Gå til innhold
Arkivverket

Bertha Shellestad (1818-1910) - enkje i Stoughton, WI frå før 1900 - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil aller først syna til dette gamle emnet som eg tok opp att i går: https://forum.arkivverket.no/topic/199030-johannes-johannesson-1806-og-bertha-hansdotter-1818-gifte-i-sogndal-1848-då-busette-i-lærdal-utfordring-kvar-vart-det-av-dei-toten/

 

Bertha Hansdotter (f. Foss i Sogndal 7.10.1818) utvandra til Amerika frå Lærdal i 1853, og etter ho vart enkje i Dane Co., WI i 1867, då hadde namnet Bertha JOHNSON.

 

Ved FT1900 for Stoughton, Dane Co., WI finn me denne huslyden (Dwelling #248): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6L2G-GN

 

Dette er huslyden til smeden Nils Torbjørnson Rudsvik frå Kaupanger i Sogndal, alias Nels Thompson med kone Bertha og borni deira, samt:

 

«aunt» Bertha SHILLESTAD, enkje, fødd i Noreg des. 1817, utv. 1855 - ingen born fødde eller i live

 

Den etterlyste Bertha Hansdotter f. Foss var tanta til Bertha Thompson (ei søster til mor hennar), og etter det eg kan sjå, hadde korkje Nels eller Bertha Thompson noki anna tante som kan høva!

 

Me finn Bertha Shellestad òg i FT1910, då busett på Skaalen gamleheim i Stoughton, Dane Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYX-9QCD

Her står ho rett nok som fødd 1816 og utvandra 1850 og ugift, men det MÅ vera same dama!

 

Og her er ho som Bertha Skillestad i FT1905 - enkje, f. 1817 - på same gamleheimen i Stoughton: https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/1550983:1055?_phsrc=00898745&_phstart=successSource&gsfn=bertha&ml_rpos=1&queryId=e605aee5c3f2d35137ea517a50c725c4

 

Her er so gravi hennar frå Skaalen Home i Stoughton, WI, døydde 2.9.1910, fødd 17.9.1817: https://www.findagrave.com/memorial/198632672/bertha-skillestad

 

Utfordringane mine er no:

 

** Er det mogeleg å finna Bertha Johnson Shellestad i FT1870 og FT1880?

 

** Korleis fekk ho namnet Shellestad? - Var ho kan henda attgift?  Ho var berre 49 år gamal då ho vart enkje i 1867!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Lars E. Øyane changed the title to Bertha Shellestad (1818-1910) - enkje i Stoughton, WI frå før 1900 - lagnaden hennar?

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Sven for spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg kan ikkje sjå at John Thompson og huslyden hans hadde noki tilknytting til den ætti som eg leiter etter...

 

Men vigsli frå Sogndal frå 1840 greide nesten å lura meg!!

 

Diverre so syner bygdeboki for Sogndal (Skjeldestad) følgjande:

 

«Ole Torstenson (Skjeldestad) f. 1814, d. på Skjeldestad 1901 - gifte seg 1840 med Bertha Johannesdotter (Aaberge), f. 1819, d. på Skjeldestad 1898». Dette parfolket var gardbrukarar på Skjeldestad i Sogndal og fekk ni born i lag.

 

So kjelda til Shellestad-namnet i Stoughton, WI må vera ei onnor....  Hadde me berre greidd å finna Bertha i 1870 og/eller 1880...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å løysa denne gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Sannsynligvis familien funnet av Sven. Men feil alder for Bertha?

 

John Thurfson

in the 1880 United States Federal Census

Name:John Thurfson[John Thompson]

Age:46

Birth Date:Abt 1834

Birthplace:Nry

Home in 1880:Adams, Mower, Minnesota, USA

Race:White

Gender:Male

Relation to Head of House:Self (Head)

Marital Status:Married

Spouse's Name:Betsey Thurfson

Father's Birthplace:Nry

Mother's Birthplace:Nry

Occupation:Farmer

Cannot Read:Yes

Cannot Write:Yes

Neighbors:View others on page

Household MembersAgeRelationship

John Thurfson46Self (Head)

Betsey Thurfson51Wife

Thomas Thurfson23Son

Mary Thurfson14Daughter

Stena Thurfson12Daughter

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/32856362:6742

 

Betzy Thompson

in the Wisconsin, U.S., State Censuses, 1905

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/1695214:1055

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.