Gå til innhold
Arkivverket

Hans Monsson, husmann på Stølen i Solund frå 1810, kvar kom han frå?


Alf Strand
 Del

Recommended Posts

Hans Monsson og kona Anna Olsdtr kom til Stølen ca 1810. Hans f. ca 1776, bur på Helleset i Fjaler i 1801. Kona Anna, f. ca 1767, veit eg ikkje noko om. Det er mogleg ho hadde ei dotter frå før. Men kvar kom dei frå?

Alf 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er truloving mellom Hans Monsen Helleset og Anna Olsdtr. Aasnes i Fjaler i 1802: https://www.digitalarkivet.no/kb20070507640342

 

Skiftet etter Brithe Sørensdtr. Aasnes i 1814, nemner m.a. dottera Anna Olsdtr. g.m. Hans Monsen. Dei "oppholder sig i Sulen.": https://www.digitalarkivet.no/sk20081127630285

 

Her er Anna si familie på Åsnes i bygdeboka s. 385-386: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030648532

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veit ein kven som er foreldra til Hans Monsen Helleset?

 

Kari Olsdtr. Aasnes g. ???? m. Ivar Sjurson Gylta f. 1767 --> Kråkenes (N) (Solund).

 

Barbro Olsdtr. Aasnes g. 1806 m. Kornelius Rasmussen Kråkenes (N) --> Hågøy (Askvoll).

 

Nille Olsdtr. Aasnes g. 1816 m. Anders Iversen Melvær (Askvoll), men han var kanskje ikkje frå Melvær. Kven var Anders Iversen Melvær?

- Eg har ikkje funne ut kvar dei - Nille og Anders - tok vegen etter at dei døypte ei dotter (Maren Serine) i Askvoll i mai 1818. Denne dottera var gift 1856 i Bergen med Lars Christian Larsen.

Endret av Gisle Hersvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når eg no ser på gamle notater ser eg at eg har litt spørsmål omkring denne familien 🙂 

Ref. BB for Solund: https://www.nb.no/items/da6992a4b372b20e2faa2afbc07cac6d?page=91

 

Ola f. 1802 var fødd Mork, Fjaler. Han vart g. 1832 med Barbra Eivindsd. frå Mo, Lærdal. 7 barn.

 

Søren f. 1811 vart g. 1833 i Askvoll med Anne Johanne Jørgensd. Steinsøy, Solund. 5 barn.

 

Men kven er den Malene f. 1799 som er nevnt i BB for Solund? Kva skjedde evt. med ho etter at mora døde? 

- Kan det vere at 1799 er feil og at ho heller skal vere f. 1807 Helleseth, Fjaler: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHTP-3NB og at ho då kan vere identisk med den Malene Hansdtr. Stølen, 27 år, som i 1833 gifter seg med Thomas Torjes. Ekre (f. Lærdal) under Valuen(es): https://www.nb.no/items/da6992a4b372b20e2faa2afbc07cac6d?page=111 ?

 

Endret av Gisle Hersvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finn ikkje noka Malene f. i Fjaler 1799. Eg vil tru at bygdeboka er feil, Malene vart fødd 1807 medan familien framleis budde på Helleset, og det er ho som gifter seg med Tomas Torjeson frå Lærdal og slær seg ned i Vauleneset.

 

Alf

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for 'konklusjon' 🙂

 

On 2/1/2022 at 11:45 PM, Gisle Hersvik said:

Nille Olsdtr. Aasnes g. 1816 m. Anders Iversen Melvær (Askvoll), men han var kanskje ikkje frå Melvær. Kven var Anders Iversen Melvær?

- Eg har ikkje funne ut kvar dei - Nille og Anders - tok vegen etter at dei døypte ei dotter (Maren Serine) i Askvoll i mai 1818. Denne dottera var gift 1856 i Bergen med Lars Christian Larsen.

 

Dei gifter seg 18.5.1816:

           - Han skriven enkemann og Melvær, men står ho som Lene?

           - Kven er denne Anders Iversen?

 

Lengre opp på sida finnes dåpen til Johnas (med fadrar frå Melvær: Sjur, Knud og Ane Melvær, Birthe og Else ibid.), då er mora skreven som Nille (af Holmedals). Det same er ho då Maren Serine vert døypt i 1818:

 

Det var ein diskusjon på ei Facebook-gruppe som leia tilbake til Nille og Anders via dottera Maren Serine.

 

I ekteskapet med (enkemann) Lars Chr. Larsen fekk ho sonen Edvard Christopher Larsen (https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007560170) som emigrerte til USA og gifte seg med ei Marie Strand f. 1886 Bergen.

