Gå til innhold
Arkivverket

MR: Kippervig i Walde Skibrede


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Eg arbeider med eit skifte etter Haagen Ingebrigtson, plassemann i Kipperviigen i Walde Skibrede, Møre og Romsdal  dat. 2/2-1789
Denne Haagen Ingebrigtson er frå Sve i Stranda Sokn og var busett i Kipperviigen og arvingane var enkja Brithe Halkjellsdtr og systra Brithe Ingebrigtsdtr.                     gm. Arne Øxe (?)  https://www.digitalarkivet.no/sk20090126710781
Mine spørsmål i saka er:

1.  Kvar er Walde Skibrede? (Eg trudde Kipperviigen er i området rundt Ålesund høyrde til Borgund Skibrede)
2. Har eg tolka rett Brithe Ingebrigtsdtr. og mannen Arne (ØXE) sin bustad og kvar i såfall kan det være?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Valle ("Walde" m.m.) skipreide var i hovudsak Skodje sokn (i Borgund prestegjeld), Ørskog sokn og Sykkylven sokn (Ørskog prestegjeld).

 

Garden Kippervik ligg nord på Sula - etter "dagens geografi" ville ein vel seie i Langevågen. Det var i Borgund sokn og Borgund skipreide.

Her er det snakk om "Pladsen Kipervigen i Walde skibreede", som må vere noko anna enn garden Kippervik.

 

lagverje for enkja var "Jens Ytterviig".  Ytrevik ligg sør på Uksenøya, mellom Valle og Glomset. 

Jens kan vere ein slektning - eller ein granne.  Eg ville gjetta på at plassen låg i dette området.

 

Etternamnet til Arne kan vere "Øxe", men det er litt uklart.  Eg ser ingen andre x-ar her for å samanlikne.

Eg kjem ikkje på kva gard dette evt. skulle vere.  Det kan også vere ein plass (ikkje i matrikkelen) eller eit etternamn som ikkje er gardsnamn.

Det kan vere "Øie" (Øye er gardsnamn m.a. i Skodje sokn (Engesetdalen), Stranda, Norddal eller i Sunnylven) eller "Øre"

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då Brite Ingebrigtsdtr. og ektemannen Arne  vart gifte i Stranda 5.1.1785 (trl. 25.12.84)er han skriven som Enkemand Arne Nielsen Emblemsvaag.

Eg finn ikkje Bygdebøkene for Borgund og Giske på nb.no  så eg får ikkje sjekka kva det står om han under Emblemsvåg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Glomset, som eg nemnde, ligg inst in Honningdalsvågen. Ytrevik ligg aust for vågen og Nonsvika vest for vågen.

Bygdeboka for Skodje seier at Kippervik er brukt som eit alternativt namn på garden/plassen Nesvik (mellom vågen

og Nonsvika):

Hågen Ingebriktson er nemnd s. 73:

https://www.nb.no/items/f6780faa32f308ecf50d6978e7138394?page=77&searchText=kippervik

 

Ver-broren er kalla "Arne Aase".  Det er ikkje det som står i skiftet, men det kan vere rett.  Åse er (m.a.) ein stor gard i Borgund sokn

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Brithe Ingebrigtsdtr. og mannen Arne Nielsen (Andeberg) budde på ein plass på garden Opshaug/Uksag på Stranda (lokal uttale Ukksa). Om namnet sjå O. Rygh: https://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS206109%4045875=on

 

Brithe døydde i 1799 (sjå nr. 9): https://www.digitalarkivet.no/kb20070830660231

 

Enkemannen Arne var oppattgift ved FT1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058417000029

 

 

Endret av Inge Nygård
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.