Gå til innhold
Arkivverket

Anna Sjursdtr. fødd ca 1826 på Leikanger, kven var ho?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038255002506

 

Finn denne dama i folketeljinga for Fresvik, Leikanger i 1865. Den yngre kjem sikkert av at mor til "sambuaren" budde i nabostova og hadde same namn.

Er det mogeleg å finna ut meir om ho? Kvar kom ho frå og kvar vart det av ho?

Ho er ikkje nemd i ætteboka for Fresvik, så ikkje sikkert ho er fødd der.

Takksam viss nokon klarer grava opp meir om ho.

Mvh

Anne Marie B. Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan sjølvsagt vere ho de har funne fram til. Er vanskeleg å vita sikkert sidan eg har så få opplysningar om henne.

I teljinga frå 1865 stod det fødestad Leikanger Prestegjeld, så viss det stemmer burde ho vera fødd i i Leikanger. Føsund er under Kyrkjebø. Men ikkje sikkert 1865-teljinga er nøyaktig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 hours ago, Anne Marie Bøtun Øyri said:

Er vanskeleg å vita sikkert sidan eg har så få opplysningar om henne.

Denne Gjert eller Gjest Anfindsen var gift første gong med Synneva Knutsdtr Rinde (1819 - 1867)

Då kan det vera at han fann seg ei ny kone frå Fresvik?

 

bilde.png.cfd99e70116d08c8679283c1028c13c5.png

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2016062748127?page=91

 

bilde.png.ef674c8bd7d406052ecb8d74388ddcc6.png

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030648506?page=693

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var mykje farting inn og ut Sognefjorden, så kan sjølvsagt hende det er rett person. Stod fødestad Leikanger i folketeljinga i 1865, så difor tenkte eg at kanskje ho høyrde til der. Men er det mogeleg å finne Anna Fesund i folketeljinga i 1865 (bortsett frå den aktuelle kandidaten i Fresvik)?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 hour ago, Anne Marie Bøtun Øyri said:

Men er det mogeleg å finne Anna Fesund i folketeljinga i 1865 (bortsett frå den aktuelle kandidaten i Fresvik)?

?????????

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038252000465

 

Men eg finn ikkje nokon Anna Sjursdtr døypt i Leikanger desse åra - og det har vel ikkje du heller?

Så langt er det no ikkje - rekna i den tida då? Og det er lenger frå Bale til Værholmen.......

Endret av Jostein Stokke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anne Marie !

 

Du set store krav til dei som vil hjelpa deg, eller … misforstår eg ?
 

Sven og Jostein kjem fram til kven Anna Sjursdtr er.

 

Ho er v/ FT 1865, ugift busett i Leikanger, Fresvik. I 1869 vært ho gift m/ ekkjemannen Gjest Anfindson Bale. I FT 1875 er ho i Balestrand, Bale: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052301000345

Og ho døyr i mai 1889:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000316730

Og lensmannen i Leikanger:

https://www.digitalarkivet.no/sk10611901042011
 

FT 1865, skanna: https://www.digitalarkivet.no/ft20090730370091

———-

Trådstartar meinar at Anna Sjursdtr er dtr til Enke Anna Sjursdtr 79 år gamal ? Eller ?  Ho som er 79 år i 1865, døyr 86 år gamal den

4 juni 1874, på same staden, Bjørnetun, Fresvik, dåv Leikanger:

https://www.digitalarkivet.no/kb20070115340120

 

Så anten må du Anne Marie godta det Jostein og Sven har kome fram til, eller så du visa at dei 2 og eg er på vidle vegar !

Men det er Trådstartaren som tek avgjerda.

 

 


 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Trur du misforstod meg litt Jon.

Eg veit at ho ikkje er dotter til Anna Sjursdtr.  (den eldste), men dei budde på same husmannsplassen i 1865. Og den eldste døydde i 1874, ho har eg kontroll på. Den yngste Anna er einaste gongen eg finn ho nemd i Fresvik er i 1865.

Det som eg kanskje var utydeleg på i første innlegget mitt var at ho nok blei kalla den yngre i folketeljinga sidan to med same namn budde på same plassen.

Grunnen til at eg gjerne ville ha meir info om ho etter dei første innlegga, var at det i teljinga i 1865 stod oppført fødestad Leikanger, men som eg også sa så var det ikkje alt som alltid stemde heilt i teljingane.

Eg har sjølvsagt ikkje funne andre under Leikanger som passa, difor eg spurde her på forumet sidan eg veit mange er betre enn meg til å grava fram opplysningar.

 

Har absolutt ikkje problem med å godta opplysningane frå Jostein og Svein, men spurde berre etter om det var endå fleire opplysningar å finna som kunne verifisera at dette var rette dama. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 hours ago, Jon Sværen said:

Ho er v/ FT 1865, ugift busett i Leikanger, Fresvik. I 1869 vært ho gift m/ ekkjemannen Gjest Anfindson Bale. I FT 1875 er ho i Balestrand, Bale: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052301000345

Og ho døyr i mai 1889:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000316730

 

 

Men her står det at avdøde er fødd på Tue - i Balestrand er det då.

Og i bygdeboka står det at dei båe drog til Amerika?

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000004821526

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ut frå FT 1865 så er det tre Anna Sjursdtr ein har funne fram til.

Anna som då var utgift tenestejente i Fresvik, berekna fødd 1826 

Anna Sjursdtr. fødd i Lavik prestegjeld og tente då på Værholmen, berekna fødd 1825.

Anna Sjursdtr, Lavik, Myren fødd 1827, gift

 

Dei berekna fødselsåra kan vel ofte variera med eit år.

Neste opplysningar:

1 Anna Fesund frå Lavik gift i 1869

2 Anna Tetje (skal kanskje vera Fitje?) mor 1870

3 Anna fødd Bale bur i Skjenangen i Balestrand i 1875

4 Anna fødd i Lavik, bur Klævold i 1875

5 Anna fødd og bur på Fitje død 19.1 1888

6 Anna Filps (Fitje?) fødd på Fitje død 12.4 1888

7 Anna fødd Thue bur på Bale død 15.5 1889

 

Nr 1, 3 og 7 kan vel vera same personen? Og truleg Anna i Fresvik i 1865?

Nr 5 og 6 er kanskje feilføring og kan vera den same? 

 

 

 

 

Endret av Anne Marie Bøtun Øyri
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anna Sjursdtr. Myren, Lavik var gift med Jens Olson og hadde fire born i 1865. Dei fekk ei dotter 20.11 1870, så nummer 2 i innlegget ovanfor er henne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.