Gå til innhold
Arkivverket

Sogn og Fj. Gaular. Foreldre til Bernt Bendikson f 1762


Jon Sværen
 Del

Recommended Posts

Her kjem ei Påske-Utfordring til dei som brukar DA  !

 

På side 591, i Ættabokji for Gaular, band 5, Sande, ser ein Bernt Bendikson f 1762 på Yndestad og død 1827 på Nos.

 

Kven er foreldra til Bernt Bendikson f 1762 på Yndestad ?  Er det Yndestad, Gaular (Indre-Holmedal), er det Yndestad, Fjaler (Ytre Holmedal) eller ...

 

I FT 1801 er han på Noss med kone og barn, under 04:  014 Berent Bendixsen - 0003 Noss - 002 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1801 for 1430P Indre Holmedal prestegjeld - Digitalarkivet

 

På førehand Takk for hjelp og bistand !

 

Jon Sværen, Bergen

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Elste datteren er døpt  12. 01 -1787.  Kan faddere gi en løsning?

Sogn og Fjordane fylke, Sande, Viksdalen (Vik), Bygstad i Gaular (Indre Holmedal), Ministerialbok nr. A 2 (1785-1821), Kronologisk liste 1787, Side 9
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270159
 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar frå Leif og Sven !

 

Leif:  Kari f 10 Jan 1787 og døypt 12 januar. Eg har ikkje kunnskap til å lesa desse kråke-tærna (les: gotisk skrift). 
 

Sven:  EG har hatt desse 2 som foreldre til Bernt, basert på Ættabokji frå Gaular. Då eg ser navnet på ongane, kom eg i stuss:

Då Bernt f 1762 stifter familie sjølv og får døtrene Kari, Eli og Orlaug, men ikkje Birthe, navn til mor ???

Begge foreldra har ANDERS, men ikkje nokon Anders som son til Bernt f 1762 ifølge Ættabokji.

 

Og eg kan ikkje sjå Bernt som èin av ongane til desse to som du Sven har notert i Ættabokji for Gaular, 6 B side 518.

 

Yndestad kan også væra i Fjaler, og Mogelig andre stader og.

 

Birthe Andersdtr døyr 1806.

Bendik Andersson døyr 1804.

 

Er det noko skifte etter desse 2 på Yndestad, som event kan visa at Bernt er son til desse 2 ?

 

Avgang og tilgang på Ekstraskatten frå 1762 og utover kjem Mogelig noko fram ? Men meg små evner hos meg til å lesa Gotisk, så strander det der og …. 
 

Seier tusen takk for meir hjelp !

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 hour ago, Jon Sværen said:

Og eg kan ikkje sjå Bernt som èin av ongane til desse to som du Sven har notert i Ættabokji for Gaular, 6 B side 518.

??????????

Men det er då god plass til han mellom Anders fødd 1757 og Mads fødd 1764 - eit urimeleg langt tidsrom mellom desse borna?

 

bilde.png.5d4fdf97132e07ebd47eb9ea9b09bb7f.png

Endret av Jostein Stokke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kyrkjebøkene for Gaular byrjar ca. 1755, og det er ein lakune frå ca. 1761 til 1763 på grunn av at presten vart sjuk og døydde. Hadde det vore skifte etter Bendik og/eller Brita hadde ein hatt fasit.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jostein og Torbjørn: Takk til dykk begge to !

 

Jostein: Avstand frå Anders i 57 og til Mads i 64 = 7 år. Og det er eit godt poeng !

 

Torbjørn:  Då kjem forklaringa på kvifor ingen døypte i akkurat den perioden.

 

Var ein ikkje svært så bunden på navn i dåpen «før i tida» ? Og ingen av dykk reagerer på kvifor Bernt f 1762 ikkje kalla nokon av døtrene sine for mor si navn ?

Og at Anders ikkje er aktuelt som navn på gutane han får ?

