Gå til innhold
Arkivverket

Karl Pedersen frå Lindesnæs, - kor blei det av han etter 1899?


Reidar Olav Meling
 Del

Recommended Posts

I mai 1900 blei det fødd ein gut i Finnås prestegjeld. Som far står oppført Karl Pedersen, Lindenæs. Ifølge kyrkjeboka skal han vera fødd i 1881. Av ulike grunnar har dette vore tolka som at denne personen er identisk med Karl Johan Pedersen frå Lillesand eller frå Vestre Moland i Aust-Agder. Men denne Karl Johan er fødd i 1879. Me har difor gått ut ifrå at fødselsåret som står skrive i kyrkjeboka er feil. Samstundes har me lurt på kor namnet Lindenæs har sitt opphav. Me har jo vore inne på tanken om at det kunne vera Lindesnes, men har inntil no slege dette frå oss. Men kan me ha gjort ein tabbe her?

Nye opplysningar kan no føra til ei dramatisk endring i denne vurderinga. For 24.desember 1881 blei det i Sør-Audnedal prestegjeld fødd ein gut ved namn Karl Pedersen. Som foreldre står det oppført "Fyrassistent Peder Lorents Pedersen født 1840 og Anna Pedersen født i 1848 Lindesnæs Fyr"!

Me finn familien i folketellinga for Halse og Hartmark kommune i 1891. Mora i familien står her som Anna Knudsdatter. Familien har elles 5 døtre og 3 søner, med Karl som mellomste son, fødd i 1881. Så me må vel seia at både opplysninga frå 1881 og frå ft. i 1891 stemmer ganske godt med opplysninga i kyrkjeboka for Finnås prestegjeld i året 1900.

Den "tildragelsen" som førte til barnefødselen i Finnås i 1900, må jo ha funne stad utpå ettersommeren i 1899. På denne tida er det mykje som tyder på at mora til barnet hadde teneste og budde i Haugesund. Kva som eigentleg skjedde denne sommaren, kan me berre spekulera i. Har Karl frå Lindesnes vore i Haugesund denne sommaren? Me finn ikkje Karl Pedersen lenger i noko folketeljing etter 1891, heller ikkje finn me han i gravminnebasen. Kor blei det av denne Karl Pedersen frå Lindesnes etter 1899?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/16901369:1002?tid=&pid=&queryId=b7dd741043b96c267877433881dd054f&_phsrc=ITW15558&_phstart=successSource

 

Carl Gahre Pedersen

in the U.S., World War II Draft Registration Cards, 1942

 

Name: Carl Gahre Pedersen
Gender: Male
Birth Date: 24 Dec 1881
Birth Place: Norway
Residence Place: Watertown, New York, USA
Military Draft Date: 1942
Occupation: Self
Height: 5 10
Eye Color: Blue
Hair Color: Gray
Weight: 145
Complexion: Ruddy
Next of Kin: Mrs Agnes Gahre Pedersen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=61461&h=346857&tid=&pid=&queryId=938e8d66c9ace357a7a103dbcfa8d5d3&usePUB=true&_phsrc=ITW15559&_phstart=successSource

 

Carl Gahre

 in the New York, New York, U.S., Death Index, 1949-1965

 

Name: Carl Gahre
Age: 67
Birth Date: abt 1882
Death Date: 21 Oct 1949
Death Place: Brooklyn, New York, New York, USA
Certificate Number: 19639
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/568813:61377

 

Charles Gahre

in the New York, U.S., County Marriage Records, 1847-1849, 1907-1936

 

Name: Charles Gahre
Gender: Male
Age: 38
Birth Date: abt 1882
Marriage Date: 7 Apr 1920
Marriage Place: Jefferson, New York, USA
Father: Peter Gahre
Mother: Anna Tharaldson
Spouse: Agnes Eliza Lalonde
Film Number: 000895215

 

 

DetailSource
Name: Agnes Eliza Lalonde
Gender: Female
Age: 16
Birth Date: abt 1904
Marriage Date: 7 Apr 1920
Marriage Place: Jefferson, New York, USA
Father: Edward Lalonde
Mother: Mary Haset
Spouse: Charles Gahre
Film Number: 000895215
Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Sven, og mange takk for arbeidet ditt. Ja, dette var sanneleg nye opplysningar. Eg har nett snakka med ein person som høgst sannsynleg er barnebarn av denne Carl Gahre. Han har heile tida gått ut ifrå at hans farfar var denne andre personen eg nemnde. Så her er det mykje nytt. Fødselsdatoen i desse dokumenta stemmer jo nøyaktig med denne Karl Pedersen, son til fyrassistent Peder Pedersen på Lindesnæs Fyr. Så det må vera rett person. Han har altså emigrert, men når? Og kor kjem namnet Gahre frå?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Og kor kjem namnet Gahre frå?

Peder Lorents Pedersen er oppgitt født på Gahre ved vielsen

 

Vest-Agder fylke, Spangereid i Sør-Audnedal, Ministerialbok nr. A 3 (1868-1883), Viede 1874, Side 143
Permanent bilde-ID: kb20070109650629
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070109650629
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070109650629.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når eg går inn på Norgeskart, så finn eg Gare som namn på ein stad i Lindesnes. Så då er det vel herifra namnet Gahre skriv seg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er sannsynlegvis rett person, ei interessant opplysning her er at han bur i «Sveen», det er skrivemåten på den tida (1903) for Sveio, kommunen heilt sør i Hordaland, som grensar til Haugesund. Og denne jenta som fekk barn i 1900, var frå Finnås prestegjeld som ligg like nord for Sveio, og ho hadde teneste i Haugesund på denne tida. Då byrjar kabalen å gå opp! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det elles mulig å finna namna på barna til Carl (Karl) Gahre som vert nemnd i avisnotisen frå mars 1944? Det var vel ei folketeljing i 1940?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Det var vel ei folketeljing i 1940?

Household Members Age Relationship
Carl Gahre 58 Head
Agnes Gahre 36 Wife
Anna Gahre 16 Daughter
Ruth Gahre 14 Daughter
Josephine Gahre 12 Daughter
Carl Gahre 10 Son
Stiener Gahre 7 Son
Ragnhild Gahre 4 Daughter
Theobald Gahre 6/12 Son
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/945588:4124

 

Name: Agnes Gahre
Race: White
Marital Status: Widowed
Birth Date: 4 Jul 1903
Birth Place: Canada
Residence: Oxford, Connecticut
Death Date: 18 Feb 1980
Death Place: New Haven, Connecticut
Age: 76 Years
Spouse: Carl
Father's Surname: Lalonde
State File #: 03810
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Terje Vigen Gahre

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=3693&h=82311730&tid=&pid=&queryId=630d70c763bbe71e1ef2ba20ee1d460f&usePUB=true&_phsrc=ITW15580&_phstart=successSource

 

Name: Terje V. Gahre
Social Security Number: 087-34-2711
Birth Date: 4 Jul 1942
Issue Year: 1959-1961
Issue State: New York
Last Residence: 33701, Saint Petersburg, Pinellas, Florida
Death Date: 19 Mar 2008

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.