- Gravstøttene deira ved Evergreen Cemetery, Oakland, Alameda County, California, USAhttps://www.findagrave.com/memorial/166591261/edward-christian-larsen

Endret av Gisle Hersvik
La inn lenke til FaG
Lenke til kommentar
Del på andre sider

46 minutes ago, Gisle Hersvik said:

           - Kven er denne Anders Iversen?

 

Er har vel ein mistanke om at bygdebok-forfattaren i Askvoll tenkte at Anders var denne karen frå Værøy 53.c.:

image.png.e8598f8bb50dfc9764add43d508f27d3.png

 

Men om informasjon under Værøy 63.B er korrekt så skal vel denne Anders Ivarsen vere død før 1800? Eg finn han ikkje i FT1801, forsåvidt ikkje Inger eller Sjur heller.

 

Men enke Inger Olsd. Herland og Sjur Jørgensen Kjempenes gfiter seg 15.5.1800:

Bygdeboka for Askvoll | Kjempenes:

image.png.bfd12988e34960b01810235840ca6051.png

 

Så fortsatt står spørsmålet om kven Anders er, kven denne Sjur Jørgensen er og kvar desse folka tok vegen...

 

Ivar Anders. Værøy - ref. Værøy 63B.a. - gifta seg 1828 i Bergen m. Ales Desideriusd. Værøy (64.d): https://www.nb.no/items/7d8e4ccc83e14931a7373a22667c8866?page=243

 

Susanne Iversd. Værøy, 53.a. gifta seg for andre gong i 1802 (i Bergen) med ein Sivert eller Sjur Jørgensen (https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000433234).

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...
På 2.2.2022 den 9.16, Gisle Hersvik skrev:

Når eg no ser på gamle notater ser eg at eg har litt spørsmål omkring denne familien 🙂 

Ref. BB for Solund: https://www.nb.no/items/da6992a4b372b20e2faa2afbc07cac6d?page=91

 

Ola f. 1802 var fødd Mork, Fjaler. Han vart g. 1832 med Barbra Eivindsd. frå Mo, Lærdal. 7 barn.

 

Søren f. 1811 vart g. 1833 i Askvoll med Anne Johanne Jørgensd. Steinsøy, Solund. 5 barn.

 

Men kven er den Malene f. 1799 som er nevnt i BB for Solund? Kva skjedde evt. med ho etter at mora døde? 

- Kan det vere at 1799 er feil og at ho heller skal vere f. 1807 Helleseth, Fjaler: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHTP-3NB og at ho då kan vere identisk med den Malene Hansdtr. Stølen, 27 år, som i 1833 gifter seg med Thomas Torjes. Ekre (f. Lærdal) under Valuen(es): https://www.nb.no/items/da6992a4b372b20e2faa2afbc07cac6d?page=111 ?

 

 

På 2.2.2022 den 13.25, Alf Strand skrev:

Finn ikkje noka Malene f. i Fjaler 1799. Eg vil tru at bygdeboka er feil, Malene vart fødd 1807 medan familien framleis budde på Helleset, og det er ho som gifter seg med Tomas Torjeson frå Lærdal og slær seg ned i Vauleneset.

 

Alf

 

I følgje skiftet etter faren var Anne Olsdtr. Åsnes berre 17 år i 1802, dvs. f. kr. 1785. Ole Åsnes si dotter, Anne vart i følgje den gamle Fylkesarkiv-databasen døypt 19/6 1785, og det er vel også ho som tente på Mork (saman med den framtidige ektemannen) i FT1801, i følgje FT er ho fødd kr. 1784.

 

Ho var med andre ord svært ung då dei vart gifte, og det er svært usannsynleg at dei kan ha hatt noko dotter fødd i 1799. At dottera, Malene var fødd på Helleset i 1807 virkar dermed fornuftig.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Skiftet etter Johannes Olsson Lyngnes (1838) listar opp sysken og evt. etterkommarar etter desse. M.a. er det nemnt at systerdottera, Malene Hansdtr. Stølen skulle vere gift, men ein visste ikkje kva mannen heitte. Dei yngste systrene til Johannes; Kirstine Olsdtr. og Nille Olsdtr. oppheldt seg i Bergen.

 

Lyngnes var husmannsplass under Gjølanger.

 

Skiftet:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 19 (1836-1845), Skifteprotokollside, Side 135b-136a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127650139

 

Slektstre:

https://www.geni.com/people/Johannes-Lyngnes/6000000206255313831

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.