Gå til innhold
Arkivverket

SF: Hyllestad - Atle Hansson Øn (1617-1697) - Kvar har bygdeboka desse opplysningane frå?


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Hyllestad bygdebok, bd. 1, side 237:

 

2019101256_Utennavn.jpg.a999819c62b098a981b209eb5d503920.jpg

 

https://www.geni.com/people/Atle-Øen/6000000184286134826

 

Det eg lurer på er korleis bygdeboka har komme fram til det som står om Atle Hansson. Sidan det ikkje finst kyrkjebøker for området (Askvoll) før 1706 skulle ein tru at ein må ha funne skifte som viser dette, men eg finn ingen skifte etter verken nokon Atle Hansson eller Gjertrud Endresdtr. i skifteprotokollane for Sunnfjord.

 

Det er skifte etter Nils Atleson Vik (1656-1701). Då er ein i Holmedal i Fjaler (frå 1990 i Askvoll kommune). Nils var g. med Orlaug Lassedtr. (-1695) (Skifte), men ekteskapet var barnlaust. Nils vart attgift med Kirsten Gjertsdtr., og dei fekk borna Ole Nilsson f. 1696 og Jens Nilsson f. 1699. Formyndarar var farbrørne, Jørgen Øen og Anders Øen. Kirsten Gjertsdtr. må ha blitt attgift med Truls Østenson f. 1675, og ein finn han saman med "sønene" Ole og Jens Nilsson på Vik i MT1701.

 

På Øn finn ein i MT1666 Atle f. 1617. Han har sønene Nils Atleson f. 1656 og Anders f. 1658. I MT1701 finn ein att Anders Atleson med tenaren Nils Johanson, f. 1685 i Fjaler. Ingen søner er nemnde. Ein finn derimot ingen Jørgen Atleson. Derimot finn ein Jørgen Johanson, f. 1641. Han har to tenarar, men ingen søner. Det er ikkje kjent kvar denne Jørgen Johanson er i 1666. Det er freistande å tru at dette då må vere halvbror til Anders og Nils Atlesøner. Men bygdeboka (side 246) vil derimot ha det til at han truleg var frå Østerbø i Lavik.

 

Så finn eg Ole Pederson Vårdal (1606-1683) i Holmedal (Skifte) g. med Brita Atlesdtr. (-1686) (Skifte).

https://www.geni.com/people/Brita-Vårdal/6000000184290537978

Sønene Ole Olsson og Atle Olsson er fødde høvesvis 1646 og 1652, jf. MT1666. Brita Atlesdtr. må vere fødd ca. 1610-1620, og dermed altså omtrent jamngammal med Atle Øen, som i følgje bygdeboka for Hyllestad skulle vere far hennar. Opplysninga i bygdeboka kan såleis umogeleg vere rett. Derimot er vel truleg Brita Atlesdtr. dottera til den Atle som i følgje bygdeboka for Fjaler (bind 1, side 32) var brukar på Vårdal ytre i åra 1608-1612.

 

Så kvar har bygdeboka for Hyllestad desse opplysningane frå? Finst det noko kjelde som viser Atle med patronymet Hansson? Kva er kjelda til at fyrste kona skal ha døydd 1675? Finst det noko kjelde som viser at han var attgift med Gjertrud Endresdtr. Hovland? Finst det noko skifte eller anna kjelde som viser at han døydde i 1697, eller har ein berre sett at han er oppført som brukar i skattelistene til ca. 1683 (ikkje sjekka), og at (sonen) Anders er nemnd som brukar i skattebenådningslista for Svanøybirket 1698 (ikkje sjekka), og så berre teke ut frå lause lufta at han døydde 1697? Er Jørgen Johanson halvbror til Anders og Nils Atlesøner, og stemmer det som står i bygdeboka om at han truleg var frå Østerbø i Lavik?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 18.4.2022 den 19.24, Torbjørn Igelkjøn skrev:

men eg finn ingen skifte etter verken nokon Atle Hansson eller Gjertrud Endresdtr. i skifteprotokollane for Sunnfjord.

 

???

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000520205

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 2b (1707-1719), Skifteprotokollside, Side 437b-438a
https://media.digitalarkivet.no/view/24156/122

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Grethe Flood skrev:

 

???

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000520205

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 2b (1707-1719), Skifteprotokollside, Side 437b-438a
https://media.digitalarkivet.no/view/24156/122

 

Her er det snakk om ein Hovland-gard i Lavik i staden for i Askvoll. Skiftet nemner heller ikkje nokon son som heitte Hans. Dette må vere feil person, men det var pussige samantreff i namn og årstal.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.