 

——--

Det er Mogelig at svaret er slik som Jostein kom fram til, og som Torbjørn viser:  Er ikkje ført pga Presten var sjuk.

 

Eg var i stuss pga mor ikkje blei opptatt-kalla ……..

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 8.4.2022 den 15.31, Leif B. Mathiesen skrev:

Elste datteren er døpt  12. 01 -1787.  Kan faddere gi en løsning?

Sogn og Fjordane fylke, Sande, Viksdalen (Vik), Bygstad i Gaular (Indre Holmedal), Ministerialbok nr. A 2 (1785-1821), Kronologisk liste 1787, Side 9
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270159
 

 

 

16 timer siden, Jon Sværen skrev:

Eg har ikkje kunnskap til å lesa desse kråke-tærna (les: gotisk skrift). 

 

992233453_Utennavn.thumb.jpg.cdaf24538482d0e16023dff2b33d04d6.jpg

 

Den 2de Januar copuleret Ungkarl Berent Bendixsen Yndestad og Pigen Johanna ErichsDatter Noss.

Den 12te Januar: døbt Kari Berents Datter Noss, født den 10de Januar. Testes: Anders Undelænde. Gunner Andersen Hatlebrekke. Andes yttre-Lundes hustrue. Martha BendixDatter Yndestad. Alitha AndersD: Hatlebrekke.

 

(Forresten er vel dette latinske bokstavar, og ikkje gotiske?)

 

Marte Bendiksdtr. må vere den same som i bygdebokutsnittet ovanfor. (Syster til Bernt Bendikson)?

Anders Ytre-Lunde. Er han identisk med Anders Bendikson f. kr. 1757 og d. 1819 på Lunde, jf. bygdebokutsnittet?

Kva for ein Anders kan vere far til Gunnar Andersson Hatlebrekke og/eller Alis Andersdtr. Hatlebrekke, og kan dette vere slekt til ein av foreldra til Bernt Bendikson?

 

Eg legg elles merke til følgjande detalj: I følgje bygdebokutsnittet ovanfor hadde Bernt Bendikson Yndestad (gitt at han høyrer til i denne syskenflokken) broren Sjur Bendikson som vart g. 1790 med Marte Eriksdtr. Nos. Det må vel vere syster til kona til Bernt? Slike "syskenbyte" var vanlege i Sunnfjord.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 8.4.2022 den 14.32, Jon Sværen skrev:

På side 591, i Ættabokji for Gaular, band 5, Sande, ser ein Bernt Bendikson f 1762 på Yndestad og død 1827 på Nos.

 

354024910_Utennavn.jpg.af0d014ea0903b5411460e77d1072350.jpg

 

17 timer siden, Jon Sværen skrev:

Då Bernt f 1762 stifter familie sjølv og får døtrene Kari, Eli og Orlaug, men ikkje Birthe, navn til mor ???

Begge foreldra har ANDERS, men ikkje nokon Anders som son til Bernt f 1762 ifølge Ættabokji.

 

13 timer siden, Jon Sværen skrev:

Var ein ikkje svært så bunden på navn i dåpen «før i tida» ? Og ingen av dykk reagerer på kvifor Bernt f 1762 ikkje kalla nokon av døtrene sine for mor si navn ?

Og at Anders ikkje er aktuelt som navn på gutane han får ?

 

Begge foreldra til Johanne (Erik og Kari) er oppattkalla. Dessutan er far til Bernt, Bendik oppattkalla.

Eg er einig i at det burde ha vore ei Brita i syskenflokken, men i staden kjem Orlaug, f. 1/1 1790:

Sogn og Fjordane fylke, Sande, Viksdalen (Vik), Bygstad i Gaular (Indre Holmedal), Ministerialbok nr. A 2 (1785-1821), Kronologisk liste 1790, Side 22
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270172
Men ingen regel er vel 100%.

 

(I teorien kan det også ha vore ei dotter mellom desse, som i så fall truleg ikkje har vore innført i kyrkjeboka).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.