Gå til innhold
Arkivverket

Oppslag i Arkivportalen - Rentekammeret?


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Korleis går ein fram for å søkje opp rentekammeret, pakke 325b som Joleik viser til her?

https://www.nb.no/items/2c4e8f625f4702376971df1191f417d6?page=347

 

Her er det berre vist til eit "brev" i Riksarkivet:

https://www.nb.no/items/b2675b5a179740fb8f230e39c561127d?page=98&searchText=løgeland

 

Kan dette brevet vere å finne i den same pakken, evt. kvar kan dette finnast?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Korleis går ein fram for å søkje opp rentekammeret, pakke 325b som Joleik viser til her?

https://www.nb.no/items/2c4e8f625f4702376971df1191f417d6?page=347

 

Her er det berre vist til eit "brev" i Riksarkivet:

https://www.nb.no/items/b2675b5a179740fb8f230e39c561127d?page=98&searchText=løgeland

 

Kan dette brevet vere å finne i den same pakken, evt. kvar kan dette finnast?

 

Rentekammer-arkivene er omorganisert og pakket om siden Joleik noterte sine referanser. Det finnes jamføringslister fra dette arbeidet, slik at en i alle fall skal kunne snevre inn søket, men innholdet i den gamle pakke 325b kan være fordelt på flere arkivenheter i dag.

 

Siden det er snakk om skattefritak, er det nærliggende å tro at tingsvitnene om de forarmede sunnfjordingene er å finne som vedlegg til futeregnskapet for Sunnfjord i lensregnskapet for Bergenhus len for det aktuelle året.

 

"Brev i Riksarkivet" er en svært upresis kildereferanse, men innholdet kan tyde på at dette også er et tingsvitne om skattefritak, slik at det også kan finnes i lensregnskapene.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for hjelpa.

 

Då får eg prøve å leite vidare i dei skanna lensrekneskapane.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 4.2.2022 den 7.46, Torbjørn Igelkjøn skrev:

 

På 4.2.2022 den 14.05, Kristian Hunskaar (Arkivverket) skrev:

 

"Brev i Riksarkivet" er en svært upresis kildereferanse, men innholdet kan tyde på at dette også er et tingsvitne om skattefritak, slik at det også kan finnes i lensregnskapene.

 

Eg forstår det då slik at dette brevet burde ha vore å finne her ein eller annan stad blant utgiftsvedlegga:

RA, Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Lensregnskaper, R/Rb/Rbt/L0067: Bergenhus len, 1634-1635
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080901690636

 

På denne og dei neste sidene ser det ut til å vere fleire slike tingsvitne (eg må innrømme at eg slit med skrifta), men ikkje noko frå Dale skipreide. Kan brevet vere på avvegar, evt. kva gjer eg feil?

 

Neste bolk med utgiftsvedlegg ser ut til å vere i L0073 (1636-1637), og eg finn heller ikkje brevet der.

 

Eg ser heller ikkje noko til det som Joleik nemner, så då er eg vel på feil stad... Kvar kan alle desse tingsvitna vere?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for hjelpa. Då er dette oppklart. Det ser ut til at også det Joleik nemner er henta frå landskatten, som dels inneheld lister over folk som ikkje kunne betale skatt, evt. berre halv skatt, samt diverse tingsvitne. Her eit liknande eksempel frå 1631:

RA, Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Lensregnskaper, R/Rb/Rbt/L0056: Bergenhus len, 1630-1631
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080901640139

 

(Etter mykje blaing var eg omsider på sporet, men så kom du meg i forkjøpet med oppslaget frå 1635).

 

Uansett er dette ei interessant kjelde. I følgje bygdeboka skulle Tollak Kleppenes vere nemnd som lensmann 1622-1627 (kjelde?), og sistnemnde året skulle enkja vere ført i skattelistene. Det siste stemmer iallefall ikkje, og han er lys levande i 1631 der han er ein av lagrettemennene som er nemnde i tingsvitnet dette året.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.