Gå til innhold
Arkivverket

Død i Amerika – melding til norske styresmakter – finne fram i materialet?


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Farbror til mor mi, Stein Høljesson Lurås fødd 27. mai 1880 i Tinn,  blei borte i Amerika etter 1910/1911 ein gong, emigrasjon 1901, siste registrering er i Denver, Colorado i 1911 (City Directory: Stein Luraas rms 1107 17th (X street?)

 

På same adresse er Chistopher Luraas, også rms 17th. Han er tvillaust identisk med broren Kristen Høljesson Luraas. Kristen Luraas døydde i Wisconsin i 1978.

 

Generasjonen til mor mi snakka mykje om denne forsvunne farbroren, kva hadde skjedd? Steins bror Kristen og to andre brør, alle etterkvart busette i Wisconsin, visste kanskje. Kanskje visste også norske sysken av Stein, min besteforeldregenerasjon, beskjed. Men slik informasjon er i så fall ikkje gjeven vidare. 

 

Å leite etter dødsfall i USA er ingen spøk, med så mange statar, og dessutan med så mange ulike måtar så skrive namnet på. Ja, dersom han i det heile blei identifisert ved dødsfallet. 

 

Men var han identifisert ved dødsfall og dessutan norsk statsborgar reknar eg med at det gjekk melding til norske styresmakter ved Utanriksdepartementet har eg lese for lenge sidan. 

 

I så fall må eg vel møte opp på lesesalen i Riksarkivet, og det er greit. 

 

Nokon har heilt sikkert gjort dette før meg, så derfor spør eg om korleis det er å finne fram i dette materialet, og kva skal eg spørja etter?

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

The U.S., Evangelical Lutheran Church in America, Swedish American Church Records, 1800-1947

Name: Stein H Luraas
Death Age: 34
Event Type: Burial
Birth Date: abt 1880
Death Date: 23 Aug 1914
Death Place: Greeley, Weld, Colorado, USA
Burial Date: 29 Aug 1914
Burial Place: Immanuel Lutheran Church, Greeley, Weld, Colorado, USA
Church: Immanuel Lutheran Church

 

Luraas 1914 Col.jpg

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 4
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dødsdato er oppgitt til 23.08.1914:

 

U.S., Evangelical Lutheran Church in America, Swedish American Church Records, 1800-1947 - Ancestry.com

 

Name: Stein H Luraas
Death Age: 34
Event Type: Burial
Birth Date: abt 1880
Death Date: 23 Aug 1914
Death Place: Greeley, Weld, Colorado, USA
Burial Date: 29 Aug 1914
Burial Place: Immanuel Lutheran Church, Greeley, Weld, Colorado, USA
Church: Immanuel Lutheran Church
Endret av Frank Marton Pedersen
  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har forsøkt å finne avisutklipp (newspapers.com) i perioden 1910 - 1915 som kan forklare hva som skjedde med Stein. Finner ingenting... (kanskje er det meg som ikke finner frem).

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men dette er da over alle grenser "gledeleg" nytt. Eg har spurt i forumet minst eit par gongar før for atskillige år sidan utan at det da var mogeleg å finne han. No har me da iallfall dødstidspunkt og stad. Det er gull verdt for å finne den endelege lagnaden til Stein.

 

Så vonar eg at han framleis var norsk statsborgar. Da må det ha gått melding til Noreg, og han burde vera å finne i norske arkiv.

 

Eg er mykje takksam, Egil og Frank, for at de fann han! 

 

Foto av brørne frå venstre mot høgre: Halvor H. (1868–1939), Kristen H. (1886–1978), Besse H. (1875–1954) og Stein H. Luraas (1880–1914).

 

Biletet er teke i Amerika etter mars 1906, da sistemann emigrerte.

Luråsbrørne2.jpg

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Stein ble gravlagt på Immanuel Lutheran Church i Greeley. Et langskudd kan være å kontakte denne menigheten, kanskje har de ytterligere informasjon rundt dette dødsfallet? Det var "kun" 6 begravelser her i 1914.

 

ELCA Lutheran Church | Immanuel Lutheran Church Greeley | Colorado (immanuelgreeley.org)

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Frank Marton Pedersen skrev:

Stein ble gravlagt på Immanuel Lutheran Church i Greeley. Et langskudd kan være å kontakte denne menigheten, kanskje har de ytterligere informasjon rundt dette dødsfallet? Det var "kun" 6 begravelser her i 1914.

 

Det spørs nok om ikke det er Stein som er gravlagt på Linn Grove Cemetery, Greeley, Weld County med navnet Stom Luross. Dødsdatoen hos FAG er feil, ser man på gravstenen så står det 23-8-1914.

