Gå til innhold
Arkivverket

Nordfjording på Lofotfiske(?) i 1936 har sett spor etter seg - kan nokon ha opplysningar om dette?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Kortversjonen er at eg har begynt med gen-testing i slektsgransking, i forholdsvis stor skala, og hos ein av testarane mine får eg eit forholdsvis nært treff nordafor. Det spesielle er at vedkomande kjem til syne hos fleire andre av testarane også, i forholdsvis små mengder delt dna, men såpass høgt og såpass gjennomført at vi er sikre på at det her er snakk om rimeleg mykje Nordfjord-blod.

 

Testaren sin no avdøde far vart fødd i 1937 av ukjende foreldre, vart plasser i fosterheim og seinare adoptert. Gen-testar tyder på at fostermor kan ha vore i slekt med biologisk mor, og på den sida er det ingen Nordfjord-treff. Dermed står vi att med ein far som må ha hatt Nordfjord-bakgrunn - og vi skulle gjerne funne han. Alle papir om adopsjonar og foster-forhold gjekk tapt under krigen, så der er ingen offisielle register å leite i. 

 

Slik dei aktuelle bygdene ligg, har mannen temmeleg sikkert kome sjøvegen, men om han har vore fiskar eller sjømann eller noko anna, veit vi ikkje. Det største treffet så langt har vi funne hos ein gloppar med mor frå ytre/midtre Nordfjord. 

 

Spørsmålet mitt er om nokon her har høyrt familie-historier om noko som kan likne på dette - eller om nokon nordfjordningar som har teke gen-test, får eit merkeleg treff med person med førenamnet Leif. Meir vil eg ikkje skrive - og eg vil heller ikkje at det skal spekulerast meir i namn i denne tråden. Har de tips til meg, kan de sende melding her - eller på epost til a-ryss@online.no.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.