stadnamn

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.