Gå til innhold
Arkivverket

SF Gloppen: Invitasjon til DNA-dugnad i Brand-slekta - har du farslinje dit?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Slektsgransking med DNA er interessant og oppklarande. Vi er nokre stykke som prøver å finne ut av den såkalla Brand-slekta i Gloppen, m.a. omtala av Lars E Søreide i heftet Brand-ætti (utgjeve 1954).
 
Vi skulle så absolutt hatt tak i nolevande menn som kan føre si reine mannslinje - dvs farfarfarfar.....farsfar - tilbake til ein av dei følgjande, som kanskje var brør, mulege søner av Oluf Håkonson Fitje, fødd rundt 1520; alle desse tre er dermed fødde midt på 1500-talet ein gong:
 
1. Oluf Olufson Fitje, med ein muleg son Hans Olufson
2. Rasmus Olufson Mardal (?), med mulege søner Oluf og Hans
3. Sjur Olsson Søreide / Brand, med trulege søner Samson Fitje, Hans Søreide, Elling Søreide
 
Vi har ein test etter Sjur, men treng fleire å samanlikne med, spesielt då av grein 1 og 2. Ta kontakt om du trur du er eller kjenner ein slik mann; kvinner hjelper ikkje, for dei har ikkje Y-dna.  (Skulle du derimot tilfeldigvis representere ei rein kvinnelinje til kona til ein av desse, er du også interessant).
 
Er du usikker på om linja er rett, hjelper vi gjerne med å sjekke, og det er dessutan nettopp slike usikkerhetar vi kan bekrefte eller avkrefte med testing. Testen kostar ein stad under 1000-lappen, som folk betaler sjølv; mange får med seg slekta på ein spleis.
 
 
Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har ikke rett linje bakover til noen av disse, men jeg får DNA-treff på flere som er etterkommere. Er du kjent med Geni? Der er det en funksjon der du kan se om det finnes innlagt etterkommere i rett yDNA-linje (eller mtDNA). Men du må være innlogget for å få tilgang til denne funksjonen. Du kan åpne en gratiskonto.

 

Jeg har en teori om at oldemor Dorthea Røgh (presteslekt fra S-Trøndelag). Hadde navnet fra gården Rygg i «ditt område» fra langt bak i tid.

 

Når jeg nå søker på Fitje kommer det opp etterkommere fra Fitje, Mardal,  Vereide, Gimmestad, Rygg mfl. Jeg har ikke annen tilknytning til området enn dette med Rygg/Røg. Men det får i tilfelle bli i en annen tråd.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar; ja, Geni er eit godt hjelpemiddel, og eg har leita mykje der. Men det er fleire problem, ikkje minst at det finst mengder av "kortslutningar" på Geni - eg tykkjer eg rettar noko nesten kvar gong eg er inne - og eit anna problem er at det er eit byks i tid mellom dei gamle dokumenta frå 1500-talet og dei nokolunde sikre rekkjene vi har frå slutten av 1600-talet. 

 

Av linjene som kjem til syne på Geni er det berre EI som let seg føre fram til dags dato, og der har eg allereie sikra meg ein test.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.