Gå til innhold
Arkivverket

Sogndal Gardsbok (Bygdebok)


Mats Kalstad
 Del

Recommended Posts

Har nettop startet med "slektforsking" Har slekt i Songdal/Kaupanger område. Hadde våre fint om det er nokon med Kopi av desse bøkene som kunne ha sendt over til Mats.kd@hotmail.com Ville satt pris på det

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #2:

 

Eg kjenner ikkje regelverket, men eg veit at ein del norske  bygdebøker av eldre dato, ogso dei med copyright, er skanna og ligg ute på Nasjonalbiblioteket til gratis privat bruk.  Men eg trur det kan vera ei aldersgrense.  Bøkene for Kaupanger sokn kom ut i 2012 og er truleg for nye...

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er opp til forfatterne å bestemme når bøkene skal være fritt tilgjengelig på nasjonalbiblioteket.no 

Men om du legger ut konkrete spørsmål her på forumet, er det sikkert mange som kan hjelpe.

 

Vh Jarleif

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Som eineforfattar av bygdebøkene for Luster band I-V (1984-1994) har eg aldri fått spørsmål om løyve til å leggja bøkene ut på Nasjonalbiblioteket, og so vidt eg veit, ligg dei der likevel (men som busett i utlandet har eg ikkje tilgjenge...).

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg kjenner ikkje regelverket, men eg veit at ein del norske  bygdebøker av eldre dato, ogso dei med copyright, er skanna og ligg ute på Nasjonalbiblioteket til gratis privat bruk.  Men eg trur det kan vera ei aldersgrense.  Bøkene for Kaupanger sokn kom ut i 2012 og er truleg for nye...

 

41 minutter siden, Jarleif Nordheim skrev:

Det er opp til forfatterne å bestemme når bøkene skal være fritt tilgjengelig på nasjonalbiblioteket.no 

 

22 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Som eineforfattar av bygdebøkene for Luster band I-V (1984-1994) har eg aldri fått spørsmål om løyve til å leggja bøkene ut på Nasjonalbiblioteket, og so vidt eg veit, ligg dei der likevel (men som busett i utlandet har eg ikkje tilgjenge...).

 

Se Nasjonalbibliotekets forklaring om rettigheter og hvem som har tilgang til hva på nb.no: https://www.nb.no/hjelp-og-informasjon/rettigheter/

 

Den såkalte Bokhyllaavtalen mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor gir førstnevnte rett til å tilgjengeliggjøre alle bøker utgitt i Norge til og med 2000 fritt tilgjengelige (for norske IP-adresser) på nb.no. Bokhyllaavtalen kan leses her: https://www.kopinor.no/avtaletekster/bokhylla-avtalen

 

Kopinor agerer på vegne av rettighetshaverne, og rettighetshaveren til ei bok er ikke nødvendigvis forfatteren.

 

Når det gjelder bygdebøkene for Sogndal, er bindene med gårds- og slektshistorie utkommet i 2007 og senere, og de er derfor ikke omfattet av Bokhyllaavtalen, og følgelig er de ikke fritt tilgjengelige på nb.no. Se https://www.nb.no/search?q=Sogndal bygdebok&mediatype=bøker&title=Sogndal bygdebok

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Som eineforfattar av bygdebøkene for Luster band I-V (1984-1994) har eg aldri fått spørsmål om løyve til å leggja bøkene ut på Nasjonalbiblioteket, og so vidt eg veit, ligg dei der likevel (men som busett i utlandet har eg ikkje tilgjenge...).

Når ei bok utgis er en pliktig til å avlevere fysiske eksemplarer og elektronisk sådan til NB. Når jeg har vært bort i saken har trykkeriet ordnet med avlevering.

 

Det har da også vært spørsmål om utgiver ønsker tidligere frigiving på NB enn det Kopinor-avtalen tilsier.

 

Vh Jarleif

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I utgangspunktet omfattar bokhyllaavtalen bøker utgitt i Norge til og med 2000. Det er vel også slik at dei som har rettane både har mogelegheit til å trekkje sine eigne bøker frå bokhyllaavtalen slik at dei ikkje er digitalt tilgjengelege og/eller å la Nasjonalbiblioteket få gjere eigne bøker digitalt tilgjengeleg sjølv om dei i utgangspunktet ikkje er omfatta av denne typen avtalar. Om Lars eller andre ynskjer å trekkje bøkene sine frå bokhylla er dette opp til han/dei. Og om Lars ynskjer å leggje ut alle bøkene sine (også nyare enn 2000) er dette (sjølvsagt) heilt opp til han gitt at det er han (og ikkje eit forlag) som sit på rettane til hans eige verk. Eksempel på dette er Sunnfjord museum sitt tidsskrift Jul i Sunnfjord, som ikkje er omfatta av noko bokhylla-avtale, men som ligg fritt tilgjengeleg til 2014(?). Andre julehefte (f.eks. Flora historielag sine) må ein til Nasjonalbiblioteket for å lese. (Evt. kan ein få spesialtilgang for "forsking").

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men dersom nokon sit med rettane til ei bok (f.eks. utgitt på eige forlag) og denne blir omfatta av Kopinor-avtalen. Får forfattaren då noko kompensasjon for dette? Eller er det Kopinor som stikk av med evt. gevinst?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Evt. kan ein kjøpe bøkene hos kommune, forfattar, på finn.no, antikvariat.net, frå dødsbu osv., alt etter som det høver. Generelt er bygdebøker kjøpt hos antikvariat sterkt overprisa, og ein får ofte kjøpt bøkene flunkande nye hos kommunen eller andre til ein brøkdel av prisen.

 

Eg har sjølv prøvd å skaffe meg ei samling med bygdebøker frå området der eg bur (og slektar frå), men dei blir ikkje så ofte brukt. Det er som regel enklare å søkje seg fram til det ein leitar etter gjennom ein digital versjon f.eks. via bokhylla på nb.no.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sogndal sogelag sel ut bygdebøkene med gards- og slektshistorie for Stedje sokn og Kaupanger sokn svært billeg. Stedje sokn (3 bøker) for kr. 450,-  Kaupanger sokn (2 bøker) for kr. 350,- I tillegg sel dei allmensoga for Sogndal for kr. 100,-


Ta t.d. kontakt med Inger Pedersen tlf.  900 92 674 eller inger.pedersen@sogn.no
Opplysningane om prisar og kontaktperson er henta frå siste utgåve av det lokalhistoriske skrivet "So han sa"
 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sogndals Bygdebøker finnes på Nationalbiblioteket digitalisert men omfattes ikke Bokhylleavtalen.

D.v.s. at du må ha spesiel tillatelse for å se dem på nett.

Men du kan fjernlåne dem til dit lokale bibliotek.

https://www.nb.no/search?mediatype=bøker&title=Sogndal Bygdebok

Endret av Leif B. Mathiesen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.