Gå til innhold
Arkivverket

SF: Referat frå bygdeting 1729 - Er dette eit fragment frå tingbøkene for Sunnfjord?


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Det finst ikkje tingbøker frå Sunnfjord i perioden kring 1729, men bygdeboka for Gaular omtalar likevel ei sak frå denne tida (side 457-458):

http://www.nb.no/items/2fed148ab682b803c694516275988c4d?page=457

 

I følgje bygdeboka vart det levert inn nokre lausark til SAB i 1916. Er det mogeleg å få vite kvar desse lausarka kom frå då dei vart leverte inn? Er dette eit fragment av tingbøkene, og kan det evt. leggjast ut saman med dei skanna tingbøkene?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette materialet har tidlegare vore etterspurt utan at vi fann tilbake til det. Truleg dreier dette seg om arkivmateriale som kom inn frå dottera til ein avdød ansatt ved statsarkivet i 1916. Det dreia seg om ei heil rekke med arkivsaker og desse har sannsynlegvis etterkvart blitt ordna inn i dei arkiva som dei har sett ut til å tilhøyre. Eg har ikkje funne arkivmaterialet igjen i sjølve avleveringslista, men tenker at dette er den mest sannsynlege forklaringa. Om du ynskjer å studere avleveringane til Statsarkivet i Bergen(registranten) i 1916, så er den tilgjengeleg via lesesalen vår.

 

I hovedoppgåva til R. Botheim blir same trolldomssak omskriven, der er det referert til «Skrivelser mellom Stiftamtmannskrivar W. Hansen, Stiftamtmann W. A. v. der Osten, og futen i Sunnfjord.» Det skulle tyde på at stoffet befinn seg enten i Stiftamtmannsarkivet eller fute-arkivet. Altså har det truleg vore referat frå tinget, og ikkje sjølve tingboksidene det dreiar seg om.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.