Gå til innhold
Arkivverket

Skyldsetting

Ole Christian Risdal
 Del

Recommended Posts

Hei! No har eg ein del spørsmål vedrørande skyldsetting. Det gjeld i hovudsak husmannsbruk. Kva er eigentleg samanhengen mellom skøyte, skyldsetting, matrikulering og sjølveige? Det einaste som er sikkert er vel at skyldetting er ein føresetnad for å få bruket matrikulert. I området mitt (Skåbu i Nord-Fron, Gudbrandsdalen) oppdagar eg at det stadig er forskjellig rekkjefølgje på dette. Her er nokre variantar:

1. Bruket blir kjøpt og får ein viss sjølveigarstatus, men må likevel svare avgifter til hovudbølet. Fyrst lenge etterpå blir gardsbruket skyldsett og matrikulert.

2. Bruket blir skyldsett, men blir ikkje matrikulert før lenge etterpå.

3. Bruket blir både skyldsett og matrikulert, men blir ikkje kjøpt ut frå hovudbølet før lenge etterpå.

Mvh Ole Chr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg synes 2) høres pussig ut, da skyldsetting og matrikulering i praksis er to sider av samme sak.

Skjøte er relatert til overdragelse av eiendom eller rettigheter, mens selveie handler om at ei eier også er bruker. Både 1) og 3) er tenkelige.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Kristian Hunskaar (Arkivverket) skrev:

Jeg synes 2) høres pussig ut, da skyldsetting og matrikulering i praksis er to sider av samme sak.

Det var gjerne ei skyldsetjingsforretning på éin dato, og ei tinglysing  på ein seinare dato. 

"Nokon" måtte vel ta initiativ til tinglysinga, og betale ei avgift.

Har ein først utsett noko - av ein eller annan grunn - så kan det ta litt tid...

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Det var gjerne ei skyldsetjingsforretning på éin dato, og ei tinglysing  på ein seinare dato. 

"Nokon" måtte vel ta initiativ til tinglysinga, og betale ei avgift.

Har ein først utsett noko - av ein eller annan grunn - så kan det ta litt tid...

Sant nok, men tinglysinga av skyldsetningsforretninga var vel ikke ei forutsetning for matrikulering. Matrikuleringa skjedde i og med skyldsetninga, men det er klart at det kunne ta tid før dette ble reflektert i tingbøker, pantebøker og panteregistre.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg takkar for svar! Dette bidrog til å få oppklart punkt 2 og 3. Eg har ikkje funne noko døme at skyldsetting og matrikulering ikkje har skjedd samtidig. Forklaringa er nok at eg har funne i ei kjelde at eit bruk blei skyldsett i f. eks 1818, men likevel står oppført under hovudbølet i lang tid etterpå. Så oppdaga eg at dei bruka som var skyldsette i 1818, er med i matrikkelen i 1838. Det oppklarer vel eigentleg punkt 2 under spørsmålet mitt. Så er det logisk at det tok si tid før folk fekk moglegheita til å få ordna med tinglysing og såleis bli sjølveigarar.

Men eg har eit anna spørsmål i samband med 1838-matrikkelen. Da opererte dei som kjent med gardsnummer og løpenummer. Men det er ikkje alle som har fått eit gardsnummer (GMNR). Betyr det at eit bruk utan GMNR er oppført under bruket som står ovanfor? Men eg får ikkje dette til å stemme med frådelingshistorikken i Skåbu. Uansett så dei eigne løpenummer, ikkje 34a, 34b osv, så da har dei vel ikkje noko med einannan å gjere?

Mvh Ole Chr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

48 minutter siden, Ole Christian Risdal skrev:

Det hende (og hender) at ein jordeigar let skilje ut og skyldsetje eit jordstykke (bruk), med tanke på sal (eller arv) - og så vert det ikkje noko av det.

(Men det er kanskje) "aktive" bruk/driftseiningar du tenkjer på ?

I 1838 var det matrikkelnummer (for garden) og løpenummer.  Det var vel ikkje noko bruk som ikkje høyrde inn under eit matrikkelnummer?

Fron tinglag med "Skadbo" her:

PUBL, Andre publikasjoner, -/Bind 4: Christians amt, 1838, s. 64
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ma10061006092425

"nytt" Mnr = 13 for heile garden; Lnr. 21, 22 og 23 for dei bruka som var der då revisjonsarbeidet byrja (ca. 1820?).

Ein gong i tida... kan det nok ha vore berre eitt bruk på Skåbu også - men det veit sikkert du meir om.

Eg vil gisse på at Mnr. 22 Aasmundstad først fekk Lnr 32, og så vart bruket delt (til a, b, c, d) i løpet av revisjonen.

Det vil ein truleg kunne stadfeste/avkrefte ved å granske forarbeidet til 1838-matrikkelen (ligg skanna på DA).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk skal du ha! No gjekk det opp eit lys for meg! Eg har ikkje sett originalen før. No ser eg at alle dei bruka som har gamle Mnr. var med i matriklane på 1600-talet, og dei andre vart fyrst skyldsette i 1818. Apropos spørsmålet ditt så er det er berre bruk som eksisterer i dag eg lurer på.

Dette var veldig oppklarande! Flotte greier!

Mvh OC

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.