Gå til innhold
Arkivverket

Kvar finn eg 'Kristiania bispearkiv'?


Arnfinn Kjelland
 Del

Recommended Posts

I bygdebokarkivet for Lesja ligg det eit hefte med avskrifter utført av den respekterte lokal- og slektshistorikaren, overlærar Per Berg frå noko eg tolkar som å vere 'Kristiania bispearkiv', men som eg ikkje finn på Digitalarkivet eller Arkivportalen. Referansane i avskrifta er sett med nemninga 'Pk.' og eit nummer, og under kvar pakke er det som tydelegvis er eigne dokument nummerte frå 1 og vidare. Det er ut til å vere dokument med tilknyting til Gudbrandsdalen som er stikkordmessige referert (som regel).

Pk. 1 startar t.d. med "1. 17/6 1608 Jordegang millom Forbrigd og Iverstad i Kvam". Her er det 3 dokument som er referert.

Pk. 2 startar med ei referanse til Jens Ziegler i Fåberg prestegard 1735 og held fram med fortløpande nummer til 57, der dei fleste ser ut til å vere geistlege utnemningar fram til kring 1800.

Så kjem ei ny 'Pk. 1' med to referansar frå 1500-talet, før den eg er spesielt interessert i, 'Pk. 30' starta med leiermåls- og diverse andre saker frå 1730 og utover, mellom anna brev sendt biskopen 5.5.1732 om Lesjaverk kyrkje.

 

Spørsmålet gjeld om der er råd å finne referansen til dette arkivet / desse pakkane, slik at eg kan bestille dei på Riksarkivet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje usannsynleg - men nok å leite igjennom (heldigvis ein boks med brev frå Gudbrandsdal prosti, men berre for åra 1731-1737). Får bestille og ta ein tur på lesesalen etter kvart.

Takk for kjapt svar, Kristian!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Arnfinn Kjelland skrev:

Ikkje usannsynleg - men nok å leite igjennom (heldigvis ein boks med brev frå Gudbrandsdal prosti, men berre for åra 1731-1737). Får bestille og ta ein tur på lesesalen etter kvart.

 

Du skal også ta arkivet Oslo stiftsdireksjon i betraktning: https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-02000000000999

 

Så vidt jeg forstår den korte beskrivelsen om arkivet, er deler av arkivet - eller hele(?) - skilt ut fra bispearkivet av arkivarer som har gjort ordningsarbeid i nyere tid. Jeg vet ikke når Per Berg (1886-1974) har gjort sine notater, men det han kaller Kristiania bispearkiv er tilsynelatende omordnet på et senere tidspunkt.

 

Fra arkivet Oslo stiftsdireksjon finnes det et par smakebiter i Digitalarkivet: https://media.digitalarkivet.no/db/browse?archives[]=no-a1450-02000000000999

 

Hvis du slår opp i den arkivenheten som heter Bispestolens dokumenter (1584-1612), vil du finne 1608-grensegangen mellom Forbrigd og Frostad (ikke Iverstad).

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det, Kristian. Det er i alle fall samsvar med det eine dokumentet (Forbrigd vs. Frostad; Berg har sett ? ved namnet, og eg ser det er utydeleg på originalen).

Per Berg starta nok avskriving på 20-talet, og på den eine sida i heftet står det "(skriv2 26/9 1932) - så det kan vel ha vore omording seinare.

 

Takk igjen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.