Gå til innhold
Arkivverket

Eirik Flæte Fresvik og fødselsår for dei to siste borna, 1713 eller 1714?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Eirik Flæte var gift fire gonger. Tredje kona MIldrid døydde i 1713. Midt på venstre side 

https://media.digitalarkivet.no/view/11564/104

 

Midt på venstre side giftarmålet til Eirik Flæte og Brita Hamre i 1714

https://media.digitalarkivet.no/view/11564/109

 

Nederst på venstre side dødsfallet til Brita Flæte i 1714

https://media.digitalarkivet.no/view/11564/111

 

Er det mogeleg å finna ut kva tid på året desse tre hendingane var?

Ser ut som det var kort tid mellom dødsfallet til Mildrid og giftarmålet med Brita. 

 

Eirik fekk to born, Mildrid og Brita der fødselsåret er oppgitt til 1713.  Dei to borna må vera tvillingar og sidan dei er oppkalla etter dei to siste ektemakane hans, skulle ein kanskje tru at dei var fødde i 1714 i staden for 1713, altså at Brita var mora men at ho kanskje døydde i samband med fødsla.

 

Eg har ikkje funne dei to borna verken i 1713 eller 1714, men kanskje eg har oversett noko, ikkje så flink med denne skrifta. Fint viss nokon har mogelegheit til å sjekka.

Mvh

Anne Marie B Øyri

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er romertall

1.  XXII post Trin er 23 past Trin i 1713 = 19 november

2. V past Trin er  5 past Trin i 1714 = 1 juli

3. III Adv er 3 Advent 1714 = 16 desember

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Eg har ikkje funne dei to borna verken i 1713 eller 1714, men kanskje eg har oversett noko, ...

 

ja... - du har oversett noko. 4 og 5 linjer over Mildrie død:
"Mildrie

Britta     } Erichsd. Flættæ bapt"

Det er på XV [=15] post Trinit.  [24. sept] ved Tiugum

 

Det kan vere greit å hugse at datoane her er for dåp og jordfesting - altså embetshandlingane; ikkje fødsel og død.

Dåpen skulle vere seinast åtte dagar etter fødselen, men jordfestinga kunne vere veker og månader etter dødsfallet.

Sannsynlegvis døydde Mildrid i slutten av september, kanskje jamvel før dåpen av tvillingane.

Ni månader til neste vigsle var truleg akseptabel sørgjetid.

 

Dei er trulova "Dn. Invocavit" (1. s. i fasta, 5. mars)

linje 5-6 nedanfrå til høgre her:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070511620287

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk. Ja eg er klar over at desse datoane er for jordfesting og dåp, men iallfall dåpsdatoane er ikkje så langt frå fødselsdatoen. Då var desse to tvillingar men mora var Mildrid og ikkje Brita som eg mistenkte. 

Då blir rekkjefylgja slik:

Brita og Mildrid døypte 24 sept 1713

Mora Mildrid gravfesta 19. november 1713

Eirik og Brita trulova 5. mars 1714

Gifte 1, juli 1714

Brita gravfesta 16. desember 2014

Tusen takk til dykk begge for hjelpa!

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.