Gå til innhold
Arkivverket

Hans Anfindson Otterhjell fødd i 1692, kvar vart det av han? Skifte i Årdal i 1736, er det om han?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Han var kalla soldat i 1724 då han fekk ein uekte son Ingebrigt.

Så har eg ein opplysning om eit skifte  i Årdal 26.4 1736 der ein Hans Anfindson er nemnd, til Volddalen eller Trondalen. Ingen barn.

Kanskje er det dette:

https://media.digitalarkivet.no/view/24136/73

 

Vil tru at eg kanskje har fått dei siste opplysningane her på forumet utan at eg klarer finna det att.

Er det rett skifte eg har funne? Og viss det er om Hans Anfindson Otterhjell, er arvingar nemde?

Han hadde foreldra Anfind og Brita og syskena Jon, Aslak og Peder som var i live i 1736. 

Takksam for hjelp.

 

Mvh Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det stemmer ....

skiftet er "paa gaarden Woldalen i Aardal, ...

.... , efter een sammestedz ved døden afgangen

dannemand Hans Andfindsen, nerverende Enken Merite Johansd.

som udi ægteskab har levet uden livs arvinger, den Sal. mandz

arvinger er hands fader andfind otergield, boende i Fresviig udi

yttre Sogns Fogderie, ...."

 

Lenger nede er garden kalla "Woldalen, eller Tron Teigen kaldet".

 

Når far levde, var han einearving når det ikkje var livsarvingar.  (Kristian Vs Norske Lov 5-2-35)

Skiftet fortel altså ikkje noko om at mor levde eller var død, og ikkje noko om sysken.

Uekte born arva ikkje etter far, så sant han ikkje hadde tinglyst dei som sine - og det er det ikkje sagt noko om her.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.