 

FAG - https://www.findagrave.com/memorial/65227566/stom-luross

Stom Luross

BIRTH 1880
DEATH 29 Aug 1914 (aged 33–34)
BURIAL Greeley, Weld County, Colorado, USA
PLOT Blk 7, lot 40, spc 215

 

 

1914 luross.jpg

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 4
Lenke til kommentar
Del på andre sider

The Colorado, U.S., State and Federal Naturalization Records, 1868-1990

Name: Stone Luross
Naturalization Age: 28
Relation to Head: Head
Record Type: Naturalization
Birth Date: 27 May 1880
Birth Place: Tinns Ostbygd, Norway
Naturalization Date: 1908
Naturalization Place: Denver, Denver, Colorado, USA

PET NAT 1908.jpg

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Spennende!

 

Siden Stein ble amerikansk statsborger (ref. Petition over som Egil fant) blir jeg overrasket om det ble sendt melding til embetsverket/Utenriksdepartementet i Norge om dødsfallet hans. 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Egil Johannessen skrev:

 

Det spørs nok om ikke det er Stein som er gravlagt på Linn Grove Cemetery, Greeley, Weld County med navnet Stom Luross. Dødsdatoen hos FAG er feil, ser man på gravstenen så står det 23-8-1914.

 

FAG - https://www.findagrave.com/memorial/65227566/stom-luross

Stom Luross

BIRTH 1880
DEATH 29 Aug 1914 (aged 33–34)
BURIAL Greeley, Weld County, Colorado, USA
PLOT Blk 7, lot 40, spc 215

 

 

1914 luross.jpg

Jeg har lagt inn forslag til oppretting av dødsdatoen.

 

DTH

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er heilt "månebedotten" over detektivarbeidet som er utført dei siste timane. Mange, mange takk!

 

Eg ser av Google-kartet at Immanuel-kyrkja ligg om lag 4 kilometer rett vest for Linn Grove Cemetery. Det er ikkje spor av gravplass nær Immanuel, så truleg har da gravferdsseremonien skjedd her og gravlegginga på Linn Grove Cemetery. Nokon har reist ein gravstein på grava, neppe nær slekt sidan Stein/Stone er blitt til Stom, men Luraas er jo ikkje så gale amerikanisert til Luross.

 

Elles ein viss logikk i at Stein er blitt Stone (eg hadde heller trudd Stin/Stine) slik han sjølv(?) har skrive på søknaden om statsborgarskap.

 

Ein "petition" om statsborgarskap er vel ein søknad som så blir behandla før statsborgarskap eventuelt blir tildelt. Eg meiner å ha vore borti at det kan gå lang tid mellom søknad og tildeling. Men truleg var ikkje "Stone"s petition vanskeleg å avgjera. Det står "Naturalization" og 1908 over kopien av "Petition"-papiret, men om statsborgarskap så blei tildelt straks og i 1908 er ikkje klart for meg. Ser heller ingen dato på "Petition"-dokumentet.

 

Takk til Dag som har bede Findagrave om å rette dødsdatoen.

 

Skjermbilde 2022-04-12 kl. 11.18.51.png

Endret av Anfinn Bernaas
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 minutter siden, Anfinn Bernaas skrev:

Elles ein viss logikk i at Stein er blitt Stone (eg hadde heller trudd Stin/Stine) slik han sjølv(?) har skrive på søknaden om statsborgarskap.

 

Han har skrevet Stone på PET søknaden.

 

13 minutter siden, Anfinn Bernaas skrev:

Ein "petition" om statsborgarskap er vel ein søknad som så blir behandla før statsborgarskap eventuelt blir tildelt. Eg meiner å ha vore borti at det kan gå lang tid mellom søknad og tildeling. Men truleg var ikkje "Stone"s petition vanskeleg å avgjera. Det står "Naturalization" og 1908 over kopien av "Petition"-papiret, men om statsborgarskap så blei tildelt straks og i 1908 er ikkje klart for meg. Ser heller ingen dato på "Petition"-dokumentet.

 

Ved vitnenes underskrifter er det innført en dato, Oct 1-1908 (se bildevedlegg).

 

Gjengir forøvrig prosessen mht. Nauralisering; https://www.archives.gov/research/immigration/naturalization

In general, naturalization was a two-step process* that took a minimum of five years. After residing in the United States for two years, an alien could file a "declaration of intention" ("first papers") to become a citizen. After three additional years, the alien could "petition for naturalization" (”second papers”). After the petition was granted, a certificate of citizenship was issued to the new citizen. These two steps did not have to take place in the same court.  

 

PET NAT 1908 ii.jpg

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Påfølgende side av ovennevte dokument så står det følgende; "Facts for Petition" "Filed Oct 11 1913".

 

Det er vel da trolig at han ikke var blitt naturalisert (statsborger) i USA da døden inntraff i 1914 (jeg finner ingen fler dokumenter mht. Stein i Colorado, U.S., State and Federal Naturalization Records, 1868-1990).

