Gå til innhold
Arkivverket

Hjelp til tyding av pantebok fra 1850-51


Espen Lilleøygard
 Del

Recommended Posts

Jeg forsøker å tyde en oppføring i denne panteboken: https://media.digitalarkivet.no/view/17842/632

Det gjelder oppføringen nederst til venstre på det jeg tror er side 632. 

Jeg tror den begynner med "Skylddelingsforretning Aar 1850 ...". I margen står det "... 81". Jeg klarer ikke helt å tyde det som står før 81, men i gammel grunnbok står 81 som bruksnummer notert i merknader. Er det noen som kan hjelpe meg å tyde mer av teksten? 

 

Jeg har funnet panteboken ved hjelp av dette panteregisteret: https://media.digitalarkivet.no/view/18131/88

 

Takk 🙂

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vel møtt i forumet.

 

Du er nesten ikkje på villspor ... men berre nesten.

"No. 81" er berre eit fortløpande nummer for dokument inførte i panteboka.  Ovanfor ser du "No. 80" og til høgre "No. 82"

 

Du skal til 11.632 i panteboka; altså protokoll nr. 11 - det er denne  og folium (=blad) 632; det er sida til høgre på oppslaget her, og baksida - altså til venstre på neste oppslag.

 

Dette er i 1851. Då hadde gardane "matrikkelnummer" - svarar til "gardsnummer" frå 1887. Bruka hadde "løpenummer", som gjekk fortløpande

frå 1 til så mange bruk det var i prestegjeldet i 1838. Når bruk vart delte, fekk dei nye bruka same løpenummer, men ein bokstav i tillegg.

I 1887 vart dette gjort om til "bruksnummer", som byrja på 1 for kvar gard.

I 1851 var "Bruksnr. 81" framleis nokre tiår fram i tid.

i Panteregisteret ser vi at det du ser på er "G.No. 4, B.No 2" (det er etter 1887-matrikkelen - det må altså vere laga etter 1887), og så

"Eldre Matr. No 69 og 76 Løbe nr. 258b,c, 260, 266 og 313a,b"  (det er etter 1838-matrikkelen, og fortel truleg ei lang historie

med utskiljing av teigar og samanslåing til ei brukseining frå fleire gardpartar)

 

Første innførsla (som du viser til) er "Skyldsætning vedk. L.N.[løbenummer] 258c er tinglyst 12.mai 1851." - med referansen 11.632.

 

Dokument 82, altså til høgre i panteboka i lenkja di, er det du leitar etter. 

Det er datert i januar 1851, men det er datoen for delingsforretninga. Så vart avtalen tinglyst seinare same året. 

Det står at det er "paa Gaarden Gjerstad" (linje 2) og at det gjeld "løbe Nr. 258b" (linje 4).

Det vert frådelt ein parsell frå dette bruket, som tydelegvis får nytt løpenr. 258c (det står ikkje i panteboka, men må vere tildelt etter frådelinga)

 

Det er referert ei skylddelingsforretning i 1850, med referanse 11.514; det må vere nr. 34 til venstre her (baksida av fol. 514)

https://www.digitalarkivet.no/tl20080416350515

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for at du tok deg tid til å svare meg, og fikk meg inn på rett spor! 

 

Nå fikk jeg litt oversikt over både pantebøker og løpenummer. Det var til god hjelp! 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.