Gå til innhold
Arkivverket

Ein gard i Gloppen


Sveinung Eide
 Del

Recommended Posts

I boka "Nordfjord fraa gamle dagar til no" finn eg forfedre på garden Egge i Breim. Mellom andre Anne Olsdotter, f. 1754, med eit etternamn forkorta til Vrg. Eg finn inga liste over forkortingar i boka, og då eg ikkje er så lokalkjend i desse bygdene, veit eg ikkje kva "Vrg" står for. I innhaldslista finn eg heller ikkje noko gardsnamn som eg tykkjer kan passa. No kan sjølvsagt Anne Olsdotter vera fødd i ei anna bygd, men  i så fall ville vel forfattaren ha skrive heile etternamnet? Sikkert fins det nokon her i forumet som kan hjelpa meg! Her er URL til boksida:

 

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008041100023?page=573

 

Med helsing

Sveinung Eide

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, ho vart nok ikkje gift som 10-åring! Eg får leita vidare i kyrkjebøker og andre kjelder. If. Nordfjord-boka fekk ho sin son Jens i 1764, men om det er hans eller mora sin fødselsdato som er feil, er vanskeleg å vita. Men takk for hjelp i alle fall!

Endret av Sveinung Eide
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anne Olsdtr Vinsrygg gift til Egge skal vere fødd rundt 1731 etter alder i folketellinga 1801, då oppgjeven til å vere 80 - men det er nok litt overdrive, sidan ho får siste barnet sitt i 1781 (2.ekteskap) - og neppe er 50 år då. 

 

Eg trur det er snakk om jenta nest nederst på høgresida - http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11424&idx_id=11424&uid=ny&idx_side=-164 - Ole Andersson Frøystads dotter Ane. Familien er ført på Frøystad nokre år, men rundt 1740 komne til Vinsrygg. 

 

Anne føder 6 gutar og ei jente i ekteskapet, og jenta heiter Tora - som stemmer med Ola Andersson si mor, så eg er temmeleg sikker på at det er rette valet. 

 

Du finn nokre anar i fila under her.

 

 

Vinsrygg.pdf

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veldig bra. og mange takk! Dette viser at datoane for hennar fødsel og død som er oppgjevne i Nordfjord-boka er feil med drygt 20 år i "kvar ende". Når ho fekk ein son (Jens) i 1764 var ho altså 31 år, noko som er heilt rimeleg, så du har nok rett!

Glade helsingar frå

Sveinung Eide

Sunne, Värmland.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.