Gå til innhold
Arkivverket

jordegods til Bergen kongsgard


Liv Karin Flolid Lien
 Del

Recommended Posts

Hei!

 

Flolid gard høyrde til Bergen kongsgard frå gammalt av. "Ei liste over jordegodset til Bergen kongsgard i 1519 viser at brukaren heitta Eirik og betalte 2 mk."

 

Eg vil gjerne finne seinare liste over jordegodset til Bergen kongsgard.  Kor finn eg det?

 

Mvh Liv
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Liv Karin Flolid Lien skrev:

Flolid gard høyrde til Bergen kongsgard frå gammalt av. "Ei liste over jordegodset til Bergen kongsgard i 1519 viser at brukaren heitta Eirik og betalte 2 mk."

 

Eg vil gjerne finne seinare liste over jordegodset til Bergen kongsgard.  Kor finn eg det?

 

Det vert nokre spørsmål her ...

Først: kvar er sitatet henta frå? 

Dinest: - er det rett oppfatta? Kan det vere snakk om kongens jordegods i Bergen len?

 

Sitatet viser kanskje til dette: https://www.digitalarkivet.no/view/89/pt00000000062107

Men det står svært lite om kva dette er for noko. Det ser ut til at alle bønder i Gulen er med - altså ikkje noko om kongsgods eller kongsdard-gods.

 

I tydeforumet  https://forum.arkivverket.no/topic/295573-tyding-av-dokument/?do=findComment&comment=2399377

las vi at i futerekneskapen 1661 heiter det at "Kongen eier och B.  [bygger, bygsler] "

 

Sannsynlegvis er det ført som kongsgods i skattelistene før det også (altså ikkje noko særskild tilknytning til Bergen kongsgard - kva som enn er meint med det).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sitatet er henta frå "Gulen i gammal og ny tid" av Ivar Kleiva.

Mange gardar i Gulen er nemnd på same måten "Ei liste over jordegods....

De dansk-norske krigene på 1600-tallet slet hardt på krongodset. Rundt 1663 ble kong Frederik III nødt til å selge eller pantsette over halvparten av sitt krongods for å dekke statlig gjeld, til en pris godt under vanlig takst. Wikipedia

Det eg lurer på:

Kvar finn eg skattelistene med kongsgods ? 

"Kongen eier och B.  [bygger, bygsler] " kor lenge varde det?

 

 

Mvh Liv

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 minutter siden, Liv Karin Flolid Lien skrev:

Sitatet er henta frå "Gulen i gammal og ny tid" av Ivar Kleiva.

Mange gardar i Gulen er nemnd på same måten "Ei liste over jordegods....

https://www.nb.no/items/bbba00516823d06898ea77ef9bbd4b3c?page=375&searchText="Gulen i gammal og ny tid"

Det er nok meint den lista som statsarkivet i Bergen har skrive av (som eg viste til). Det er skatt til kongen (samla inn til kongsgarden); men det er klart at ikkje alle er kongsgods. Flolid kan likevel vere kongsgods.

Den same boka nemner (s. 372) at "kring 1715 kjøpte sokneprest Stabel garden", og (s. 374) "Gjertrud de Fine åtte heile Floli så seint som i 1705"  - men dette har du sikkert sett?

Det er ikkje sikkert det finst lett tilgjengeleg kunnskap om kva tid kongen selde garden.

 

Skattelister finn du i lensrekneskapa til 1661,

https://www.digitalarkivet.no/search/sources?page=3&s=&from=&to=&format=all&archive_key=&st[0]=LERE&m[0]=1301

deretter i Stiftsamtsstove-rekneskapa  til 1690

https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=Bergen&from=&to=&format=all&archive_key=&st[]=SARE

og så i futerekneskapa (på DA til 1721)

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skattelista frå 1519 er her:

Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Lensregnskaper, RA/EA-5023/R/Ra/L0007: Bergenhus len, 1519-1520
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk10041008251026

"Eriick pa Flodlid" står på nest siste linja.

 

Det er kalla for "tomarksskatten" og vart lagd på alle bønder.

Litt omtale her:   https://forum.arkivverket.no/topic/86845-884-noregs-eldste-skattemanntal/

 

Skatten er ført som innetekt i lensrekneskapen, og har ingenting med kongsgods å gjere.

Han har ikkje noko med kongsgarden å gjere heller, anna enn at dette var residensen for lensherren som tok i mot skatten og førte rekneskapen.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Hei! Treng fortsatt hjelp til tolking. Kva står i overskrifta her.

Takkar for svar!

Mvh Liv

 

Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Lensregnskaper, RA/EA-5023/R/Rb/Rbt/L0087: Bergenhus len, 1640-1641

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080903680539Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Lensregnskaper, RA/EA-5023/R/Rb/Rbt/L0087: Bergenhus len, 1640-1641

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080903680540

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Kong. Maiets.

Jorde och Leedings Boeg Offuer

Nordhordleen, og Stigtens Godz

Paa Vaass, i Bergengusleen

Beliggende, Beregnit Fra

Phillippi Jacobi dag i 1640

och til Aarsdagen igen,

Anno D. 1641."

 

Pillip og Jakobs dag er 1. mai.

 

"Kronnens och Stigtens Land-

schyld offuer Nordhordllen og Vaas,

Beregnit fra Phillippi Jacobi Dag 1640

och til Aarsdagen igien Ao. 1641."

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.