Gå til innhold
Arkivverket

Marie Botolvsdtr. Bøtun 1797- frå Fresvik, kvifor vart ho konfirmert i Lavik?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Marie var dotter av strandsitjaren Botolv Endreson Bøtun 1762-1835 og Brita Ellingsdtr. Hov 1755-1840. Så langt eg har funne ut budde dei heile livet i Fresvik.

Born Anna 1795-98

Marie  1797-

Anna 1800-, gift til Haukanes i Fresvik

Endre 1804-1834

 

Marie vart konfirmert i Lavik i 1813, sannsynlegvis budde ho der også seinare. Ho er kårkone i Sørevig i Lavik i 1865 og 1875 og budde hos dottera.

 

Går det an å finna årsaka til at Marie enda i Lavik før ho vart konfirmert medan foreldra og dei to andre borna framleis budde i Fresvik? 

Faren Botolv kom frå gardsbruk i Bøtun og eg finn ikkje noko samband utover til Lavik. Mora skreiv seg Hov men veit ikkje meir om ho. Sjølvsagt kan Hov vera tenaradresse og at ho kom frå ein annan stad.

Takksam viss det går an å finna ut meir om Marie og grunnen til at ho enda i Lavik i så ung alder.

Mvh

Anne Marie B Øyri

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Går det an å finna årsaka til at Marie enda i Lavik før ho vart konfirmert medan foreldra og dei to andre borna framleis budde i Fresvik?

 

Å finne ei sikker årsak er vel neppe mogeleg - bortsett frå det opplagde: at ho oppheldt seg der på den tida.

Men ... - vi kan resonnere litt: ein plassemann/strandsitjar hadde neppe råd til å halde ei 15-16 års dotter heime.

Det mest sannsynlege svaret  er at ho var ute i teneste (og hadde vore det i iallfall 2-3 år), og at dette året var ho i Lavik.

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hei, det var ikkje uvanleg at born av husmenn og strandsitjarar frå dei indre bygdene i Sogn vart «sende» til ytre Sogn for å tena til livets opphald, og dei fleste av dei vart buande i ytre Sogn.  Eg har mange døme frå Luster og Hafslo!

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er sikkert sannsynleg som Ivar og Lars seier at ho måtte ut i teneste og enda i Ytre Sogn. 

Har jobba litt med å finna ut kven mora var. 

Brita Ellingsdtr. Hov 1755-1840.

Klarer ikkje finna nokon under Hov i Fresvik som passar inn. Nokon som har tips her?

 

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 minutes ago, Anne Marie Bøtun Øyri said:

Brita Ellingsdtr. Hov 1755-1840.

Klarer ikkje finna nokon under Hov i Fresvik som passar inn. Nokon som har tips her?

Som fadder til Marie er oppført Jens Haaw.

SAB, Leikanger sokneprestembete, SAB/A-81001Ministerialbok nr. A 5, 1792-1809, s. 86
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070511630296

 

Eg finn ein Jens med høveleg alder på Hov men han er fødd Jens Ingebriktsen Lagmannsås - og eg finn han ikkje på Lagmannsås, heller ingen Ingebrikt.

Eg tenkte han kunne vera broren til Brita men nei.

Endret av Jostein Stokke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg # 8:

 

Brita Ellendsdtr KAN mogeleg væra ho på v 204, s 213, i Ættabokji for Vik, utg 2008.

 

Brita er då født 1761, 6 år i diff frå det Trådstartar Anne Marie, har i # 1.

——

Sjå det KUN som eit «skot på blink», og ikkje noko meir !  Pluss å få emnet øverst på lista !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I folketeljinga i 1801 er Brita 38 år, altså fødd i 1763 og i teljinga i 1815 50 år. Dvs  fødd i 1765. Går ut frå at ætteboka som har oppgitt fødselsår til 1755 har gått ut frå kyrkjeboka i 1840 som seier at ho då er 85 år. 

Kanskje då mest sannsynleg at ho er fødd ca 1863-65.

Så finn eg konfirmasjonen til Brita Ellingsdtr Hove, 17 år i 1781, altså bør fødselsåret bli 1764. Lista gjeld for Leikanger utan at bygda er spesifisert på denne lista. Men ho står blant jenter frå Fresvik.

https://media.digitalarkivet.no/view/11567/235

 

Då er ein truleg litt nærare korrekt fødselsår, men utan å finna foreldre. Hov og Hove kan vera både i Feios og Fresvik, men mest truleg er dette Fresvik.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og så kjem det også an på kva som er kjelda for fødselsåret 1761. Om det skulle vere eit skifte og ikkje kyrkjebok kan ho like godt vere fødd i 1764 - dersom det då er same person.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.