 

PET NAT 1908 iii.jpg

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Egil Johannessen skrev:

Legger inn lenke til Weld County, Dep of Health hvor du kan søke om dødsattest - https://www.weldgov.com/Government/Departments/Health-and-Environment/Birth-and-Death-Certificates

 

Servert på eit sølvfat, så dette må eg fylgje opp. Skal oppdatere når eg har noko å melde i så måte!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...

Eit halvår er gått, og eg har nytt å melde: Eg har fått tilsendt dødsattesten for Stein H. Luraas! 

 

Egil Johannessen gav meg nettadressa til Weld County, Dep. of Public Health and Environment. Etter lang førebuing frå meg sende eg avstad eit brev i konvolutt med utfylt nedlasta skjema, som ikkje var heilt skreddarsydd til min førespurnad, så eg la ved eit følgjebrev og ganske mange vedlegg for å stadfeste kven eg var og min relasjon til Stein H. Luraas. 

 

Dryge tre veker seinare er dødsattesten postlagt i Colorado, og eg fann han i postkassa mi ei veke etter det igjen. Altså ein månad i alt. 

20 dollar trekt frå Visa-kortet mitt.

 

Eg legg ved foto av dødsattesten nedafor: "Stone Luross". Attesten viser at Stein døydde 23. august 1914 av blødningar og tyfoidfeber på Weld County Hospital etter 22 dagars sjukehusopphald. Altså ikkje ei ulukke og heller ikkje resultat av ei kriminell handling. 

 

Legen som har skrive ut attesten har vore særs summarisk når det gjeld kor Stein kom frå og om hans foreldre. "Unknown" heile vegen! Så heilt ukjent kunne det likevel ikkje ha vore sidan han ved gravlegginga få dagar seinare ved Immanuel Lutheran Church på korrekt norsk er ført som "Stein H. Luraas". Han er gjennomgåande ført som "Farmer" og ut frå "Petition for Naturalization" datert i 1908 og 1913 går det fram at han har halde seg i same område i årevis. Norskklingande namn er vitne.

 

No er det noko uklart om statsborgarskapssøknaden hans nokon gong gjekk igjennom. Likeså er det uklart om han etterlet seg eigedom eller annan formue. I fall ja skulle ein tru at skifteretten kom inn i biletet. Blei det sendt melding om dødsfallet til norske styresmakter, og korleis finn ein ut av det?

 

Både mora og faren var døde hausten 1914, men Stein hadde 8 sysken i live, 3 av dei i Amerika.

 

@Dag T. Hoelseth

@Egil Johannessen@Frank Marton Pedersen

 

IMG_8110-kopi.JPG

Endret av Anfinn Bernaas
  • Liker 5
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Anfinn!

 

Flott at du fikk dødsattesten hans fra Weld County 😊!

 

Jeg har sjekket litt mer i USA for å se om det kunne finnes noe skifte der etter ham, men kan ikke finne noe. Finner heller ikke noe i avisene mht. det og dødsfall. Mulig det kan stå noe i en liten lokalavis som ikke dekkes av NewspapersCom og GenealogyBank.

 

Utifra dødsattesten så kan det jo virke som man ikke kjente til så mye til ham, foreldre, f. sted (informanten Mrs. Knutson). Litt rart at man ikke hadde kontaktinformasjon til brødrene som var i USA?

 

Om det ble sendt melding om dødsfallet til Norge synes jeg er vanskelig å svare på....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til alle som her hjelpt til så langt. 

 

Men eg reknar meg ikkje som i mål.

 

Kanskje må eg skrive til Court House i Weld County og be dei gjere oppslag i the probate/estate papers (usikker på nemningane her!) som mogelegvis er arkivert etter Stein H. Luraas.

 

For mange år sidan var eg inne i eit landleg court house i Wisconsin på jakt etter nettopp slike dokument etter tipp-tippoldefar min. Han hadde eigedom. Eg blei vist inn i eit arkivrom og så overlaten til meg sjølv. Heilt uforsvarleg. Det var berre å ta seg "til rette", noko eg ikkje gjorde og ikkje hadde nokon interesse av. Men eg fann lett det eg var på utkikk etter, og det var ei skattkiste av dei store. Alle dokumenta blei lagde på plass att!

 

Eg har også for mange år sidan tilfeldig kome over melding til lokale styresmakter om avlidne i Amerika og arv etter dei ved gjennomsyn av protokollar på lesesalen i Statsarkivet på Kongsberg. Men kva for protokollar, lensmann eller skifterett, kan eg ikkje hugse! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er eg også overtydd om, d.v.s. at det har gått melding til norske styresmakter. Kva slags arkivmateriale var det du du fekk utlevert? Protokollar? Mapper med dokument?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.